Dyrare pakkar frå Kina

Gløym friskular, barnetrygd og abort. Det KrF-kravet flest vil merke, er innføring av moms på alle varer frå utanlandske nettbutikkar.

RABATT: Kjøper du ei vare for under 350 kroner frå ein utanlandsk nettbutikk, slepp du moms. KrF vi ha slutt på det. Slett ikkje så dumt, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Robert Schlesinger, Scanpix

Kjøper du noko frå ein utanlandsk nettbutikk i dag, for under 350 kroner, slepp du å betale 25 prosent meirverdiavgift. I ein norsk butikk, anten av den typen du kan gå inn i eller på nettet, må du punge ut.

Så i staden for 350 kroner, må du i den norske butikken betale 438 for den same vara, fordi staten skal ha pengane sine.

Men no blir det slutt på momsfritaket for dei utanlandske nettbutikkane, viss KrF får det som dei vil i forhandlingane med regjeringa. KrF har lova hard kamp. «Vi vil prioritere dette høyt i forhandlingene om statsbudsjett», sa nestleiar og KrF-kronprins Kjell Ingolf Ropstad til NTB i oktober.

KrF viste i vår at dette er ei viktig sak for dei. I juni fekk dei med seg dei raudgrøne og dermed fleirtal i finanskomiteen for å krevje at regjeringa greier ut saka.

KrF har difor allereie fleirtal på Stortinget for kravet. Men det vil ta seg dårleg ut for eit parti som no har bestemt seg å gå i regjeringsforhandlingar med høgresida, å køyre over sine framtidige regjeringsfeller i statsbudsjettet.

Kva KrF vil gjere om Høgre, Frp og Venstre seier nei, er litt uklart. Noko god byrjing på regjeringssamarbeidet er det jo ikkje.

Les også

Hans K. Mjelva: Kassadamas død

Som så mykje med KrFs politikk er ikkje dette noko publikumsfrieri. Unge og stadig fleire vaksne kjøper jugl og klede frå Kina og Gud veit kvar for ein slikk og ingenting. Innføring av moms vil ikkje berre gjere desse varene 25 prosent dyrare. I tillegg vil det kome gebyr for å dekkje meirarbeidet med å administrere pengeinnkrevjinga.

Men at det ikkje er populært, betyr ikkje at det er dumt. Tvert imot. Momsfritaket er ei gedigen subsidiering av utanlandske nettbutikkar, på kostnad av norske butikkar. Vanlegvis kuttar ein skattar og avgifter på ting ein vil ha meir av. Dette fritaket fungerer omvendt.

Problemet for kjøparane er at kostnadene med administrering fort kan bli så høge at kjøpet blir uinteressant. Årsaka er at fraktselskapa då må fortolle varene, noko som ifølgje E24 vil bety eit gebyr på minst 158 kroner.

KrF har her peika på at andre land har funne mindre byråkratiske løysingar som langt på veg kan fjerne ekstrakostnadene. Favorittdømet er Finland, der kjøparane sjølve betalar moms og toll gjennom ei elektronisk teneste. Dermed skal visst nok det heile vere gratis.

Byråkratiet er hovudgrunnen til at det lenge har vore momsfritak for rimelege pakkar. I 2015 vart grensa heva frå 200 til 350 kroner.

Men etter kvart som netthandelen aukar, aukar òg konsekvensane for norske butikkar. I 2017 handla nordmenn varer for 22 milliardar kroner frå utanlandske nettbutikkar. Mesteparten av dette (18,4 milliardar) var varer som kosta under 350 kroner.

Les også

– Sentrum blir sakte kvelt av kundemangel

Kritikken frå norsk varehandel mot ordninga har gått opp fleire desibel det siste året. Årsaka er at regjeringa i fjor auka sukkeravgifta kraftig, noko som førte til auka digital grensehandel.

Interesseorganisasjon Virke hevdar at ei skroting av momsfritaket kan skape 2000 arbeidsplassar i norske varehandel. I tillegg vil det gje staten milliardinntekter.

Slike tal må takast med ei klype salt, men det ville vere rart om ikkje ei avgift på 25 prosent vil gjere noko med både statsinntektene og netthandelen.

Når Virke argumenterer med norske arbeidsplassar, er det lett å tolke som eit tiltak for å hindre butikkdød. Men rapporten Virke baserer seg på, seier lite om kvar jobbane vil kome, anna enn at det vil vere i Noreg.

Truleg vil moms for utanlandske nettbutikkar gjere konkurransen noko lettare for norske nettbutikkar. Kanskje vil ungdommar òg gå meir på den lokale Bik Bok-butikken.

Men avgifta vil neppe gjere noko særleg med den meir langsiktige overgangen frå fysiske butikkar til nettbutikkar. I Bergen har vi dei siste vekene fått ein ny runde i ein gammal debatt om butikkdød i sentrum. Skurken der er kjøpesentera rundt byen.

På lang sikt er desse òg utsett. Til no i år har halvparten av dei 60 største kjøpesentera i Noreg opplevd fall i omsetninga. Rett nok ikkje i Bergen, med unntak for Lagunen, som er under ombygging.

Kredittanalytikar Haseeb Syed i Danske Bank seier til Dagens Næringsliv at det er naivt å tru at kjøpesenterdøden ein har sett i USA ikkje vil kome til Noreg òg.

Kva som skjer med varehandelen er viktig. Med 380.000 tilsette er det den største næringa i privat sektor. Med internett konkurrerer dei med heile verda om kundane. Det er bra for norske forbrukarar og norsk økonomi.

Men konkurransen må vere rettvis. Det er han ikkje no.