Politiet forviser russen utan at noko alvorleg har skjedd. Det gjer ingen tryggare.
La russen sleppe moraliseringa.
- Gerd Margrete TjeldflåtKommentator i BT
Russetida er så vidt i gang, men politiet i Bergen har allereie fått nok.
2. mai blei Hordnesskogen nattestengt for resten av russetida. Dette er ein av få plassar i Bergen der russen kan feste utan å vere nær bustadområde.
«Det er meldt om både narkotikasal, tilløp til slagsmål og skadeverk på rutebussar,» kunne Ronny Øvrebotten, sjef for politiet i Bergen Sør fortelje.
Tilløp til slagsmål, der altså. Det kan umogeleg vere det verste politiet opplevde denne helga.
Politiet har ikkje arrestert nokon eller gjort beslag. Ingen har heller anmeldt noko i samband med russetreffa i helga.
Men det var tydelegvis ikkje nødvendig. Måndag tromma Fana-politiet saman eit hastemøte og vedtok nedstenging basert på bekymringsmeldingar.
Russen sjølv var ikkje invitert med, dei fekk berre den lite oppmuntrande beskjeden i etterkant om at dei «sjølv må finne ut kor dei skal vere.»
Så kan eventuelt politiet kome dit for å jage dei vekk neste gong.
Tre år er gått sidan førre ordentlege russetid. I mellomtida har ungdommar hatt forbod mot å feste, samlast og i det heile tatt vere nær kvarandre. Kanskje har denne forbodstida gjort at både politi, natteramnar og naboar har gløymt?
Les hele saken med abonnement