Etter årevis med prat er norsk havvind i ferd med å bli verkeleg

Torsdag i førre veke opna byrådsleiar Rune Bakervik kontrollrommet for Hywind Tampen. Dermed er det norske havvind-eventyret i gang.

Ingeniørane og fagarbeidarane står klare. No trengs berre ein haug nye kraftbyråkratar.

Publisert: Publisert:

Norske olje- og industriselskap står i kø for å for å byggje vindmøller i Nordsjøen. Teknologien finst allereie. I førre veke opna Equinor den første flytande havvindparken på norsk sokkel, den største i verda, Hywind Tampen.

Problemet er at den politiske kverna har mjøle for sakte i mange år. Vi er bakpå.

Tysdag kom nok ein rapport som viste at regjeringa ikkje er nær å nå sine eigne klimamål. Noreg vil neppe klare å kutte utsleppa med 55 prosent innan 2030, slik regjeringa nyleg lova FN.

Les hele saken med abonnement