Foredraget som kan velte byrådet

Byrådet er truga for første gong, og det er ikkje opposisjonen som står bak.

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

REAKSJONAR: Fleire i KrF reagerer på at varaordførar Marita Moltu (KrF) skal halde eit foredrag om barnevern for Partiet Dei Kristne (PDK). Ein av de andre innleiarane på møtet er mannen hennar, Tomas Moltu (PDK). Tor Høvik

Varaordførar Marita Moltu (KrF) er i open konflikt med sitt eige parti. Viss ho skulle ende opp med å forlate partiet, mistar byrådet som KrF er med i fleirtalet sitt.

Bakgrunnen er at Moltu skal halde ei innleiing på eit partimøte for Partiet Dei Kristne (PDK), om barnevern.

«Dette høres da litt spesielt ut», sa finansbyråd Dag Inge Ulstein (KrF) til Vårt Land førre fredag. Denne sindige kommentaren sette fyr i teltet. På Facebook skriv Marita Moltu at det er «patetisk» av partiet å kritisere henne for å halde innleiingar for andre parti.

Les også

Full splittelse i KrF-ledelsen

Ulstein har rett. Det er spesielt at ein lokal toppolitikar prioriterer eit besøk til PDK i Sogn og Fjordane, særleg fordi ho vert kritisert for ikkje å delta på KrFs eigne arrangement. Ho var til dømes ikkje med på KrFs valvake i haust. Heime i stova hennar arrangerte ektemannen hennar, Tomas Moltu, valvake for PDK.

Det omstridde foredraget kjem på toppen av ei rekkje konfliktar mellom Marita Moltu og Dag Inge Ulstein. Viss det ikkje hadde vore for historia mellom dei to, hadde ikkje dette foredraget blitt ein stor sak.

At mannen hennar har ei framskoten rolle i PDK gjer neppe tillitsforholdet betre innanfor KrF.

Tomas Moltu var lenge ein leiande KrF-politikar i Bergen, og er rekna som arkitekten bak at KrF gjekk i byråd med Frp i 2007. I 2016 melde han seg ut av KrF, og stilte som PDKs stortingskandidat i 2017.

Les også

Frykter at KrF-konflikt kan true byrådets flertall

Byrådet til Ap, Venstre og KrF styrer på eit marginalt fleirtal. Viss eitt bystyremedlem bryt ut, har ikkje byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) lenger eit avklart fleirtal.

Uavhengig av Moltu må Schjelderup ha tenkt denne tanken. Det er ikkje uvanleg at bystyremedlemmer skiftar parti i løpet av ein periode. Det er meir uvanleg, for å seie det mildt, at ein varaordførar gjer det.

Moltu har sterke kort på handa, for ei utmelding vil ikkje få ein einaste konsekvens for henne i bystyret.

Det er ingenting bystyret kan gjere for å ta frå henne vervet som varaordførar før valet neste haust.

Byrådet verkar faktisk førebudd på ei utmelding. I budsjettet for 2017 fekk byrådspartia med seg Miljøpartiet Dei Grøne og Senterpartiet på budsjettvedtaket. For 2018 hadde dei med seg Senterpartiet.

Dei trengde ikkje å vatne ut sitt eige budsjett med å søkje støtte frå fleire parti, men budsjettsamarbeidet kan kome godt med viss Moltu sørgjer for at byrådsfleirtalet ryk.

Les også

Byrådet vil ikke svare på hvor de skal spare

Senterpartiet fekk nokre få, små gjennomslag i 2018-budsjettet. Bystyrepartia flytta på drygt 14 millionar kroner i budsjettavtalen, og Senterpartiet trekkjer sjølv fram tiltak for tre millionar kroner. Det er ei billeg fleirtalsforsikring for Schjelderup.

Han kan likevel vere trygg på at Ove Sverre Bjørdal (Sp) kjem til å krevje meir enn éin million til vassdrag og ein merknad om matjord viss det faktisk blir behov for stemma hans.

