Offerets beste venner

Det er ikkje særleg radikalt å vere for hijab i politiet.

Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 13 år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

PARADOKSET etter intens hijab-debatt denne veka er den rørande semja mellom venstreradikale og folk som Usman Rana. Rana er mannen som gjorde seg sjølv berømt med å skrive ein kronikk i Aftenposten der han argumenterte mot ytringsfridomen i norsk allmente.

Sist søndag sat vi saman i panel på dialogmøte på Litteraturhuset om hijab og ytringsfridom i Oslo. Rana hevda at mange muslimske jentene ville føle seg mobba med eit nei til hijab. Dei var no særs skuffa over BT, hevda han — fordi avisa på leiarplass har argumentert mot hijab i politiet. Påstanden om mobbing blei møtt med jubel frå salen.

Les også BTs leder: Nei til politihijab

DÅ SALEN VAR TØMT , stod eg att med nokre av dei hijabkledde jentene. Dei virka verken såra eller utsett for mobbing. Dei var ikkje offer. Dei argumenterte tvert i mot tydeleg og sterkt.

I det lyset er det nokså underleg å lese Kristin Halvorsen - eller John Olav Egeland i det kulturradikale Dagbladet - sitt forsvar for hijab i politiet. Dei definerer jentene som ei svak gruppe som difor må lyttast til. Dei går bort frå prinsipp, og dei ser bort frå verdikonflikten, mellom anna mellom likestilling og religionsfridom.

Les også: It's the religion, stupid

Les kommentaren: «Politidirektoratet trodde det var en bagatell. Plutselig ble det debatt om sjefen over alle menneskerettigheter.»

BÅDE HALVORSEN OG EGELAND argumenterer langs linjene til reaksjonære Usman Rana. Egeland hevdar at politietaten må «legge til rette for bruk av symboler som er knyttet til religiøs identitet, og som enkelte trossamfunn mener er så viktig at det må bæres av de troende». Kor radikalt er det å underleggje seg trusdogmer på denne måten? Det skulle vere interessant å vite kor grensa går for Egeland for bruk av religiøse symbol.

Poenget er at både Halvorsen og Egeland så tydeleg knyter diskusjonen opp mot integreringspolitikken. Utan vidare blir det tatt for gitt at det å vere mot hijab i politiet er integreringsmotstand.

Les også: Politiet sier nei

Les også: Forfattere mot politihijab

JENTENE PÅ LITTERATURHUSET i Oslo viste tvert i mot at dei har tatt til seg dei mest grunnleggjande verdiane i det norske samfunnet, nemleg retten til å snakke fritt og høvet til å krevje sin rett. Det fordrar at resten av samfunnet følgjer opp og deltek i diskusjonen. I staden kjem no den eine etter den andre politikaren og kommentatoren fram og meiner vi skal stoppe debatten - fordi det berre kan gagne Frp.

Ja, dersom Frp aleine får leggje premissane, er det ikkje sikkert diskusjonen blir så interessant. Men kven gagnar det at vi stoppar debatten? Folk som Usman Rana og Kristin Halvorsens SV, som på kvar si side tener på offerretorikken. No kjempar dei om å vere dei mest offervenlege.

DEBATTEN OM HIJAB i politiet er ikkje enkel. Det fins mange gode argument både for og mot, og reint pragmatisk er det lett å stemme i med dei som hevdar at dette er blitt ein storm i eit vassglas. Dette handlar om yttarst få muslimske jenter. I Sverige, der det er lovleg, er det framleis ingen politidamer med hijab.

Stormar i vassglas kan likevel av og til få større stormar til å bryte ut. Då justisdepartementet måtte trekkje attende pressemeldinga om at hijab skulle tillatast, virvla nokre av dei mest betente spørsmåla i vår tid opp. Dei bør ikkje avfeiast med billeg offerretorikk. Hijabdebatten handlar om grenser - kva skal vi ha felles i eit samfunn? Den har handla om religion, openheit, om antiimperialisme og protest mot Vesten. Om kvinnekamp, retten til ikkje å vere eit objekt - og om integrering.

DET SOM HAR KOME i skuggen er politiets særeigne rolle i eit samfunn, som den einaste legitime tvangsmakta vi har. Politiet har ikkje ytringsfridom i jobben. Det vel Egeland og dei andre hijabforkjemparane heilt å sjå bort frå. I staden lener han seg på representativitet, tillit og autoritet i folket. Korleis kan autoritet byggjast utan at vi alle kan ha tillit til at politiet er livssynsnøytralt?

Uniforma er til for å markere at politifolk ikkje opptrer som privatpersonar, men som mest mogleg objektive handhevarar av lova, heva over alle omsyn til religion, rase og kjønn.

Debatten har vist med tyngde at hijab i politiet reiser tvil om dette grunnleggjande premisset.

NÅR ARBEIDARPARTIET endeleg konkluderer i spørsmålet, er det likevel på tide å halde fram med dei andre debattane som har kome fram denne veka. Her kan jentene frå Litteraturhuset få mykje å seie. Det fordrar at Halvorsen, Egeland, Rana og co let dei snakke for seg sjølv. Då vil både muslimske jenter med hijab - og muslimske jenter som fryktar dei må ta på seg hijaben, få bryte ut or offerposisjonen. Det er dei som kan diskutere om hijaben fremjar inkludering eller marginalisering. Det er dei som kan diskutere kva det er som er dei beste integreringstiltaka.

Den debatten har likevel ingenting med politiet å gjere.

Er det ein allianse mellom konservative muslimar og såkalla kulturradikale i innvandringsspørsmål? Sei di meining i feltet under!

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. - Helomvending i hijab-saken

  2. – Ap vil stoppe hijab-saken

  3. – Muslimske politikvinner bør ikke pågripe menn

  4. Forsvarer Storberget

  5. Vurdererer hijab for dommere

  • Hilde Sandvik
FOR HIJAB: Både Kristin Halvorsen og Usman Rana (biletet) vil ha hijab i politiet som integreringstiltak. Kor radikalt er det å underleggje seg trusdogmer på denne måten?
BT anbefaler

Se Ballspark etter Stabæk-Brann

Se Ballsparks TV-sending og send inn dine spørsmål til gjengen i studio.

LES SAKEN