Boris er her

Storbritannias nye statsminister heiter Boris Johnson. Det kjem ikkje til å gå bra.

VANN KAMPEN: Boris Johnson slo Jeremy Hunt i kampen om å bli ny partileiar for dei konservative i Storbritannia. Det betyr at han òg overtar som statsminister. Hannah McKay, Reuters

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

Boris Johnson er ikkje ein ny Donald Trump. Ja, dei har nokre fellestrekk i stil og eksentriske fakter, men Johnson er langt frå sin ekstreme, amerikanske kollega.

Det kjem likevel ikkje til å gå bra med den nye statsministeren.

I april sa den tidlegare EU-presidenten Donald Tusk at britane ikkje måtte kaste vekk tida. Då hadde EU nett gitt Storbritannia seks nye månader til å løyse brexit-rotet.

Det er ikkje lett å tenkje seg noko meir bortkasta enn å bruke tre av dei månadane på å gjere Boris Johnson til statsminister. Snakk om å vise fingeren til EU.

Les også

Brakseier for Boris Johnson – blir statsminister og partileder

Boris Johnson har vist kven han er før. Han har fått sjansane sine. Ja, Johnson kan vere morosam, er absolutt ein interessant karakter, men det er ikkje akkurat det ein plar å sjå etter i ein statsminister.

Ifølgje ei YouGov-måling vert han sett på som inkompetent, tvilrådig, løgnaktig og utan kontakt med vanlege folk. Færre veljarar har eit godt inntrykk av Johnson no enn dei hadde av Theresa May då ho vart statsminister i 2016.

Han er samtidig dobbelt så populær som Jeremy Corbyn som leiar det britiske arbeidarpartiet. Det seier kanskje mest om Corbyn.

I beinhard konkurranse med mange andre i det konservative partiet, er nok Johnson den som har brukt brexit mest som ein partipolitisk maktkamp.

Ei kort stund var han for Theresa Mays avtale med EU, sidan ho lova å gå av dersom den vart vedteken av parlamentet. Han såg ein sjanse til å bli statsminister.

No klarte han det likevel, utan avtalen.

Difor er det Johnson som skal leie Storbritannia gjennom fleire vanskelege saker. Dei krev heilt andre eigenskapar enn det Johnson har. Dette burde ikkje vere tida for å eksperimentere.

Les også

Sjømatnæringen frykter hard brexit med Johnson

Den største krisa er brexit. Johnsons fremste oppdrag som statsminister er å fullføre utmeldinga av EU. Han er villig til å gå svært langt for å få det til.

Tidlegare i juli stadfesta fleire av Johnsons medarbeidarar at dei vurderte å flytte dronning Elizabeths trontale til november. Det er ikkje eit tilfeldig valt tidspunkt.

I praksis vert parlamentet suspendert i ei eller to veker før talen. Slik kan Johnson hindre dei folkevalde i å stoppe brexit 31. oktober.

Strategien kan fungere, men særleg demokratisk er det ikkje.

Får Johnson viljen sin, går britane ut av EU i oktober – uansett. Dersom ingenting endrar seg, blir det utan ein avtale med EU. Utan ein avtale blir det ingen overgangsordning.

Det betyr ei hard grense mot Irland, som set fredsavtalen i Nord-Irland i fare. Dei økonomiske konsekvensane av å gå ut av EU kan òg bli store for vanlege folk.

GÅR AV: Theresa May forlét statsministerbustaden for siste gong. Matt Dunham, TT NYHETSBYRÅN

Men brexit er ikkje den einaste krisa som trugar Storbritannia. Landet står midt oppi konflikten med Iran etter at det britiskregistrerte skipet «Stena Impero» vart sett i arrest.

Skipet vart vist fram på iransk fjernsyn, og det iranske flagget vaia der dei britiske fargane eigentleg skulle vere – i seg sjølv ei ganske audmjukande affære.

Konflikten med Iran er eit tydeleg prov på eit anna problem britane kjem til å få: støtteapparatet til Johnson er for dårleg.

Storbritannia har nemleg ikkje ei fungerande leiing i utanriksdepartementet. Utanriksministeren heiter Jeremy Hunt og er mannen Johnson slo i kampen om å bli statsminister.

Han kan altså vere på veg ut.

Hunts nummer to i utanriksdepartementet sa opp jobben sin måndag. Alan Duncan vil ikkje jobbe under Johnson, og omtala den påtroppande statsministeren som eit «sirkusnummer». Johnson har nemleg vore utanriksminister sjølv.

Les også

BT mener: Storbritannias tragedie

Det gjekk ikkje så veldig bra. Botnpunktet må vere då han gav Iran grunn til å tru at britiske Nazanin Zaghari-Ratcliffe dreiv med spionasje.

Ho sit framleis i fengsel.

Men når dei to toppdiplomatane i utanriksdepartementet er ute, går ein berre vidare til nummer tre. Det er Mark Field, som er suspendert frå jobben sin. Han gjekk nemleg til åtak på ein kvinneleg Greenpeace-aktivist då ho avbraut ein middag i juni.

Rykta går no om at Priti Patel kjem tilbake som statsråd. Patel fekk sparken av May for å ha hatt møter med israelske politikarar bak ryggen på statsministeren og utanriksdepartementet.

Det er eit passande bilete på tilstanden til den britiske regjeringa i 2019.

Les også

Boris Johnson får kraftig kritikk for å ikke støtte ambassadør

Johnson har fått kritikk for berre å vere valt av dei 92.000 medlemmene som stemte på han, i eit land med 65 millionar menneske. Den kritikken er urettferdig.

I eit parlamentarisk demokrati som Storbritannia (og Noreg), er det ikkje problematisk at ein skiftar statsminister utanom val. Hadde Erna Solberg (H) gått av som statsminister i dag, ville det ikkje blitt nyval. Høgre ville funne ein ny leiar og dermed ein ny statsminister.

Uavhengig av dei pågåande krisene vert Johnsons regjeringstid vanskeleg. Forgjengaren hans, Theresa May, utlyste i 2017 eit nyval for å styrkje partiets posisjon i parlamentet. Det vart ein fiasko.

Difor er Johnson avhengig av det nord-irske partiet DUP. Dei vil nok halde fram med å støtte regjeringa sidan Johnson er meir for brexit enn det May var. Den store utfordringa i det samarbeidet kjem når ønskjedraumane om grensefridom til Irland ikkje vert oppfylt.

Får Johnson viljen sin med brexit, kan konflikten med DUP blusse opp før oktober.

Majoriteten til Johnson er svært liten. Partiet hans er splitta, og Johnson er neppe i stand til å redusere konfliktnivået.

Til det er Boris Johnson for mykje Boris Johnson.