Stupid is the new loud

Kor dum går det an å bli?

«PUPPAN MINE kan beskrives med ett ord: Rimelig fantastisk».

Den atten år gamle glamourmodellen Camilla frå Rikingen, realityserie på VGTV, står til livet i vatn og peikar på dei struttande fordelane sine då ho kjem med årets replikk. Scena er hysterisk. Eitt ord, du liksom. Ho brukar jo to: Rimelig fantastisk. Kan ho telle, eller? Høhø.

Litt seinare i serien uttaler sjølve Rikingen (44), gründeren med penthouse i Fredrikstad, at ho med dei fantastiske puppane — som han frir til - er den billigaste i drift han har hatt. Han seier det som om det er ein fin ting å seie, som om han snakkar om ein bil som brukar lite drivstoff på mila.

Kor er Jantelova når ein treng henne?

ETTER ÅTTE EPISODAR av kort-realityserien Rikingen, pluss nokre sveip innom Paradise Hotel, kjendest det som om haka var i ferd med å gå ut av ledd. Kva var det ho eine i Paradise Hotel sa: «Hun er liksom ikke min type, hun ser så jordnær ut - jeg er liksom litt mer down to earth».

Og er det mogeleg? Hoppa verkeleg jentene i senga berre iført hotpants, eit klesstykke over puppene og Teletubbies-antenner på hovudet? Mens ein av gutane sa at han drøymer om firkant - der han kan «schwuppe» frå den eine baben til den andre?

SÅ LES EG i Fredags-Dagbladet om «Jersey Shore», serien på MTV som får Paradise Hotel til å framstå som barne-TV. Åtte italiensk-amerikanske gutar og jenter, såkalla guidos og guidettes har eitt mål i livet: Å ta seg godt ut.

Det tyder silikon og blingbling der det trengst, falsk brunfarge, falske negler, falske tenner og masse greier i håret. Håret må vere stort. Pluss «ingen manerer, ingen diksjon, ingen smak, ingen utdanning, ingen seksuell diskresjon», som kommentator Linda Stasi i New York Post la til.

ER DET EIGENTLEG så nøye?

Trass motstanden ein slik ståstad vil føre med seg: Ja, det er faktisk nøye. Fortryllinga gjennom TV-skjermen forsvinn straks kamera er borte. Kva skjer når Rikingen kastar Glamourmodellen ut? Vinnaren av Paradise Hotel tener småpengar på å selje T-skjorter med ordet «Stek» på. Mykje tyder på at det ikkje var hans idé. Ifølgje bt.no er det tre bergensstudentar som no kjenner seg lurt.

KLESMERKET DIESEL må ha skjøna at nokon er lette å lure. I vår lanserte dei sin nye filosofi: «The Official Be Stupid Philosophy», eit «manifest» om kor mykje smartare det er å vere dum enn å vere smart. Dei dumme stiller så mykje smartare spørsmål, er det geniale utgangspunktet. Som for eksempel: Kva slags parti kjem den amerikanske presidenten frå? Eit spørsmål som fekk deltakarane i Paradise Hotel til å sjå tomt framfor seg. Ei av dei visste svaret, noko som fekk dei andre til å himle med augo: Kva anna hadde ho i hovudet dersom ho visste slikt?

DIESEL LANSERER «Ver dum»-kampanje samstundes som også finkulturen ifølgje Intelligent Life er på frammarsj. Då magasinet sjekka intelligensen i verda på tampen av 2008, meinte dei å sjå at folk vil ha meir - og ikkje mindre - intellektuelt krevjande underhaldning. Kanskje det, men samstundes er det framleis mange som tener på å framstille det som at det er smart å vere dum, uvitande, ansvarslaus og ukritisk.

Politikarane tener på det når vi ukritisk godtek bullshit. Media tener på at vi vil lese om dumme folk. Næringslivet tener ikkje minst på dumskap. Når det ikkje er så nøye å stille kritiske spørsmål, er det mykje ein kan kome unna med berre ein gliser breitt nok. Som sjefen i Enron, Jeffrey Skilling, «the smartest guy in the room». Få år før han velta heile det gigantiske selskapet, stod han på talarstolen framfor sine tilsette og bad dei nytte pensjonane sine til å kjøpe aksjar i Enron. Sjølv hadde han på det tidspunktet tatt ut alt av verdiar frå selskapet.

DET ER HØGST SANNSYNLEG verken skadeleg eller oppbyggjeleg å sjå folk seie og gjere dumme ting på TV. Etter sju episodar med Rikingen i eitt strekk, fekk eg likevel same kjensla i kroppen som etter å ha ete ein altfor stor pose smågodt.

Eg var kvalm. Kvalm av mitt eige blikk først og fremst, og at det ikkje går an å forsvare seg med noko når Aune Sand brått dukkar opp og seier at det berre er ein ting som aldri sluttar å imponere han, og det er «jomfrumus». Eg må berre le med. Eg har trass alt sett på. Høhø. Ikkje ta det så alvorleg.

I nettkommentarane under Rikingen på vg.no blir dei som skriv at dette er drit-TV som vanleg skulda for å vere misunnelege.

«Det beste av alt han tørr å være seg selv 110 %», skriv Irene.

I eit sivilisert samfunn bør det aldri vere eit ideal. Kor er Jantelova når ein treng henne?

Synspunkter? Bruk kommentarfeltet under:

LÆTTIS: Tine Valle og Carl Eliassen vant i årets Paradise Hotel. 250.000 nordmenn fulgte serien. FOTO: TV3