Det blir ikkje amerikanske aborttilstandar av at kvinnene får bestemme meir sjølve

Frykta for ein stygg abortdebatt bidreg til eit dårlegare ordskifte.

  • Morten Myksvoll
    Morten Myksvoll
    Kommentator i BT

8. mars-markeringa i Bergen i 1976 var den siste der norske kvinner måtte kjempe for retten til sjølvbestemt abort. Men kampen om abortlova er ikkje over. Foto: BERGENS TIDENDE

Publisert Publisert
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Abortdebatten kan bli amerikansk, åtvarar VGs politiske redaktør Hanne Skartveit. Aftenpostens kommentator Christina Pletten er einig.

Det er ein skivebom av kontinental storleik.

Dei sterke reaksjonane kjem etter at SVs landsmøte gjekk inn for å skrote abortnemndene, og gi kvinner rett til å sjølv bestemme i abortspørsmålet – heilt fram til veke 22.

Reaksjonen er spesielt overdriven sidan SVs framlegg ikkje utvidar høvet til abort i Noreg. Sjølv med KrF i regjering er det lov å ta abort inntil veke 22.

Og det skjer: I 2020 vart det gjennomført 508 abortar etter nemndbehandling, frå veke 13 og utover.

Den store forskjellen, dersom SV skulle få gjennomslag, er at kvinner sjølv får bestemme i desse sakene. Det vil neppe bli synleg i abortstatistikken.

Nemndene stod for berre 41 avslag.

I dei aller, aller fleste tilfelle får altså norske kvinner det resultatet dei sjølv vel. Men for å oppnå det, må dei gjennom det som er ei ekstra påkjenning: Ein komité skal bestemme over livmora deira.

Skartveit fryktar ein stygg abortdebatt på grunn av SV-vedtaket. Men abortdebatten kan bli ganske stygg av slike skuldingar òg.

Amerikanske tilstandar er nemleg ein kombinasjon av liberale abortlover, få abortklinikkar på grunn av konservative restriksjonar – og mykje vald.

Som Skartveit sjølv skriv: «Samtidig bombes abortklinikker, abortleger trues på livet.»

Det er drygt å slenge dette inn i ein norsk abortdebatt som diskuterer spørsmålet på ein svært god måte. Skulle nokon bombe ein norsk kvinneklinikk, så er det neppe tonen i debatten som har skulda.

Det er den amerikanske høgresida som har gjort abortkampen til eit våpen. Dei bruker abortspørsmålet som sjølve inngangsporten til Høgsterett. Det er den amerikanske høgresida som har innført sterke restriksjonar på kvinners tilgang til abort.

Valden har gjort det verre.

Les også

Mener fri abort frem til uke 18 er en unaturlig grense

Dei partia som vil utvide kvinners rettar har ikkje noko ansvar for kva den amerikanske høgresida driv på med. Og om det norske kristenhøgre skulle følgje etter sine meir reaksjonære kollegaer i USA, er dette noko kristenhøgre må stå for sjølve.

Kristenkonservative politikarar er vaksne folk dei òg. Deira handlingar kan ikkje forklarast som ein simpel mekanisk reaksjon på eit SV-landsmøtes vedtak.

Det er bevegelse på abortfeltet, og det må vere heilt greitt. Det er ikkje slik at ei lov som står urørt i fleire tiår nødvendigvis speglar det samfunnet den regulerer.

Skartveit legg skulda på KrF for å ha starta ballet, og så meiner ho at Ap, SV, Raudt og Venstre gjer det verre.

Men det er ikkje noko problem at partia viser kva dei faktisk står for. Abortspørsmålet kan ikkje vere eit urørleg tema i Noreg, berre fordi ein fryktar eit fullstendig usannsynleg skråplan.

Det blir ikkje amerikanske tilstandar av at KrF frontar sin primærpolitikk, som er eit grunnlovsframlegg som skal beskytte retten til liv «fra unnfangelse til naturlig død.».

Motstandarane meiner at det kan stoppe sjølvbestemt abort i Noreg.

Det må dei få lov til. Det blir heller ikkje heilt Texas av at andre parti frontar sine standpunkt.

Abortspørsmålet har ikkje blitt lagt på hylla av demokratiet.

Det som ofte manglar i debatten om seinabortar, er kvifor kvinner vel å gjennomføre dette inngrepet. I hovudsak handlar det om ei medisinsk grunngjeving.

I dag får mange kvinner sin første ultralyd i eller etter veke 18. Dersom det vert oppdaga ein alvorleg sjukdom på fosteret og kvinna difor vil ta abort, blir det ein seinabort.

Det er ikkje ei avgjersle som kvinner tar lett på. Magen er synleg, og folks reaksjon er ofte euforisk. Då er det ikkje lett å vite at barnet ikkje kjem til å leve. Dersom seinabortar ikkje vil vere mogeleg, må norske kvinner bere fram barn som kan døy under fødselen – eller kort tid etter.

Fleire av sjukdomane ein kan oppdage er nemleg så alvorlege.

Dersom ein verkeleg er oppteken av å redusere talet på seinabortar, er det ikkje ei nemndordning som er løysinga. Kvinner må få tilgang på nødvendig informasjon om fosterets tilstand på eit tidlegare tidspunkt.

Les også

Karoline sleit med å få barn sjølv. No er ho klar til å donere egg til andre som drøymer om barn.

I fjor vedtok Stortinget at alle kvinner skal få tilbod om tidleg ultralyd, uavhengig av alder. Alle kvinner skal få NIPT, ein blodtest som avdekker alvorleg sjukdom på fosteret.

Desse tiltaka vil gjere meir informasjon tilgjengeleg for kvinna tidlegare i svangerskapen. Då kan dei mest alvorlege sjukdomane oppdagast raskare, og kvinna slepp å måtte vurdere seinabort.

KrF, som seier at dei er mot seinabortar, stemte mot. Dei stolar ikkje på at norske kvinner kan handtere denne informasjonen.

Det er realiteten i norsk abortdebatt. Dei same partia som vil utvide kvinners rett til sjølvbestemt abort, stemmer for tiltak som kan redusere behovet for seinabort.

Det passar ikkje inn i forteljinga om eit Noreg som renn ned skråplanet – på veg mot det amerikanske.

Publisert
  1. Abort
  2. SVs landsmøte
  3. Bioteknologi
  4. USA

Les mer om dette temaet

  1. For fyrste gong på 88 år kan KrF miste stortingsplassen frå Hordaland

  2. Erna Solberg åpner for å diskutere abortnemndene

  3. Kraftige reaksjoner på SVs abortvedtak

  4. Polske kvinner kjemper videre mot den strenge abortloven

BT anbefaler

Per Ole hadde fast jobb og god inntekt – sluttet for å følge drømmen

– Det har vært tøft, men verdt det.

LES SAKEN