Det er både framtenkt og naturleg av byrådet å sikre eit litt breiare fleirtal enn det dei faktisk treng. Den største trugsmålet mot eit sitjande byråd i Bergen, har lenge vore partiinterne forhold. Ikkje opposisjonen.

KONFLIKT: Det har vore ei rekkje konfliktar mellom KrF-toppane Dag Inge Ulstein og Marita Moltu dei seinaste åra. Viss Rune Sævig

Konflikten mellom Ulstein og Moltu er ikkje ny. Nominasjonskomiteen plasserte i 2014 Dag Inge Ulstein på topp. Marita Moltu sa at ho ville ta opp kampen om førsteplassen, men trakte seg frå den på nominasjonsmøtet. Moltu vart partiets ordførarkandidat, og ho var favoritt til å få vervet.

KrF låg nemleg godt plassert til å hamne i maktposisjon uansett kven som vant valet i 2015. Etter valnatta var Moltu framleis det mest sannsynlege alternativet. Heilt fram til eit oppslag i BA 17. september, tre dagar etter valet.

Moltu hadde tidlegare uttalt til TV 2 at homofili er ei synd, men nekta å svare på dette i BA-intervjuet. Hennar manglande svar i 2015 sette sinna i kok. Leiaren i Aps homonettverk sa at partiet ikkje kunne støtte ein ordførar som meiner at homofili er synd.

Les også

Homo-opprør mot Marita Moltu

Det var allereie mange i Ap som var kritiske til at partiet skulle samarbeide med sentrumspartia KrF og Venstre. Moltu bidrog til å stadfeste ein del av kritikken.

No seier Moltu at ho gjerne vigslar homofile borgarleg. Hadde ho svart det i 2015, hadde nok Moltu vore ordførar no.

Det var Dag Inge Ulstein som skulle forhandle om posisjonar på vegner av KrF. Ulstein enda opp som finansbyråd og Moltu vart varaordførar. Det er vanskeleg å sjå for seg at ho ikkje vart vonbroten av dette.

I valkampen vart Ulstein kritisert av Moltu for frikjøpsavtalen hans, som gjorde at han kunne drive ein aktiv valkamp.

Les også

Frøy Gudbrandsen: Bystyrets barnevernstabbe

I 2017 braut Moltu rekkene i bystyret, og sikra fleirtal for ei omstridd gransking av barnevernet. Barnevernet er gjenstand for ein uhorveleg mengde kritikk, men òg konspirasjonsteoriar. Ansvarlege politikarar må vere svært forsiktige når dei skal utføre si plikt som tilsynsmynde for barnevernet, og det er svært vanskeleg å vurdere barnevern ut frå enkeltsaker. Her svikta bystyrefleirtalet.

PDK er svært opptatt av barnevernet. Ein av partiets løpesetlar heiter «Fra barnevern til familievern». Partiet har engasjert seg på vegner av eit norsk-rumensk par som er blitt fråteke fem born. I 2016 hengde partileiar Erik Selle ut barnevernsleiaren med ansvar for saka. Dette er ei sak som har fått rumenske parlamentarikarar til å kritisere barnevernet for å bruke «Gestapo-metodar».

Ulstein og Moltu representerer to ulike fløyer i KrF. Marita Moltu er rekna for å vere ein del av den meir kristenkonservative høgrefløya, medan Dag Inge Ulstein ønskjer å samarbeide mot venstre. Konfliktane mellom dei to må sjåast på i dette lyset.

Det er difor meir enn berre spesielt at Marita Moltu vel å halde ei innleiing for PDK om barnevern. Ho synleggjer ein langvarig konflikt, og går til eit anna parti med ei sak ho allereie har vore i klinsj med sitt eige parti om.

Marita Moltu må vite at ho risikerer partiets og byrådets styringsfleirtal no. Det verkar rart om ho ikkje er bevisst på korleis dette slår ut i partiet hennar.