Bergens største pengebinge

Byrådet brukar pengar igjen. Det kan fort gå gale.

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

ILLUSTRASJON: MARVIN HALLERAKER

16. mai stod ein tårevåt Pål Hafstad Thorsen (Ap) framfor foreldre og tilsette på Tveiterås skole. Byrådet hadde snudd. Dei rundt 30 sterkt utviklingshemma elevane får ein flunkande ny skule i idyllen på Paradis. Bergens skulebyråd kunne fortelje at «tårene kommer nå fordi vi alle er lettet».

Berre eitt år tidlegare skreiv skulebyråd Thorsen lesarbrev i BT, der han var «tydelig på» at skulen skulle flyttast. Så fekk han merke ein kjenslesterk kamp frå ressurssterke foreldre med forfattar Olaug Nilsen i spissen, og Høgre som ivrig heiagjeng. Tårene i augnekroken tyder på at foreldra hadde nådd heilt inn.

Harald Schjelderup (Ap) vann i 2015 valet og byrådsmakta i Bergen på lovnader om trygg økonomisk styring. Byen hadde ei udekt pensjonsrekning på to milliardar kroner og ei sterkt aukande gjeld.

Lovnaden vart nedfelt i byrådsplattforma, og til no har trekløveret Ap, KrF og Venstre halde løftet. Dei siste to åra har kommunen gått med over ein milliard i overskot årleg, pengar som er brukt til å fylle pensjonsholet. Og trass milliardoverskota har byrådet klart å halde att på driftsutgiftene, noko som slett ikkje er kvardagskost i norske kommunar.

Les også

– Jeg kjenner enorm lettelse og glede. Vi kjenner hvor mye det har kostet.

Resultatet er rett nok ikkje så mykje deira ære. Mesteparten av overskotet skuldast innføring av eigedomsskatt, auka statlege overføringar og utsette investeringar.

Men dei skal ha skryt for disiplinen. Spørsmålet er om den held perioden ut. Dei siste månadene har vi fått fleire saker som tyder på at Schjelderup og «finansminister» Dag Inge Ulstein (KrF) har slakka på tøylene.

Spesialskulen på Tveiterås vil ifølgje byrådet koste 210 millionar kroner. I tillegg kjem verdien av den 20 hektar store tomta, som kommunen no ikkje kan selje når elevane likevel ikkje flyttar til Ulriken. Ifølgje eigedomsutviklarar eg har snakka med vil den kunne ha ein marknadsverdi på 70–80 millionar, kanskje meir, avhengig av utnyttingsgrad.

I førre veke var det kulturbyråd Julie Andersland (V) sin tur til å dele ut milde gåver. Saman med byrådsleiar Schjelderup kunne ho glede dansekompaniet Carte Blanche og avantgardteateret BIT med at kommunen no vil betale dei 50 millionane som manglar for å fullfinansiere byens nye kulturbygg. Det kjem på toppen av dei 305 millionane kommunen allereie har vedteke å bruke på bygget (inkludert tomteverdien).

Dessutan tek kommunen no på seg all risiko for eventuelle overskridingar ved ombygginga av symjehallen.

I mars fekk byrådet fleirtal i bystyret for å kjøpe ei grend med falleferdige hus i Laksevåg, for å hindre at dei skulle bli verande utleigehus. Kva kommunen skal bruke dei til er uklart, men det er ikkje prisen: 50 millionar kroner.

Alle desse utlegga kjem i tillegg til det allereie svært omfattande investeringsprogrammet til byrådet. Held ein sjølvfinansierte tenester som vatn, avløp og renovasjon utanfor, skal Bergen kommune investere for 11,4 milliardar kroner fram til 2021. Skular får mest, med sjukeheimar på andre plass og kulturbygg som nummer tre. Og så skal rådhuset byggjast om for nær ein halv milliard.

Over halvparten av investeringane må lånast. Bergen kommune må i 2021 betale 1,4 milliardar kroner i renter og avdrag. Det er 400 millionar meir i årlege utgifter enn i dag. Og det er med dagens låge renter. Går rentene opp, vil ein slik gjeldsauke slå hardt ut. Som byrådet sjølv skriv i handlingsprogrammet: «Høy gjeld gjør kommunen også mer sårbar for framtidige renteøkninger.»

Med eit slikt ambisiøst program burde byrådet vere forsiktig med å fylle på med meir, same kor mykje det varmar hjartet. Både Tveiterås skule og Sentralbadet kulturhus er gode tiltak, men byrådet må prioritere. Skal desse inn, bør noko anna ut.

Det viktigaste er at pålessinga av investeringsbudsjettet, som i fjor vart jekka opp med 1,2 milliardar, må stoppe. Bergen treng ikkje meir gjeld.

For gjeldsveksten kan gje byen økonomiske problem, sjølv om alt ser roseraudt ut no. Uventa renteoppgang er ei sak. Ei anna er at staten venteleg vil bli mindre raus i åra framover, noko regjeringa har varsla for lengst. Dessutan har byrådet basert økonomiplanen på å spare 150 millionar kroner årleg i auka effektivitet. Det er lettare sagt enn gjort. Skatteinntektene kan òg svikte, slik dei gjorde i fjor. Og eldrerekninga kan bli større.

Kort sagt: Med høgare gjeld aukar risikoen, og sidan byen allereie har eigedomsskatt, kan byrådet heller ikkje innføre det for å redde budsjettet.

Difor, Dag Inge Ulstein og Harald Schjelderup: hald på bremsene. Bind dykk til masta når særinteressenes sirener syng sine triste songar. Vis opposisjonens einsame finanspolitiske ryttar, Henning Warloe (H), at han tek feil. Vis at de maktar å effektivisere kommunen, slik de har lova.

Og sei nei, sjølv når hjartet ropar etter applaus.