Fare for storkrig

Noreg må vere førebudd på å sende krigsskip til Persiagulfen.

Publisert:
Morten Myksvoll
Kommentator i BT

IRAN: Det britiskregistrerte tankskipet «Stena Impero» vart i førre veke sett i arrest av iranske styresmakter. I framgrunnen er ein båt som tilhøyrer den iranske republikanergarden. Foto: Hasan Shirvani, TT NYHETSBYRÅN

Konflikten mellom USA og Iran har potensial til å utløyse storkrig. Noreg er blitt bedt om å bidra militært. Mandatet for ein slik operasjon må vere ei patruljering av Gulfen og eskortering av skip. Ikkje noko meir.

I juni vart to oljetankarar visstnok angripen i Omanbukta. USA skuldar på Iran. Ein foreløpig granskingsrapport frå liknande hendingar i mai peiker på at ein statleg aktør truleg står bak.

Førre veke vart to britiske tankskip sett i arrest av iranske styresmakter.

USAs president Donald Trump skal ha vore nær med å beordre luftangrep mot iranske mål etter at Iran skaut ned ei drone i juni.

Det er umogeleg å vite kor lenge konflikten held seg på dette nivået, og når det eventuelt kokar over – anten for Trump eller for Iran.

Difor må det internasjonale samfunnet bidra til å redusere faren. Ein krig mellom USA og Iran vil bli grufull. Den vil neppe avgrense seg til å gjelde dei to partane; andre land i Gulfen vil bli dradd inn. Ein slik krig aukar òg faren for at atomvåpen vert tatt i bruk.

Dersom ein skal vente på at FNs tryggingsråd gir klarsignal, kan ein vente forgjeves. Der har nemleg Russland veto, og sjansen for at dei vil tillate ein slik styrke er liten. Aps avvising av eit norsk bidrag i påvente av eit FN-mandat er difor uklok.

Men Noreg skal ikkje berre delta dersom ein fryktar skrekkscenarioet. Åtak på skipstrafikken er ein god nok grunn til å vurdere norske bidrag.

Noreg er ein stor sjøfartsnasjon. Det er difor ekstra viktig for Noreg at det ikkje er fritt fram å angripe retten til fri navigasjon og sikker sigling. Difor deltok Noreg i Nato-operasjonen mot piratar i Adenbukta og utanfor Afrikas horn.

Det er likevel ikkje berre til å sende krigsskip til Hormuzsundet og satse på at konflikten går over. For det første er motstandaren langt mektigare enn dei somaliske piratane. For det andre vil ein slik operasjon etter alle solemerke vere leia av USA, som er part i konflikten.

Les også

Debatt: Hald Noreg utanfor krisa i Persiabukta

Målet med ein flåte må vere å roe ned spenninga som har danna seg i Gulfen. I ei militær opptrapping mellom Iran og USA finst det ikkje store, nøytrale aktørar. Det er altså USA eller ingen.

Då er det forståeleg at mange vil helle mot eit nei. Men det kan òg forverre situasjonen. Skuldingane mot Iran er foreløpig ikkje bevist. Ein internasjonal militærflåte kan bidra til avskrekking, eller i det minste verifisere kven som står bak eventuelt nye åtak.

Regjeringa tar ikkje lett på denne avveginga. Som alltid når ein vurderer eit styrkebidrag, så veit ein ikkje kva utfallet vil bli. Noreg må vere trygt plassert på USA si side i ein konflikt med Iran. Nøytralitet er ikkje eit alternativ.

Til det er militæralliansen vår for viktig.

TRE MENN: President Donald Trump (til v.), utanriksminister Mike Pompeo og nasjonal tryggleiksrådgjevar John Bolton er dei mest sentrale aktørane på amerikansk side. Foto: JONATHAN ERNST, Reuters

Men ein kjem ikkje unna at sjølv om den pågåande situasjonen ser ut til å vere eit resultat av iransk aggresjon, så har konflikten eit amerikansk opphav.

Dagens konflikt ville neppe skjedd dersom USA ikkje hadde kansellert atomvåpenavtalen dei inngjekk med Iran i 2015. Før presidentvalet i 2016 gjekk Donald Trump til stadige åtak på avtalen og skulda tidlegare president Barack Obama for å ha gått med på «tidenes dårlegaste avtale».

Trump profilerte seg som ein suksessrik forretningsmann, som var ein ekspert til å inngå avtalar. Han skulle ordne opp.

Tre år seinare forlét USA avtalen. Trump laug og sa at Iran ikkje hadde oppfylt krava til nedrusting som avtalen la opp til. Hans eige etterretningsapparat var ueinig. Utanriksministeren hans var ueinig.

I det året som har gått sidan USA forlét avtalen, har Iran signalisert at dei vil halde fram med å utvikle atomvåpen. Og me har altså fått denne tilspissa situasjonen i Gulfen.

«Trump forlét avtalen fordi det var Barack Obamas avtale», seier Jarrett Blanc, som tidlegare arbeidde med Iran-avtalen i det amerikanske utanriksdepartementet til Politico. Det gir eit håp om at avtalen kan kome på plass igjen, så lenge Trump får æra for det.

«Tidenes verste avtale» vil då plutseleg bli så mykje betre – for Trump. Verda vil i mellomtida ha flytta seg eitt hakk nærare stupet. Det einaste Trumps forhandling er god for, er hans eige ego.

Publisert: