Englevenger

Tor Høvik (arkiv)

Asbjørn Kristoffersen

Når folk har kjøpt seg svart Tesla, med dører som faldar seg ut som englevenger, skulle du tru dei hadde gjort nok for miljøet. CO₂ spart er CO₂ tent, ikkje sant? Men neidå, no skal dei straffast fordi dei flyg for mykje. Utan englevenger.

Flyavgift. Halve årgangsvinkvoten inndregen. Du høyrer kva veg det bér. Snart tek dei diettpengane, som folk har kunna ta med seg heim om dei ville unna seg litt ekstra til fredagskosen. Og dei trugar med skattlegging av privat bruk av firmaflybonusen, som gjer at folk kan sjå seg råd til å invitera barn og barnebarn og au pair på platinakortferie i Stillehavet.

Teslaen? Ikkje ein gong gratis langtidsparkering på flyplassen, skal eg seia deg.

Folk tek ikkje fly i hytt og pine fordi dei elskar flydokø og flymat og flyvertar. Folk tek fly fordi dei må ta fly. Dei har forretningar i Bangalore, ei dotter som studerer i Australia, hytte i Berlin. Dei treng sol og varme og ernafri. Fly er kollektivtrafikk for globalistar.

Tenk på bestemødrene! Skal bestemødrer måtta fly dobbelt så ofte til Kanari (i dyre dommar) for å sanka avgiftsfri sjampanje til nittiårsdagen?

Tenk på byråkratiet! Heile skattevesenet i sving for å samla bilag for økologisk hott dogg til barnebarnet når ein professor reiser på klimakonferanse i Polen. Berre fordi Siv Jensen ikkje unner ein stakkar litt skattefri gleder. Som dessutan er fritekne for arbeidsgjevaravgift.

Flyselskapa har sørgd for at bonuspoeng er verre å etterspora enn kryptovaluta. Ingen firmasjef vil leggja seg i selen for å bistå skattevesenet i ei slik sak. Ingen har så stor skattefri og avgiftsfri bonus som firmasjefane. Fordi dei fortener det.

Alle veit for så vidt at flygassar er dei verste klimagassane. Men alle veit også at dieselvrak stinkar mest. Og at fossile sjåførar ikkje fortener nokon bonus, korkje til ferjekaffi eller til ferjepølser med ikkje-berekraftig kjøt og alt tilbehøyr.

Alle klimasyndarar er like. Men somme klimasyndarar er meir like enn andre klimasyndarar.