VM i tru og tvil

Foto: ALBERT GEA / REUTERS

  • Asbjørn Kristoffersen
Publisert:

Du er kanskje ateist. Du tvilar kanskje på Statistisk sentralbyrå og EØS, og har mista tillita til Oljefondet og Statens Pensjonskasse. Selfiane dine blir kanskje berre likte av ei gammal tante i Sandviken og dei som var for dårlege til å bli uttekne på fotballaget på den fådelte skulen på Misje. Men du har Nest-Sotra. Og Brann. Og Nottingham Forest. Og Noreg-Brasil 1998.

Berre russen og utagerande bergens­arar har frikort til å delta i fellesskriking i det offentlege rom. Hadde det ikkje vore for Nest-Sotra og Brann og Nottingham Forest og Noreg-Brasil 1998, ville folk flest aldri fått full utlufting av alt dei ber inni seg. Dei ville aldri fått sjansen til å kasta seg ut på dei sytti tusen famnars sjeledjup, berre padla omkring på overflata av livsens hav. Med redningsvest. Eller dei måtte gått i terapi. Med livbøye og tau til land.

Sjølv ateistar som berre aksep­terer vitskap og rasjonalitet, finn meining med livet når Island spelar mot Argentina i Russland, når alle som har tilgang til ein skjerm kan skrika nett så mykje dei vil, også om dei er åleine heime og naboen er fotballfornektar og russofob. VM i fotball er austanfor politivedtekter og vestanfor Mattilsynet. Eit frikvarter i livsens skule. Ein skulkemånad.

FIFA er korrupt inntil margen. Messi og Ronaldo er skattesnytarar i verdsklasse. Putin er ein despot. Fotballspelarar overgår NHH-studentar i sosiopatisk klovneri. Men trua toler alt, utheld alt, rustar aldri. Trussamfunnet er større og sterkare enn nokon gong. Folk som aldri før har skrike så naboen høyrde det, sluttar seg til. Folk som drikk årgangsvin på ein alminneleg onsdag, folk som har gått på koranskule, folk som aldri har forstått offside-reglane. Folk som er kalvbeinte og les dikt. Slostrilar. Alle skrik.

Vel, det finst somme som ikkje skrik. Som lever i eit parallellsamfunn. Som ikkje vil inkluderast. Som ikkje har forstått at vesle vitet det strekk ikkje til. Ei tru lyt stydja uppunder ...