På tide med pensjonsdebatt i Frp

Frps fremste finanspolitikar vil kutte sjukeløna. Partiet bør heller snakke om pensjon.

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

Gorm Kallestad, NTB scanpix (Arkiv)

Statsbudsjettet viser ei kraftig auke i kostnadane til folketrygda i åra som kjem. Det får Frps finanspolitiske talsperson Sivert Bjørnstad til å ta fram sparekniven.

– Det må bli kutt, seier Bjørnstad til Aftenposten. Han meiner regjeringa må ta ein gjennomgang av dei ulike ordningane, og sjå kvar ein skal kutte. Sjukeløna er ein opplagt kandidat, meiner han.

Pensjon vert ikkje nemnt. Meir om det seinare.

Bjørnstad er med i eit internt partiutval som skal forme partiets velferdspolitikk. Han er blant dei i Frp som lenge har ønskja å kutte i sjukelønsordninga. Det er ikkje utenkjeleg at partiet følgjer etter Bjørnstad, men det har ikkje skjedd til no.

Dette er ein strid mellom dei meir liberalistiske delane av Frp (som Bjørnstad tilhøyrer) og dei meir velferdspopulistiske fraksjonane.

Bjørnstads side får det vanskeleg, spesielt av to grunnar:

Slike kutt er upopulære. Det er òg langt frå gitt at eit kutt i sjukelønnsordninga faktisk vil spare staten og skattebetalarane for pengar.

Les også

BTs leder: Trygdefellen

Det er i hovudsak to modellar ein kan bruke for å kutte i sjukeløna. Det eine er å innføre ein (eller fleire) såkalla karensdagar, der arbeidstakaren ikkje får løn den første dagen ein er sjuk.

Den andre måten å gjere det på, er å redusere satsen for sjukeløn. I dag får arbeidstakarar dekka heile løna, inntil 600.000 kroner. Sjukeløna kan til dømes gå ned til 80 prosent.

Arbeidsgjevarane har ansvar for sjukeløna fram til sjukdomsdag 16. Etter det tar staten over. Difor er det bedriftene, ikkje staten, som sparer på kutt i korttidsfråværet.

Det gjer ikkje ei slik innsparing uviktig; Noreg bruker mykje pengar på denne ordninga. Men eit slikt kutt kan ikkje grunngjevast med at staten skal spare pengar.

Les også

Er det sant at det ikke er smart å gå av idet man fyller 67 år?

Eit kuttframlegg kan òg bli vanskelegare å få gjennomslag for, sidan utgiftene til sjukeløn faktisk ikkje veks.

Statsbudsjettet som kom i førre veke viser nemleg at utgiftene har vore ganske stabile i lang tid. I perioden 2009–13 gjekk utgiftene til sjukeløn ned. Dei siste seks åra har utgiftene flata ut.

Ifølgje Solberg-regjeringas anslag for dei neste fire åra vil sjukeløna framleis ligge stabilt.

Det har vore ein liten vekst i talet på mottakarar av sjukeløn sidan 2013, men talet på utbetalte sjukepengedagar er på sitt lågaste sidan 2001.

Ønsket om å spare pengar kjem nok frå veksten som finst på andre område i folketrygda. Det er blitt langt fleire på alderspensjon sidan 2013. Det vil koste staten dyrt – mange gongar meir enn sjukeløna kostar i dag.

Eit kutt i sjukeløn må sjølvsagt vurderast for seg sjølv, for det er ei stor utgift for staten. Men innsparingar her bleiknar mot veksten i pensjonsutgifter.

Dei et opp handlingsrommet til regjeringa.

Samanlikninga er relevant sidan Frp har streta mot eitkvart forsøk på å redusere veksten i pensjonsutgiftene.

Sidan pensjonsreforma vart innført i 2011, har den ført til høgare utgifter. Fleire tar ut tidlegpensjon enn før. Så noko av utgiftsveksten kan kome frå denne reforma. Men frå 2020 er det venta at pensjonsutgiftene vil vere lågare enn dei hadde blitt utan reforma.

Denne reforma stemte Frp mot. Partiet kjempar framleis mot den i regjering.

Frp har nemleg brukt gjennomslaget sitt i fleire statsbudsjett til å auke pensjonsutgiftene. Dei har fått meir pengar til minstepensjonistar, og meir til gifte og sambuande pensjonistar.

Men det største kravet deira vil i praksis bety ei demontering av reforma som regjeringa (som Frp er med i) skildrar som «et viktig bidrag til å sikre framtidens velferdsstat». Frp vil nemleg fjerne den største innsparinga i reforma: avkortinga som gjer at pensjonsutbetalingane veks mindre enn lønnsveksten.

Kva enn Frp finn på for sjukelønsordninga, kan ikkje demme opp for den pensjonsveksten partiet faktisk kjempar for.

Morten Myksvoll var medlem av Framstegspartiet fram til 2015.