No treng Bergen eit bomkompromiss

Roger Valhammer (Ap) må ta bomopprøret på alvor.

Publisert: Publisert:
Morten Myksvoll
Kommentator i BT

MÅ TA ANSVAR: Bomopprøret som skapte FNB kom ikkje av seg sjølv, og det vil neppe forsvinne av seg sjølv heller. No må Ap ta ansvar for å ta byen vidare frå bybane- og bompengekranglinga, skriv Morten Myksvoll. ILLUSTRASJON: MARVIN HALLERAKER.

Når sjokkbølgjene har lagt seg, er det på tide å ta inn realitetane etter måndagens val. Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) kom frå ingenting og vart tredje størst. Trass i valskredet, kan dei ende utan makt.

Arbeidarpartiet kan nemleg finne eit breitt fleirtal i sentrum og på venstresida.

Det vert nok vanskeleg å samle seks parti om alle politikkområda i Bergen. Men på eitt område bør Roger Valhammer (Ap) prøve å samle endå fleire.

Bomopprøret som skapte FNB kom ikkje av seg sjølv, og det vil neppe forsvinne av seg sjølv heller. Ap har tapt mange veljarar til dette partiet. Skal dei ha eit håp om å få desse veljarane tilbake, må ein ta FNB på alvor.

Les også

Avhengig av Bryggen-motstandere for fortsatt byrådsmakt

Bompengar og Bybanen er polariserande saker som rir byen som ei mare, og som aldri ser ut til å ta slutt.

Skal ein klare å få tida til å gå vidare i Bergen, krev det kløkt. Valhammer har sjansen til å vise statsmannskunst i Bergen – eller kommunemannskunst om du vil.

MÅ SNAKKE: Trym Aafløy (FNB) og Roger Valhammer (Ap), Harald Victor Hove (H) og Thor Haakon Bakke (MDG) (frå v.) bør snakke saman om bompengar og Bybanen no når valet er over. Foto: Eirik Brekke (arkiv)

Eit Ap-leia byråd kan sjølvsagt satse på at FNB smuldrar opp i perioden, men då gamblar ein òg med Bybanens framtid.

For det er ikkje sikkert Bybanen overlever neste val, dersom protestane berre får bygge seg vidare opp.

Då er det betre å hente fram det beste norsk lokalpolitikk har å by på: breie kompromiss.

Høgre og Ap har stått saman om bybanebygging og bompengar før. Frp, KrF og Venstre har òg vore med. Det bør skje igjen, og alle bør vere invitert – til og med FNB.

Trym Aafløy (FNB) har lagt seg på ei steil line etter valsuksessen, så det er langt frå sikkert at eit kompromissforsøk fører fram. Nektar Aafløy å prate med Valhammer, tyder det på at FNB ikkje er interessert i å påverke politikken den neste perioden.

Det er jo interessant å få avklart.

Går partia inn i reelle diskusjonar om bompengane, har Aafløy eit ganske enkelt krav: Han vil ha vekk ytre bomring. Dette kravet kostar 200 millionar kroner årleg.

Andre parti har dyrare krav.

Bergen Venstre har allereie opna for å bruke kommunale pengar på Bybanen. Vrir ein litt på prinsippet deira, og bruker pengane på å redusere bompengane litt, kan ein kome i mål.

Les også

KrF-topper holder døren på gløtt for bybanetunnel: – Hvis vi taper, så lever vi med det

Bompengane er – av den grunn – ikkje det vanskelegaste kravet å oppfylle for FNB. Aafløys parti vil nemleg stoppe bybaneutbygginga. Det er sjølvsagt uaktuelt for dei fleste partia.

Men FNB kan ikkje diktere dette kompromisset. Dei er trass alt ikkje størst, og dei har ikkje eit fleirtal. Dersom FNB skal gå over frå å vere ei rein protestliste, må dei jakte gjennomslag der dei kan.

Ein bybanestans får dei aldri – men dei kan få reduserte bompengar.

Eit betydeleg kutt i (eller fjerning av) ytre bomring blir vanskeleg for Aafløy å takke nei til. Gjer han det likevel, er det FNBs eige val å ikkje redusere bompengane. Det er ein krevjande bodskap å få ut til veljarane sine.

Ap treng ikkje dette kompromisset på kort sikt. Roger Valhammer kan stable eit svakt byråd på beina og styre vidare. Men bygginga av Bybanen går langt utover valperiodane.

Det tryggaste vil vere å snakke saman, og prøve så langt det er mogeleg å bli einige.

Publisert: