Bølleruss

Russebussruss er ikkje som annan russ

Asbjørn Kristoffersen

Jan M. Lillebø

Russebussgutar slåst etter avtale. Russebussjenter heiar og mobbar kvarandre etter avtale, for å kapra vinnaren. Snille russegutar får klem av mamma. Slemme russebussgutar dreg damer.

Russebussruss er ikkje som annan russ. Russebussruss har mest pengar, og dei som har mest pengar, er mest populære. Norske russebussruss er dei einaste som er russ heile året. Noreg er eit leiande russebussland i verda.

Først rullar dei nye russebussrussane med dei gamle russebussrussane. Så skaffar nykomarane seg russebuss til to millionar og reiser til Kos og Ios og rusar seg og slåst om kven som har den stiligaste russebussen. Og om kven som er dei verste turistbøllene som er å oppdriva på dei greske øyane.

Dernest russebussfestar dei jamt og trutt til dei må opp til eksamen. Innimellom tek dei ein tur til Geilo. Der knuser russebussgutane inventaret i alle hytter dei kjem seg inn i, medan russebussjentene heiar og mobbar kvarandre for å kapra den som knuser flest hytter.

Les også

– Ungdommene har ødelagt ferien vår med festingen sin

Når den regulære russetida er over, ventar reprise i faddervekene på universitet og høgskular, med russebuss i reserve. Russbussruss sluttar aldri vera russ.

Det må vera fullt forståeleg at russebussgutar slåst så blod og vodka renn om kven som har dei stiligaste russebussane, og at russebussjentene heiar på kamphanane. Etter fem års barnehagegang og elleve års skulegang, har dei aldri før vore utan pedagogisk overoppsyn. Dei må ha lov til å stå opp og kjempa på tørre nevar og Absolut vodka for russebussane sine.

Dei har aldri før hatt noko å kjempa for.

Det er synd på dei som ikkje er med på nokon russebuss og som ikkje får vera med til Kos og Ios og Geilo og på vanlege russebussfestar i fresje klubblokale i sentrum med eigenkjøpte låtar til 200K og føkk politiet. Dei som ikkje er russebussruss, må berre læra seg at nokon er inne og andre er ute her i livet.