Hatet er livsfarleg

Terroren i New Zealand oppstod ikkje av seg sjølv. Hatet mot muslimar er skremmande vanleg.

SKREMMANDE: Terroristens haldningar er skremmande vanlege, og i New Zealand førte dei til at minst 49 menneske vart drepen. Foto: Martin Hunter, Reuters / NTB Scanpix

Publisert:

Det grufulle åtaket mot to moskear i New Zealand viser at høgreekstremistisk og rasistisk hat får dødeleg utfall. Hatfabrikkane som spreier slike haldningar må forstå kva fare dei utset heilt vanlege folk for.

Det verste med manifestet er at eg har lest alt før. Muslimar vert skulda for å invadere Vesten, og at dei føder så mange barn at me som bur her blir i mindretal. Dette er skremmande vanlege haldningar, som i New Zealand førte til at minst 49 menneske vart drepen.

Dette hatet er livsfarleg. Og det er mange der ute som deler terroristens haldningar.

Les også

Talsperson i Bergen moské: – I forrige uke fikk vi et brev som var så stygt at vi skal ta det til politiet

I manifestet skildrar terroristen ein følelse av avmakt, som eg trur mange kan kjenne seg igjen i. Då åtak etter åtak råka europeiske byar for nokre år sidan, gjorde det noko med oss. For kvart åtak vart me litt mindre sjokkerte.

Dei aller, aller fleste, valde å slå ring om det som gjer vestlege land så gode: toleransen, mangfaldet og fridomen. Hjå terroristen, derimot, vaks det fram eit hat mot alt dette.

Han reagerte med å bli til ein av dei som gjekk til åtak på europeiske byar og folket som bur her. Det finst ikkje ein flik av forskjell på denne terroristen, og dei som angreip Stockholm, Nice, Paris, Barcelona, London eller Brussel.

Les ein IS-propaganda, finn ein liknande forklaringar på deira handlingar. Det er nemleg alltid «dei andre» som har skulda. Det er «dei andre» som har invadert «våre» land.

Les også

Norske politikere om terrorangrepet: Vondt, mørkt, trist

Etter terroråtaket i Paris i 2015, skreiv eg følgjande: «Terrorangrepa i Paris er tatt rett ut av læreboka til terrororganisasjonen IS, men er berre første del av planen. Den neste delen står høgreekstreme for.»

Høgreekstreme og jihadistar er partnarar, som er avhengige av kvarandre. Dei deler verdssyn, men med motsett forteikn. Heile deira eksistens er avhengig av å ha nokon å hate, og i terroren har dei funne kvarandre.

Terroristen i New Zealand er ein person som – med ein annan bakgrunn – ville søkt seg til IS. Ønsket om sivilisasjonskrig er det same.

Berre få timar etter åtaket, vart det vist forståing for terroristen i norske kommentarfelt. Skulda låg eigentleg på muslimane, påstår dei. Utan å ha lest manifestet, deler folk likevel retorikken hans.

Dette behovet for å vise forståing for terroristen liknar på den forståinga somme radikale islamistar har vist for jihadistiske åtak. Støttespelarane til høgreekstrem og jihadistisk terror er òg ganske like.

Les også

Direkteblogg: Gjerningsmann skal ha delt manifest inspirert av Breivik

Sjølv om åtaket skjedde på den andre sida av jordkloden, er det ei grufull påminning om våre eigne problem i Noreg. Ein skal ikkje ta manifestets innhald bokstavleg, men ved fleire høve viser terroristen i New Zealand til terroråtaket i Noreg i 2011.

Nyleg publiserte Politiets Sikkerhetstjeneste (PST) tal på høgreekstremisme i Noreg. Mange av er blitt radikaliserte dei siste åra. Den store toppen kjem i 2015, og PST skriv at det høge talet på asylsøkjarar har «sannsynligvis radikalisert flere».

Politiet har ein stor jobb med å halde dette miljøet under oppsyn. Radikaliseringa må stoppast for å redde liv. Men politiet er ikkje den einaste som har ein jobb å gjere.

Som samfunn må me gå i rette med hatefull propaganda, laga for å fyre opp islam som den store fienden. Hatet må ikkje få vekse seg større.