KrF vurderer å trekke seg frå byrådet. Valhammer klarer neppe hindre det.
Det handlar om å redde seg sjølv.
- Gerd Margrete TjeldflåtKommentator i BT
Naud kan vere ei sterk drivkraft.
Visstnok har det lært både nakne kvinner å spinne, og fanden å ete fluger.
I Bergen har det gitt Roger Valhammer (Ap) ei slags makt i snart tre år.
Men denne hausten er det stor grunn til å tru at byrådet han leiar, som allereie er historisk svakt, vil begynne å smuldre opp.
La oss ta eit kjapt tilbakeblikk: Valresultatet i 2019 gjorde det nesten umogeleg å etablere eit styringsdyktig byråd i Bergen. Uansett om det hadde Ap eller Høgre i spissen, ville det krevje eit samarbeid mellom altfor mange parti for å ha eit fleirtal bak seg.
Valhammer og Ap hadde det minst elendige utgangspunktet, og stabla til slutt eit byråd på beina.
Men det er eit byråd ingen eigentleg vil ha, sett saman av Arbeidarpartiet, Miljøpartiet Dei Grøne, Venstre og KrF, med støtte frå SV og eitt anna parti i bystyret.
Ingen vil gå til val på å halde fram som dette. Og difor kan byrådet begynne å gå opp i liminga allereie denne hausten.
Les hele saken med abonnement