Skulebyråd Engøs politiske liv heng i ein tynn tråd

Skulebyråd Linn Kristin Engøs fremste forsvar i Vigilo-saka er at ho ikkje visste, at dei under henne ikkje forstod. Det er eit tynt forsvar.

Publisert Publisert

OFFENSIV: Skulebyråd Linn Kristin Engø risikerer å få mistillitsforslag mot seg i bystyret i Vigilo-saka, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Silje Katrine Robinson

  1. Leserne mener

Datatryggleik er kjedeleg og abstrakt, heilt til ein valdeleg mann får tilgang til den nye identiteten til ekssambuaren og barnet deira i ein e-post frå kommunen.

Det var først då, når advokat Kristin Aarre Hånes fortalde historia til denne valdstrua kvinna, at alvoret kom inn i tysdagens høyring om Vigilo-skandalen på Litteraturhuset.

Historia, som BT omtalte første gong i oktober, eit av få kjende døme på at Vigilo-skandalen har fått konkrete konsekvensar. Det kunne gått så mykje verre.

For den som ikkje har fått den med seg, handlar saka om korleis Bergen kommune rota det til då dei skulle innføre eit nytt system for å administrere skule og barnehage i Bergen.

Hovudproblemet var systemets kommunikasjonskanal mellom foreldre og skule/barnehage, ein app. Personopplysningar frå folkeregisteret vart lasta ned utan at valdsmenn med besøksforbod og andre som ikkje skulle ha tilgang vart fjerna.

Dette skjedde først mellom 12. og 20. juni, og så igjen på grunn av ein tabbe 25. juli. Tabben vart ikkje oppdaga før september, den nemnde mora oppdaga at den valdelege ekssambuaren hadde tilgang til tenesta. Kommunen og Vigilo rydda opp, trudde dei. Fleire feil følgde og i slutten av oktober stengde kommunen delar av appen. Den er enno ikkje opna opp att.

Les også

Et flertall i bystyret vurderer mistillit: – Det er ingenting som styrker tilliten til byråden. Jeg mener at hun er svekket.

Trugsmålet om mistillit heng over skulebyråd Linn Kristin Engø (Ap). Eit fleirtal i bystyret, SV, Høgre, FNB og Frp, vurderar saka og vil venteleg ta stilling denne veka.

Høyringa fekk fram sider av historia som gjev god grunn til å vere kritisk til byrådet. For det første endra byrådet prosjektet i slutten av 2018, ei avgjersle prosjektgruppa var sterkt imot.

Dåverande skulebyråd Roger Valhammer, som no er byrådsleiar, ville at både barnehagar og skule skulle få den nye løysinga klar til hausten 2019. Opphavleg skulle skule takast først.

Kommunens granskingsrapport har gjort dette til ei av forklaringane på dei mange feil som vart gjort, fordi det auka tidspresset og kapasitetsproblema i prosjektet.

Byrådet og kommunaldirektøren forsvarar seg med at innvendingane frå prosjektgruppa aldri nådde dei, og at Vigilo sa at dette ville gå greitt. Men som Vigilo-sjef Øystein Viland sa under høyringa, tok dei ikkje stilling til om kommunen hadde kapasitet til å handtere den auka arbeidsmengda.

Høyringa fekk òg fram at personvern og datatryggleik var langt nede på lista av kva ein var opptatt av, både i administrasjonen og den politiske leiinga. Det viktigaste var å få dei tekniske løysingane på plass tidsnok. Som skulebyråd Engø sa: «Det vi var opptatt av på byrådsavdelinga var kapasitet på servarane og nettkapasiteten til Bergen kommune.»

I lys av denne saka er Engøs forklaring så lite flatterande for den politiske leiinga at ho nok er sann. For er det noko som gjennomsyrar heile denne saka, så er det kor sjokkerande likegyldige byrådsavdelinga ho leier har vore til å sikre opplysningane som blir lasta inn i systemet.

Eit forsvar, som kom fram under høyringa, er at ein tidlegare ikkje har trengt å vere så bekymra for dette, fordi systemet har vore lukka og for intern bruk i kommunen. Det som har skapt problem i Vigilo-saka er at foreldre blir eksponert for delar av opplysningane gjennom den nye appen.

Men dette er eit svakt forsvar. Akkurat det at opplysningane ville bli synlege for foreldra burde tvert om gjere alle ekstra aktsame.

Les også

– Vi sov med et balltre i sengen

Forsvaret til både Engø og kommunaldirektør Trine Samuelsberg er vidare at dei ikkje visste at noko gale hadde skjedd, før i byrjinga av september. Då tok dei affære. Men det dei gjorde, fortel meg at dei heller ikkje då forstod alvoret:

Vigilo laga eit skript som skulle fjerne alle som ikkje skulle ha tilgang. Stikkprøver viste at det fungerte, men stikkprøvene var feil. 300 var framleis feilaktig i systemet. Båe seier at dei i ettertid ser at dei allereie i byrjinga av september burde stengt ned dei aktuelle funksjonane i appen, men at dei trudde alt var i orden.

Høyringa viste kor viktig det var for byrådet å få på plass det nye systemet. Kryptert kommunikasjon mellom foreldre og skule er sikrare og betre enn e-post og SMS. Men iveren etter å ønske seg eit betre system gjorde at dei tok større risiko på vegner av befolkninga enn dei burde.

Det som kan redde Engøs politiske liv, er at Vigilo-skandalen ikkje fekk større konsekvensar enn den gjorde. Så langt vi veit, vel å merke. Ifølgje Engø hadde ingen logga seg inn og funne informasjon om barn på hemmeleg adresse, dei som var mest utsett. Det har heller ikkje kome fram at nokon er blitt utsett for vald.

Det kunne gått så mykje verre. Og det vanstyret som denne saka har avdekt, er uansett byrådets og skulebyråd Engøs ansvar. Hadde nokon blitt utsett for overgrep som følgje av tabben, måtte ho nok ha gått. Slik saka står no, vil ho truleg bli sitjande.

Publisert