Velkomen til politistaten, tidlegare kjent som Noreg

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) og forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) var med på framlegginga av den felles trugselvurderinga i februar.

Det finst ikkje grenser for kva staten krev å vite om oss.

Publisert: Publisert:

Norske borgarar har stor tillit til styresmaktene. Men styresmaktene har null tillit til oss.

Tysdag skildra BT kor omfattande overvakinga er i ferd med å bli. Statens overvakingsregime er i ferd med å ta ei skremmande form.

Me må ikkje vere naive. Det er mange som er ute etter å skade oss der ute. Verda er stappfull av trugslar. Sjå berre på nabolandet vårt, Russland. Men i jakta på fiendar er regjeringa på god veg over grensa for kva som er akseptabelt.

Innsamlinga er så enorm at det gjer vondt i ryggmergsrefleksen. Overvakinga er eit angrep på oss dei har tenkt å beskytte. Personvernet finst ikkje meir.

Les hele saken med abonnement