Pass deg for toget, Frp

Det går eit pridetog langs vestlandskysten. Halve Frp står igjen på stasjonen.

Pride and prejudice: I helga var fleire tusen stordabuar med i tidenes fyrste pride-tog på Stord. Fremst i toget gjekk ordførar Gaute Epland (Ap) og 16-åringen Tara Wiers Kvamme frå Stord Sosialistisk Ungdom. Kari Mendelev von Svanberg, Stord24

Jens Kihl
Kommentator

Denne sommaren har pride-toga for alvor kome til Vestlandet utanfor storbyane. Gjesdal, Haugesund, Ørsta/Volda, og sist helg Stord, har i år sett sine første pride-paradar. I tillegg kjem festivalane i Stavanger og Bergen.

Det er godt nytt for skeive på bygda – og kanskje dårleg nytt for Frp.

I helga feira tusenvis av sunnhordlendingar Storapride. For få år sidan var det nok litt utenkjeleg at eit tog som hyllar skeiv kjærleik, skulle konkurrere med 17. mai-toget i Leirvik om å vere årets største. Tidene skiftar.

Avisa Sunnhordland skriv i sin leiar «Fargerikt folkehav», at dei vil nytte høvet til å hylle «fridomen, kjærleiken, mangfaldet, fellesskapet og ytringsfridomen». Dei peikar òg på kva dei trur er grunnen til den store mobiliseringa: Ein pride-festival på Stord er framleis ikkje ukontroversielt.

Lærar Jens Thoresen, som òg er pastor i Kristkyrkja på Stord, meinte arrangementet var å «hytte knyttnevane» mot Gud. Tretti kristne signerte eit opprop i Sunnhordland. Likevel viser deltakinga at pride-arrangørane har stor støtte òg utanfor storbyane.

Thoresen fekk tydeleg svar. Stortingsrepresentant Silje Hjemdal frå Hordaland Frp skreiv i eit innlegg i Dagen at «ved å delta i Pride viser man at man i Norge skal kunne være åpen om hvem man elsker».

Og då er vi endeleg ved kjernen: Pride-tog er med på å samle bygder og byar på Vestlandet, men saka er slett ikkje like samlande i Frp. Den fremste representanten for det pride-kritiske synet er i dag fungerande nestleiar i Frp, Sylvi Listhaug. La oss minne oss sjølve på historia her:

Sommaren 2016 deltok KrF-leiar Knut Arild Hareide i pride-toget i Oslo. Han hadde vore på familieferie i Florida då 49 personar blei drepne på homo-uteplassen Pulse i Orlando. No ønskte han å vise solidaritet med det skeive miljøet. Listhaug hadde ein annan plan.

Les også

BT20: Syng KrF på siste vers?

Våren 2017 talte Listhaug på Oslo Symposium, ein viktig møteplass for konservative kristne. Der slo ho fast at «du treng ikkje gå i Pride-parade for å vere mot grufulle drap på homofile». Dette tydelege stikket til Hareide fekk varm applaus frå salen. Ho sa òg at ho sette kaffien i halsen då Hareide hadde opna for ein tredje kjønnskategori i Noreg.

Christian Haugen, tidlegare bystyrerepresentant for Bergen Frp og i dag rådgjevar for regjeringa, meinte Listhaug var ein «brems» for det skeive miljøet.

Eitt av problema for Listhaug er at store delar av Frp nettopp meiner at du bør gå i pride for å vise solidaritet. Hjemdal er ein av dei som meiner pride-arrangementa kan vere viktige for å kjempe mot bygdedyret. I 2009 kritiserte Listhaug Oslo Pride for å handle om «halv- og nesten helnakne folk» som dansa i Oslos gater. Det er relativt lite treffande for pridefestivalane.

Dersom det var nakne homoar du kom for å sjå, trur eg paradane i både Leirvik og Volda må ha vore ei skuffande oppleving. Det var fleire allvêrsjakker enn tangatruser i gatene på Stord sist laurdag.

Frp-Hjemdal gjekk ikkje i paraden på Stord, men ho var derimot på Bygdepride i Ørsta og Volda tidlegare i vår. Ein annan som deltok der, var voldingen, samferdsleministeren og Frp-stjerneskotet Jon Georg Dale. Dale, som då var landbruksminister, omfamna arrangementet. Frå medsunnmøringen Listhaug var det stille. Kanskje påfallande stille?

Jubileum: Femti organisasjonar var tilslutta arrangementet i Leirvik på laurdag. To av dei som feira, var Ingrid Eskeland og Gry Tuset. Dei har vore gift i 20 år. Kari Mendelev von Svanberg, Stord24

Dei fleste reknar Listhaug og Dale som dei to favorittane til å kjempe om leiarvervet i Frp den dagen Siv Jensen går av. Båe to er opne om kristentrua si, men dei definerer henne høgst ulikt. Den eine meinte pride er å «feire kjærleiken». Den andre meinte homofile «har en voldsom trang til å markere seg». Du kan jo gjette kven som sa kva.

Dermed blir Vestlandets omfamning av pride-rørsla òg eit tydeleg uttrykk for det retningsvalet Frp skal gjere: Er det eit liberalt eller konservativt syn på verdispørsmål som skal prege partia i åra som kjem? Og kor er eigentleg Frp-veljarane?

I vår måtte Listhaug gå av som statsråd. Eg var til stades i salen då ho heldt pressekonferansen sin i Justis- og beredskapsdepartementet i Oslo. Ho kom med mange harde ord mot politiske motstandarar, men ho sa òg noko eg tenkte var både veldig enkelt og veldig flott: «Eg vil vere meg sjølv. Eg vil ikkje vere sånn som alle andre.»

Den fridomen unner eg Sylvi Listhaug. Striden i Frp står om kor mange den fridomen skal gjelde for.