Akademisk vinterblot

Publisert: Publisert:
Asbjørn Kristoffersen

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Det blir ingen julegrøt, så god og søt, så god og søt, for nissen på Nygårdshøyden denne vinterfesten. Det blir vassgraut. Utan snopesjuke, overvektige små rotter dansande rundt i ring. Det blir nissetrist. Nei, universitetsnissen er ikkje skuffa. Han er berre djupt såra og vonbroten.

13. desember blir han førtidspensjonert. Då sessar eit halvt tusen andre tilsette seg ved Universitetet i Bergens første kjøtfrie vinterfestbord. Tida er ute for ribber og svor på slips og i bringedukar, og mandel i grauten. 13. dag vinterfest kjem han Knut og jagar nissen ut frå Tårnsalen på Universitetsmuseet. Hegemoniet er over for monokulturelle, gamle, kvite, menn med raud topphuve og pistrete skjegg.

Tida er inne for det grøne vinterfestbordskiftet. Så langt soga veit har aldri før så mange, så glupe vestmenn flokka seg til blot fritt for kjøtsmak. I eit hav av grønsaker. Medan ribbefeitt og svorskorper skvulpar over på slips og i bringeklutar blant klimafornektarane, skal det merkast på meir enn i disputasane at universitetsrektor Dag Rune Olsen går fremst i fylkinga i kampen mot klimagassar. Kven elles skulle vel elles blåst i lur? Trude Drevland? Trym Aafløy? Ytre Markeveigrenden Vel? Doktorgradar forpliktar. Nissar er klimafossilar.

At ikkje fiskelik og piska krem også er synte vintervegen, er korkje halal eller kosher eller like rettar for dyr som for menneske, berre joikafritt. Berre akademisk feigskap. Blotet inkluderer ikkje alle før det blir vegansk. Utan honning i teen. Det blir det nok til neste vinterfest. Då har nok Dag Rune Olsen også inndrege alle parkeringsplassar for dei tilsette i klimagasskampen, og hausta poteter i asfalten til festmaten. Nokon må visa veg i gassane. Nissefritt. It is hard to be a nissemann.

Publisert: