Skattemeldinga sender pengane våre til andre landsdelar

Bompengane blir i det minste i Bergen.

FULL FART: – Kuttar Bergen i bompengane, vil nok dei statlege midlane forsvinne til andre stader i landet, skriv Morten Myksvoll. Jan M. Lillebø (Arkiv)

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

Statleg finansiering vert trekt fram som ei magisk løysing på bompengeproblema til Bergen. Om berre veg- og banebygginga vert betalt med skattepengar, vil alt bli bra.

Det er meir sannsynleg at Stortinget gir pengar til ein ny veg, dersom den er finansiert med bompengar. At bompengar har vore med på å jamne ut den statlege skeivfordelinga, må sjølv dei sterkaste bommotstandarane vere einig i.

Bompengar gjer det lettare å få gjennomslag for store samferdsleprosjekt. Når staten slepp å ta heile rekninga, vil dei gi grønt lys til fleire prosjekt landet over.

Dersom alle investeringar er avhengig av departement, regjering og storting, vil bilistane i Bergen framleis betale mykje pengar i avgifter – men få langt mindre igjen enn i dag.

Om skattemeldinga er magisk, så er det som eit forsvinningsnummer. For det er liten tvil om at skeivfordelinga eksisterer.

Les også

Frøy Gudbrandsen: Periferien er i sentrum igjen

Då Nasjonal Transportplan (NTP) vart lagt fram i 2017, rekna BT på kor mykje kvart fylke ville få av samferdsleinvesteringane.

Vestlandet kom ganske dårleg ut. 26 prosent av innbyggarane i Noreg bur her, men berre 18 prosent av midlane fann vegen tilbake. Resten kom andre delar av landet til gode.

Bompengar har vore den einaste måten å kome seg ut av Stortingets nedprioritering av Vestlandet på gjennom skiftande regjeringar.

I dag har Bergen bunde staten til masta når det gjeld statleg finansiering. Gjennom byvekstavtalen får byen milliardar, men må òg bidra med bompengar. Dersom bompengane går kraftig ned, er det urealistisk at staten skal inngå så gode avtalar for byar som Bergen.

Det hadde vore fint om regjeringa faktisk hadde brukt meir skattepengar på å bygge både Bergen og Vestlandet. Men det er ikkje ein særleg klok strategi å sitje her og forvente at det skjer.

Skal ein ta alt over skatten, må avgiftene opp. For det er ikkje sånn at rekninga forsvinn, berre fordi staten tar den. Staten, det er oss. Men frå å betale bompengar til lokale veg- og baneprosjekt, vil ein då spreie pengane våre utover heile landet.

Då står byen igjen med eitt alternativ: bygge mindre. Det er kanskje det verste alternativet. Heile poenget med den statlege finansieringa har vore å gjere kollektivtrafikken betre. Ein oppnår ikkje det ved å stoppe opp.

Bompengane har likevel sett Bergen i ein vanskeleg skvis. På grunn av det høge bompengenivået, så risikerer ein full stans i utbygginga.

Les også

I dette området sitter annenhver beboer hjemme under valget. Vi har prøvd å finne ut hvorfor.

Når ein skal leite etter kva som gjekk gale, må ein starte med dei politiske prioriteringane – bompengeopprøret kom ikkje ut av ingenting.

Det kan ha blitt forverra av politikaranes manglande framsyn.

Bystyret var svært langsiktig då ein planla bybane til bydel etter bydel, men ein såg berre til nasetippen når det gjaldt finansieringa.

To viktige ting har skjedd dei siste ti åra: Takstane har gått opp og det er blitt fleire bomstasjonar – og det skjedde i den rekkjefølgja.

Det var ein tabbe. Den ytre bomringen opna for seint. Takstane er no blitt såpass høge at ein ny bomring vert frykteleg dyr.

Les også

Debatt: Boikott bompengeringen

Folk i og nær Bergen sentrum har betalt mykje bompengar i 30 år, men køyrer du frå Arna til Åsane dagleg, er bompengar eit nytt fenomen. Det er stor forskjell på å få litt bompengar tidleg, enn plutseleg å få ei stor bomrekning no.

Rekkefølgja på utplassering av bomringen og takstauken kan ha gjort bomopprøret verre enn det elles ville vore.

Finansieringstabben har fleire forklaringar. Statlege subsidiar førte til ein elbilboom som råka bompengeinntektene hardt. Det kunne lokalpolitikarane verken sjå kome eller gjere noko med.

Fordelane med elbilane er uansett så store, at ein skal vere glad for at dei kom i så stor fart.

Den andre forklaringa har lokalpolitikarane meir skuld i. Ein har vore altfor optimistiske (eller naive) når det gjeld statleg finansiering. Sidan eitt av måla til bomringen er å redusere biltrafikk, er bompengane i teorien sjølvutslettande.

Det er grenser for kor mykje lågare biltrafikken kan bli, før bomringen ikkje eignar seg til finansiering.

Dette ville føre til at staten tok ein mykje større andel, tenkte ein.

Difor kunne ein ta opp mykje lån då ein bygde ringveg vest og dei første trinna av Bybanen. No er lånetaket nådd. Hadde bomringen tatt opp litt mindre lån dei første åra, ville det vore plass til låneopptak no.

Takstane i bomringen ville vore lågare.

Resultatet blir nye rop på staten, men det er lite som tyder på at regjeringa vil høyre på det øyret.

Når det einaste som har retta opp i skeivfordelinga er bompengar, må bergensarane passe seg for å sage av den einaste greina ein sit på.