Erna Solberg heldig med oljekrisa

Erna Solberg har fått til mykje, fordi oljekrisa opna statens pengesekk.

Publisert Publisert

FORNØGD: Statsminister Erna Solberg brukte sin halvårlege pressekonferanse til å skryte. Ho har fått til mykje, men ho vil neppe kunne gjenta prestasjonen, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Åserud, Lise / NTB Scanpix

iconDenne artikkelen er over to år gammel

Erna Solberg har mykje å skryte av etter fire år som statsminister. Då ho gjorde opp status utanfor statsministerbustaden tysdag, kunne ho ramse opp ei lang liste over ting regjeringa har levert. Ho har stort sett sitt på det tørre, noko ein gjennomgang i Aftenposten same dag òg viste.

Solberg brukte resultata til å fortelje at Høgre er til å stole på: «Veljarane som stemte på oss i 2013 skal vite at vi leverte på det vi lova. Difor kan veljarane stole på at når Høgre no går til val på det eg no har nemnd (...), så kjem vi til å levere igjen».

Det vil ho klare, men berre fordi Høgre ikkje lovar særleg mykje av det som kostar pengar. Medan Frp lovar til saman 50 milliardar kroner i skattelette åleine, i tillegg til auka utgifter til forsvar, eldreomsorg og så vidare, er Høgre langt meir uklar. Dei vil til dømes ikkje lenger fjerne formuesskatten heilt, men berre på arbeidande kapital. Det er ein tvilsam lovnad, fordi ei slik løysing er veldig vanskeleg å få til praksis.

Eit underliggjande valløfte til kjerneveljarane, som dei nok set pris på, er difor at Høgre no vil bremse veksten i bruken av oljepengar. Det kan vise seg lettare sagt enn gjort. Blir det borgarleg fleirtal til hausten, ligg det no an til å bli ei ny Høgre-Frp-regjering. I alle fall viss Venstre har vingla frå seg.

Les også

Erna Solbergs stein i Bergens «Walk of Fame» får refs: – Respektløst å la folk tråkke på og søle til riksvåpenet

Då skal Solberg vise statsmannskunst på høgaste internasjonalt nivå, om ho skal hindre at pengane renn ut og samstundes halde koalisjonen saman. Frp har som kjent eit langt meir avslappa forhold til å bruke oljepengar enn Høgre. Dessutan risikerer dei å bli for like Høgre, viss dei står fram som for ansvarlege.

Regjeringssamarbeidet har slite på støttepartia Venstre og KrF. Dei må difor få endå meir gjennomslag for hindre at dei surnar heilt, og i verste fall feller ei ny Høgre-Frp-regjering. Slikt blir det fort pengar av.

Dessutan er det brei semje om å satse på forsvaret, samferdsel og utdanning. Spesielt dei to første dreg mykje pengar. Legg vi til eldrebølgja, klima og behov for økonomisk omstilling er det klart det blir tøffe prioriteringar i åra framover. Det kan bli vanskeleg for ein politisk konstellasjon som allereie slit med samarbeidet.

Solberg var heldig med oljeprisfallet i 2014, same kor kynisk det høyrest ut. Då titusenvis mista jobbane i landets viktigaste bransje kunne Solberg auke oljepengebruken kraftig, utan å stå fram som uansvarleg. Underskotet på statsbudsjettet, det som blir dekt med oljepengar, har auka frå 125 til 226 milliardar kroner sidan Solberg tok over i 2013.

Det er desse pengane som har gjort det mogeleg å kutte skattane med 21 milliardar, utan å gjere upopulære kutt i velferda. Tvert om: Velferda er blitt bygd ut, og vi har samstundes fått ei kraftig satsing på samferdsel.

Les også

BT-leiar: Tid for svartmaling

No er det slutt på festen. Perspektivmeldinga viser at regjeringa har brukt opp nesten heile handlingsrommet. No må veksten i oljepengebruken kraftig ned, med mindre vi skal sende ei gigantrekning til komande generasjonar.

Gitt at regjeringa har argumentert med oljekrisa for å auke oljepengebruken, altså ein klassisk motkonjunkturpolitikk, så burde dei no strengt tatt kutta i dei offentlege utgiftene. Krisa er jo over, ifølgje regjeringa. Som Solberg sa sjølv tysdag: arbeidsløysa er nede på same nivå som før oljekrisa.

Solberg kunne neppe ha skine slik ho gjorde på plenen utanfor statsministerbustaden tysdag, om det ikkje hadde vore for oljekrisa. Ingen norsk statsminister vil nokon gong igjen få sjansen til å kombinere rause skattekutt med auka offentlege utgifter slik Solberg har fått. Dette har vore gullåra. No er dei forbi.

Publisert