Å redde klimaet vil svi

Skal det vere realistisk å redde kloden frå klimakaos må sjølv nordmenn ta noko av rekninga.

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

FNs KLIMAPANEL: Fleire hundre millionar menneskje risikerar fattigdom og svolt, viss den globale oppvarminga blir to i staden for 1,5 grader, ifølgje rapporten FNs klimapanel la fram sist måndag. Ahn Young-joon / TT NYHETSBYRÅN

Vindkraft har no blitt så billig å byggje ut på den vindfulle norskekysten at investorane kan rekne med solid avkasting, sjølv når subsidiane forsvinn i 2022, skriv Dagens Næringsliv. Men det er ikkje investorane og utbyggjarane i USA, Tyskland, Frankrike, Oslo eller Stavanger som får øydelagt turområda sine.

Den sterkt veksande motstanden mot vindmøller i stader som Gulen, Flora og Masfjorden kan tene som illustrasjon på kva vi har i vente: Kampen for å redde klimaet blir ikkje smertefri, slik han i all hovudsak har vore til no. Det blir ein pris å betale. Og det blir ein kamp om kven som skal betale, og kven som skal få vinsten.

Les også

Gulen kan få uønsket vindkraftverk

Rapporten FNs klimapanel la fram sist måndag slår fast at om verda skal nå målet i Parisavtalen om maks 1,5 gradars oppvarming av kloden, må utsleppa av CO₂ reduserast til null innan 2055. I klimapanelets grafar byrjar nedtrappinga allereie i 2020, om litt over eitt år.

Lite tyder på at det er realistisk. Men følgjene ved å auke den globale oppvarminga vidare vil vere så dramatiske, at ein skal vere bra pessimistisk på menneskas vegner for å tru at verdas leiarar blir sitjande med hendene i fanget. Mykje må gjerast, og vil bli gjort, for å få ned utsleppa av klimagassar.

Vindmøllene er representantar for den minst smertefulle delen av løysinga, for dei som ikkje får møllene tett inn på seg, vel å merke. Fallet i prisen på vind- og solkraft er ein revolusjon, som gjer det mogeleg å sjå for seg ei framtid der verda har nok energi utan fossilt brensel. Rett nok står mykje att, til dømes på lagring av elektrisk kraft, men det blir brukt enorme ressursar på å finne betre løysingar.

Verda treng energi. Å tru at vi kan møte klimakrisa ved å dramatisk kutte ned på energiforbruket er naivt. Det vil senke den økonomiske veksten, og det vil senke livskvaliteten til folk på ein måte som vil gjere klimatiltak endå vanskelegare å gjennomføre.

Les også

Elvestuen: - FNs klimarapport viser alvoret og må være en kraftig vekker for oss alle

Vår beste von for å redde kloden er difor å bruke den kreativiteten som vart utløyst gjennom opplysningstida og den industrielle revolusjonen til å finne nye teknologiske løysingar. Kreativiteten må rett nok ha politisk hjelp, ved at alle klimautslepp får ein pris, og gjennom massiv satsing på forsking og utvikling.

Men akkurat som utbygginga av vasskraft og tungindustri i si tid la fossar i røyr og tok ein jafs av det biologiske mangfaldet, kan ikkje utbyggingar av vindmøller skje utan at nokon får det i nærleiken eller synsfeltet, eller at fuglar døyr.

Det held ikkje å føyse bort verdien av kraft frå vindmøller i Noreg med at det uansett vil utgjere ein brøkdel av Europas energiproduksjon, slik Ingebjørn Bleidvin gjorde på her på kommentarplass i BT for eit par veker sidan.

Med ein slik argumentasjon, som er svært vanleg blant alle som argumenterer mot klimatiltak dei ikkje likar, er det snart ingenting i verda som bør byggjast ut, ingen olje som bør bli liggjande, inga flyreise som bør droppast, inga kolgruve som bør stengjast, ingen regnskog som bør stå. Dei fleste tiltak har ein pris, anten det er i kroner, tapte privilegium, tapt natur eller tapte inntekter.

Straum frå norske vindmøller er viktig både for å elektrifisere transportsektoren, og som bidrag til energimiksen i Europa. Eg er samd med Bleidvin i at bitcoin-fabrikkar er meiningslaus sløsing med straum, men det er då bra at vindkraft frå ei rekkje anlegg, mellom anna i Flora og Fosen, skal brukast i norsk tungindustri.

Les også

Hans K. Mjelva om vindmøllene i Flora: Statens overkøyring av lokaldemokratiet

I det politiske spelet om klimatiltak peikar alle først på kvarandre. I Noreg betyr det til dømes å peike på at norske vindmøller eller CO₂-utslepp er ein drope i havet samanlikna med utsleppa frå store land som Kina. Men det å krevje at relativt fattige land skal la sitt kol liggje, samstundes som vi pumpar opp all olje vi kan finne, vil ikkje føre noko særleg langt.

Det er ikkje tilfeldig at FNs klimapanel legg stor vekt på at klimaet må reddast samstundes som ein motarbeider fattigdom og ulikskap. Klimakrisa krev eit samarbeid utan sidestykke i verdshistoria, og då må kostnadene og vinstane fordelast rettvist.

Den same logikken må liggje til grunn for vindmølleutbygginga i Noreg. Akkurat som vasskrafta er dei beste områda for vindkraft ein knapp og svært attraktiv naturressurs, medan kostnadene ved utbygginga er lokale. Gulen og andre lokalsamfunn må difor få større innverknad på utbyggingane, og meir av vinsten.