Til kamp mot Austmannen

Noreg treng vestlendingen, men den skikkelege vestlendingen er ikkje lett å finne. Viss han i det hele teke finst.

Publisert Publisert

Foto: Marvin Halleraker (illustrasjon)

  1. Leserne mener
iconDenne artikkelen er over to år gammel

No kjem han! Austmannen. Den dresskledde skikkelsen i Erlend O. Nødtvedts debutroman «Vestlandet» er ein stum karikatur som femner breitt: alle dei som vil utjamne, effektivisere, straumlinjeforme, føre straum i monstermaster, slå saman alt og slå ned på alle som går i utakt.

Han finst.

Han er overalt.

Han er statsråden, han er fylkesmannen, han er heile departementet, kvart einaste direktorat, han er direktøren, eigaren og styrerommet, og no er han fylkeskommunen og kommunen, og no byrjar til og med sjefen din å likne på han, snakke som han, med alle KPI-ane og synergieffektane han skal formidle frå seminaret med eigarane.

Motstandsfolket er vestlendingane, viss dei finst. Dei finst i Nødtvedts roman, der forfattaren Erlend og målaren Yngve dreg ut på ei ellevill ferd i ein gammal Toyota Camry.

Erlend og Yngve drikk og røykjer frå Bergen til Olav H. Hauges heim i Ulvik. Dei drikk og røykjer ved grava til Per Sivles mor på Oppheim, dei er blindpassasjerar i Jon Fosses snøggsjark på Byrknes, dei drikk og røykjer når dei ignorerer Statens vegvesens ord, at Hardangervidda er stengd.

Les også

Jeg er visst ikke mann nok

I bagasjerommet har dei ein hovudskalle. Skallen er det som er att etter Anders Lysne, lærdølen som i 1803 blei halshogd på Sydneshaugen, etter at han leia bøndene i opprør mot tvungen militærteneste.

Relikvien skal Erlend og Yngve halde unna austlendingane, og i staden frakte han heim til Lærdal. Lysne er den store helten i boka. Legenda, ein ekte vestlending som stod opp mot sentralmakta og danskekongen. Vestlandsmartyren.

Det er slike folk Vestlandet treng.

Det har alltid vore nokon som vil styre over vestlendingane.

Kongen i København og svenskekongens lojale embetsmenn i Kristiania, og Einar Gerhardsen, Jens Stoltenberg og Jan Tore Sanner.

«Boken er en ren og skjær hyllest til landsdelen vår», sa Nødtvedt til BT i haust. «Det å være i opposisjon til sentralmakten, enten den er i København eller i Oslo, er sentralt for vestlendingen. Romanen er egentlig et eneste stort forsvar for det spesielle, det egenartede – det villrådige og viltvoksende.»

Les også

En muslim som statsminister

Spørsmålet er om denne vestlendingen finst i røynda. Denne vestlendingen som er villrådig, som er villig til å stå opp mot embetsmennene.

Dei er ikkje lette å finne i politikken. Ein etter ein blir dei alle tekne av Austmannen.

Til dømes kan ein ikkje lite på at Ingrid Heggø, Aps stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, skal flytte meir makt til Vestlandet. I sommar sa ho til avisa Firda at «di lengre eg sit på Stortinget, di mindre har eg lyst til å overføre, fordi vi misser kontrollen, og fordi det blir vanskelegare å måle gjennomføringsgraden».

Ein må ikkje vere for lenge på Austlandet. Ein kan bli sånn.

Normalt er det ikkje på venstresida ein finn dei mest vestlandske vestlendingane, sjølv om Nødtvedt i boka drøymer om «et sosialistisk kooperativ av samarbeidende vestlandske bygdelag løsrevet fra Oslo-Norge, med et gjenfødt, nynorsk Bergen som naturlig hovedstad».

Viss nokon, er det faktisk folk frå regjeringspartia som er nærast. Austevollingen Helge André Njåstad (Frp) og Ove Trellevik (H) frå Sund er kanskje dei to beste vestlendingane på Stortinget.

Dei er folk som kan halde på i time etter time med kvifor skal desse byråkratane der inne Oslo seie at folk ikkje kan byggje naustet der dei vil, veit dei eigentleg kor mykje strandsone me har her på kysten, dei sit der på kontora sine og lagar reguleringar og krav og eg veit ikkje kva og det nyttar faen ikkje å seie imot, kan ikkje folk berre få gjere det dei vil med pengane sine utan at kemneren skal kome og seie at nei, du har formue, du, du den maskinen der, den er pengar som me må ta frå deg, eg fattar det ikkje.

Men for dei må det kjennast som om dei står i botn av Vøringfossen og tryglar vatnet om å snu. Sjølv røystar dei for både kommunereform og regionreform og politireform.

I det minst har dei nokre instinkt som er mangelvare i norsk politikk.

Noreg treng vestlendingen. Vestlendingen som seier nei, som spør «kvifor det?», som stretar imot når Austmannen vil styre.

Ikkje fordi vestlendingen er konservativ, sjølv om han ofte er det, men fordi han er vill, eigenrådig og vil vere sjef i eige liv.

Viss alle legg seg på rygg for kommandosentralen i aust, er det ikkje nokon att til å ta samfunnet framover.

Publisert