Ein unødvendig streik

Akasia-streiken viser at det hastar med å få ferdig pensjonsreforma.

PENSJON: Tysdag gjekk streikande barnehagetilsette i Akasia tilbake på jobb, etter å ha vunne fram med hovudkravet, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.

Fred Ivar Utsi Klemetsen

Barnehage-streiken i Bergen enda med eit solid tap for barnehage-konsernet Akasia, og for arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter. Dei tilsette får no tilbake ei pensjonsordning som garanterer dei 66 prosent av løna når dei pensjonerer seg som 67-åringar (med full oppteningstid). Den pensjonen vil dei behalde så lenge dei lever. Det er ein garanti dei fleste andre i privat sektor kan drøyme om.

Etter pensjonsreforma i 2011 har dei fleste private bedrifter gått over til innskotsbasert tenestepensjon, der pensjonane er avhengig av avkastinga i aksjemarknaden. Risikoen for tap ved låg avkasting er med det flytta frå arbeidsgjevar til arbeidstakar.

Akasia innførte ei slik pensjonsordning i januar 2016. Den blir vidareført, men dei som vil, kan i staden velje 66-prosents ordninga, også kalla ytingsbasert pensjon.

Les også

Hans K. Mjelva: Streiken handlar om framtidas pensjonssystem

Ein skulle tru at valet for dei tilsette var enkelt, men det er det ikkje. Ytingsbasert er nok best for dei over 40, spesielt kvinner (fordi dei lever lenge). Men for dei yngre er valet mindre sikkert, fordi vilkåra for den ytingsbaserte ordninga truleg vil endre seg.

Både i privat og offentleg sektor blir pensjonane no levealdersjustert, slik at folk må jobbe stadig lenger for å få den same pensjonen. Det gjeld merkeleg nok ikkje private ytingsbaserte ordningar, som den Akasia no tilbyr.

Men det vil Stortinget truleg endre på, når dei vedtek ny pensjonsordning for det offentlege. Kva tid det skjer er høgst usikkert. I fjor braut forhandlingane mellom regjeringa og fagrørsla saman, men arbeidsminister Anniken Hauglie (H) har varsla nye møter til hausten.

Dermed kan dei yngste i Akasias barnehagar kanskje tene på å velje innskotsbasert pensjon. Kanskje. Uvissa illustrerer rotet politikarane skaper ved å ikkje få på plass pensjonsreforma. Streiken i Bergen var eit resultat av dette rotet.