Viss staten ikkje vil ta ansvar for ammehjelp, burde dei ha skamvett nok til å betale dei som gjer jobben

Barselomsorg kan ikkje finansierast med tigging.

Velferdsstaten burde ta ansvar for norsk ammehjelp, skriv kommentator Gerd Tjeldflåt.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Denne helga måtte Ammehjelpen be om naudhjelp.

Den frivillige organisasjonen som i 54 år har hjelpt nybakte mødrer å amme, måtte be om pengegåver på Spleis. Ifølgje dei sjølv var økonomien så dårleg at heile drifta sto på spel.

Responsen var enorm. Måndag morgon hadde dei fått 3,6 millionar kroner. Over dobbelt så mykje som staten kvart år bidreg med.

Dermed er organisasjonen redda inntil vidare, og godt er det. Utan Ammehjelpen ville mange nybakte mødrer og barna deira vore overlatne til seg sjølve.

Men norsk ammehjelp kan ikkje finansierast med tigging og almisser. Me har ein velferdsstat.

Dei siste åra har kvinner jamleg protestert mot manglande oppfølging etter fødsel i Noreg. Meir ammehjelp har det så langt ikkje ført til.
Les også

Dei seier det er så naturleg. Men å amme er noko av det vanskelegaste eg har gjort.

Støtteerklæringane til Ammehjelpen rann inn frå alle kantar. Det vil seie, frå alle andre kantar enn den politiske.

I staden har statssekretær Ole Henrik Krat Bjørkholdt (Ap) sagt til NRK at det er «gode tradisjoner for at frivillige organisasjoner og enkeltpersoner bidrar betydelig på toppen av den offentlige satsingen.»

Det er ei dryg ansvarsfråskriving, som heller ikkje er dekkande for situasjonen. For det er då vitterleg ikkje ein «god, norsk tradisjon» at ansvaret for nødvendig helsehjelp blir lempa over på ein frivillig driven organisasjon.

Til både statssekretærens og hans partis forsvar bør eg understreke at dei ikkje ser på ammerettleiing som nødvendig helsehjelp.

Det stemte Stortinget nemleg over denne våren, og forslaget falt takka vere både Arbeidarpartiet og deira regjeringspartnar Senterpartiet.

Litt rart er det jo, gitt den svært uttalte anbefalinga om at barn bør ammast. Mødrer som ikkje får tømt brystet for mjølk vil også få betennelse som kan vere livstrugande.

Men det er klart, hadde stortingsfleirtalet vedtatt dette måtte politikarane også ha finansiert det. Og det vil dei openbert ikkje.

Forslaget sto mellom anna Høgre bak, utan at det er grunn til å hylle dei heller. Etter åtte år med helseministeren har dei hatt all mogeleg sjanse til å gi norske kvinner anstendig ammerettleiing, utan å gjere det.

Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen har ein ammepoliklinikk. Problemet er berre at for få får time der.

Så skal det vere sagt: Det finst ammehjelp å få også i det offentlege helsevesenet. På mange sjukehus, som for eksempel Kvinneklinikken i Bergen, finst ein ammepoliklinikk med enormt kompetente og imøtekomande tilsette. Problemet er at mange mødrer aldri kjem hit fordi den er så sparsamt bemanna. Ventetida er også lang.

På kommunale helsestasjonar skal ein også kunne få ammehjelp, men det er svært vilkårleg om kompetansen faktisk finst. Nokre stader blir det satsa, men mange mødrer opplever å få lite og ingen hjelp til amming.

Og der stoppar det offentlege tilbodet. Etterspurnaden blant mødrer, derimot, er enormt mykje større.

Den tek Ammehjelpen i stor grad unna.

Dei har over 30.000 konsultasjonar på telefon, e-post og sosiale medium årleg. I tillegg kjem alle som ikkje tek kontakt, men likevel nyttar tenestene deira. Dei er mange.

Ammehjelpen lagar opplæringsmateriale, svarer på spørsmål og møter mødrer.

Sjølv opplevde eg mange gonger at tilsette både på Kvinneklinikken og helsestasjonen anbefalte meg å bruke materialet frå Ammehjelpen då eg fekk mine to barn.

Ammehjelpen gjer den jobben det offentlege burde gjort: Lagar opplæringsmateriale, svarer på spørsmål og møter mødrer for å rettleie i ammesituasjonen. Alt for å nå det som er eit svært uttalt mål frå det offentlege Noreg, at flest mogeleg barn skal få den «beste» maten: Morsmjølk.

Alt dette er flott. At frivillige organisasjonar bidreg i det norske samfunnet er ikkje eit problem i seg sjølv. Problemet er når styresmaktene utnyttar situasjonen til å fråskrive seg ansvar.

Viss dei først skal gjere det, burde dei i det minste ha skamvett nok til å kompensere dei som gjer jobben.

Publisert: