Ørkenbunad

Asbjørn Kristoffersen

Bjørn Erik Larsen

Dei aller frommaste blant oss stramar berre det svarte skautet over hovudet og sopar bort den bergenske ørkensanden med det subbeside skjørtet. Varmt skal varmt fordriva. Dei aller mest frivole hipsar berre opp tangatrusa og slepp sommarkroppen fri. Varme skal flesk bruna.

Vis meg solfaktoren din, og eg skal seia kven du er.

Ein gong var brunt fattigmannsfarge. Bleikrosa viste at velberga folk ikkje trong utsetja seg for vêr og vind og solsteik, korkje i Balestrand eller på Madagaskar. Først då dei velberga fann på å driva utagerande hopp og sprett i friluft, vart det stas med brunt. Då vanlege arbeidsfolk kunne leggja seg i germanargrillen i Syden, vart brunt vulgært. Dei velberga brukar faktor 35. Minst. Og solparasoll. Nett som store kvite dame og store kvite mann i tropane alltid har gjort.

Gamlingar kan mimra om dei gode gamle 1980-åra, då byens parkar var flolagde av solbrente puppestell. Aldrande sekstiåttarar og folk som meinte å hugsa at dei hadde vore hippiar i ungdomen, kunne finna på å bada nakne frå kaiar og svaberg. Minikidza sprang ikring på offentlege badeplassar utan behå og badebukse, slik den typen iskremforbrukarar alltid hadde gjort nord for tran-og vitamin d-sirkelen. Det fanst folk som aldri hadde smakt pizza. Det fanst folk som smurde seg inn med niveakrem og vaselin. Mange hadde aldri sett nokon i svart skaut og svart skjørt i tretti graders varme. Mange hadde aldri opplevd noka hetebye.

Eg sveittar, eg sveittar, eg trur eg er hamna på feil breiddegrad. Det var aldri meininga at sotrabunad skulle bli for varm på ein allminneleg konfirmasjonssøndag. At ein gamling brukte tangatruse i Marken på ein alminneleg måndag, som om han var på handletur på ein kanaristrand i dei gode, gamle åttiåra. Før folk forstod at det var bleik hud som varer lengst. At bufaste i tropane ikkje soler seg og slepp å drikka tran. Gamle sommarkroppar passar best i skuggen.