La det swinge vestover

Neste år skal NRK arrangere fem landsdelsvise delfinalar – i Oslo. Melodi Grand Prix-sirkuset må ut på vegen.

Publisert:
Jens Kihl
Kommentator

DEN GONG DÅ: I 1986 var Bergen stort nok til at NRK kunne arrangere Eurovision Song Contest her. I 2020 er byen for liten for ein regional delfinale. Her er programleiar Åse Kleveland i aksjon. Foto: Erik Berglund, Aftenposten (arkiv)

3. mai 1986 var Europas auge retta mot Noreg, Bergen og Grieghallen. Året før hadde Bobbysocks vunne Eurovision Song Contest, og endeleg skulle vi vise fram det beste vi hadde:

Ned scenetrappa kom Åse Kleveland i ein fotsid, gråskimrande kjole. Sissel Kyrkjebø fekk sitt gjennombrot som pauseinnslag, Vestlandet funkla gjennom sendinga og til slutt vann belgisk tyggegummipop av beste merke.

Men dette er over tretti år sidan. Neste år fyller Melodi Grand Prix 60 år i Noreg. Det vil NRK markere med å hente fram semifinalane. Det skal vere ein delfinale for kvar landsdel, og kvar og ein skal arrangerast i Oslo.

I 1986 var Bergen stort nok til at NRK kunne arrangere Eurovision Song Contest her. I 2020 er byen for liten for ein regional delfinale.

«MGP-showene skal sendes direkte fra Oslo, men med stort fokus på artister fra hele landet. Hver landsdel får hvert sitt program, med artister som vil representere Nord-Norge, Midt-Norge, Vest-Norge, Øst-Norge og Sør-Norge», skriv NRK.

VINNAREN: I år gjekk norsk-samiske Keiino av med sigeren i norske Melodi Grand Prix og skal forsvare vår ære i Eurovision Song Contest. Foto: Trond Reidar Teigen, NTB Scanpix (arkiv)

Semifinalar er ikkje ein ny ting i Melodi Grand Prix.

I 2006 blei det innført semifinalar, og dei neste åra kunne vi oppleve MGP-sendingar frå Bergen, Bodø, Alta, Stokke, Kongsvinger, Stavanger, Skien, Ålesund, Ørland, Sarpsborg, Florø, Larvik og Steinkjer. Men det var før.

For i 2020 skal NRK arrangere regionale semifinalar frå Oslo.

Det er sjølvsagt ein total skivebom for sendingas del: Kor trur NRK at det blir mest stemning rundt eit «stort fokus» på vestlandsartistar: I Oslo? Eller på Vestlandet? Men det er også ein real øyrefik til det store NRK-apparatet utanfor Marienlyst.

Dei hundrevis av NRK-tilsette i Nord-Noreg og Trøndelag er ikkje i stand til å presentere artistar i Trondheim eller Tromsø. Dette må gjerast frå Oslo om det skal bli fart på sakene.

NRK lovar eit plaster på såret: Det blir «rikelig med lokal tilstedeværelse i form av innslag og direkterapportering fra landsdelen».

Under årets sending var det direkterapportering frå ein relativt ellevill MGP-fest i Fredrikstad, signert Stian «Staysman» Thorbjørnsen. Vel og bra, men ikkje heilt det same som ei sending frå Østfold.

Det blir spanande å sjå kva det neste blir: Sommartoget kan bli til Sommar-t-banen, men med «stort fokus» på landsdelane. Norge Rundt kan bli Oslo Rundt, men med direkterapportering frå landsdelane.

Her er det pengar å spare. Og blir ikkje eigentleg distrikta best representert frå Oslo uansett?

Det er om lag eit år til NRK etter planen skal sende den vestlandske MGP-semifinalen frå Oslo. Lat oss håpe den aldri blir nokon realitet.

NRK har tid til å snu før dei skjemmer seg ut for heile Noreg vinteren 2020 fem laurdagskveldar på rad. Ikkje la MGP 2020 bli eit austnorsk fairytale.

Publisert: