Fristeleg Folkeparti

KrF gjekk bak ryggen på Frp. Det kan dei ikkje halde fram med.

BORGARLEG KAOS: Det er skikkeleg dårleg stemning på borgarleg side no. Her er Frps finanspolitiske talsperson Helge André Njåstad og KrFs finanspolitiske talsperson Kjell Ingolf Ropstad i Vandrehallen på Stortinget tysdag kveld. Ørn E. Borgen, NTB Scanpix

Jens Kihl
Kommentator

Landet har fått eit statsbudsjett for 2019, men borgarleg glede over budsjettsemje druknar totalt i kaoset KrF har skapt. Partiet gjekk til venstresida for å få fleirtal for å kutte i taxfree-kvoten. Og det gjer ein berre ikkje når ein samstundes skal lande eit statsbudsjett med høgresida.

Finanspolitisk talsperson og mogeleg ny partileiar Kjell Ingolf Ropstad forhandla statsbudsjett. I mellomtida køyrde den andre nestleiaren, Olaug Bollestad, ein torpedo inn i budsjettsamarbeidet ved å gå for ei viktig endring i taxfree-ordninga:

I dag kan du kjøpe to flasker vin ekstra dersom du lar tobakken liggje. Den ordninga er det snart slutt på. Og det skjedde heilt på sida av budsjettforhandlingane.

Det er ein lite lojal måte å drive politikk på.

I Frp blir det sagt at det ikkje er denne saka som i seg sjølv gjer samarbeidet vanskeleg, men heller at dette var dropen som fylte begeret. For det har ikkje vore lett å vere stortings-Frp i det siste.

Les også

KrF og Frp landet budsjettenighet tross dårlig stemning

Då Frp-leiar og finansminister Siv Jensen presenterte regjeringas framlegg til statsbudsjett tidleg i oktober, var reaksjonane sterke internt i Frp. Ei kjelde peika på at talepunkta til Frp-arane var mistenkjeleg få og svake.

Ja, for at det skulle bli ei liste av det, hadde Frp-arane fått lista opp gamle sigrar om igjen. Men det nyttar liksom ikkje å seie «vi fjerna arveavgifta hausten 2013» når du skal selje inn Statsbudsjettet 2019 til tvilande partifolk.

Og i forhandlingar med KrF har Frp-sigrane blitt endå blassare. No er det omtrent berre endringa i maksgrense på eigedomsskatt som står att som ein skikkeleg Frp-karamell.

I Frp skal utblåsinga frå stortingsgruppa tysdag kveld ha blitt teken godt imot. Det var på tide å setje skåpet på plass. Der røysta ni for å gå ein ny runde i forhandlingane, medan tolv sa ja til å godkjenne resultatet. Det er eit kraftig varsku inn mot regjeringsforhandlingane.

Skal KrF bruke argumentet «vi er i krise, så vi treng ekstra rause gjennomslag», kan dei ikkje samstundes lure Frp. Denne saka handlar ikkje om dei to vinflaskene, slik enkelte prøver å påstå. Den handlar om å respektere sine samarbeidspartnarar.

Det er svært interessant å lese Frp-pressemeldinga om budsjettforliket. Her legg finanspolitisk talsperson og austevolling Helge André Njåstad lite imellom: «Det er ingen hemmelighet at det finnes spenninger mellom oss og KrF», seier Njåstad i artikkelen som har fått det temmeleg avmålte namnet «Enighet om statsbudsjettet». Det er eit stykke herfrå til «eit godt budsjett har blitt endå betre», som gjerne var omkvedet for nokre år sidan.

Skal KrF faktisk gå i regjering med Frp, må dei oppføre seg som folk. Dei kan ikkje la seg freiste av små og store tilbod frå venstresida. Det vil slå hardt tilbake på KrF sjølve.

Ein kunne nesten kalle det borgarleg kaos.