Forslaget som kan splitte vindkraftmotstandarane

NVE meiner kommunane må få meir att økonomisk for vindkraftverk. Ein god idé, viss det blir gjort på rett måte.

Publisert Publisert

SKIFTET: Då Tina Bru (til h.) nyleg erstatta Sylvi Listhaug (Frp) som Olje- og energiminister, mista vindkraftmotstandarane ein viktig alliert. No har Bru fått eit brev med råd som kan gjere vindkraft meir akseptabelt for fleire, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Terje Bendiksby

  1. Leserne mener

Vindturbinar har dei siste åra utvikla seg frå godmodig klimasymbol til sleipe-Satans drapsmaskiner. Ein brei allianse med alt frå turforeiningar og naturvernarar til klimafornektarar og anti-kapitalistar har gjort høglydt motstand.

Og viktigare: Lokalbefolkninga i dei aktuelle områda, òg vanlege pragmatiske kommunepolitikarar, har slutta seg til protesten.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) fekk i fjor heile denne bølgja mot seg, då dei la fram eit kart over dei best eigna områda for vindkraft her i landet. Det som var meint som eit sakleg grunnlag for prioriteringar, vart tolka som opplegg til å fylle kvar knaus med vindmøller.

Protestane vart så kraftige at regjeringa skrota heile kartet.

Les også

Hans K. Mjelva: Å redde klimaet vil svi

Det er i det lyset ein må sjå vindkraftrapporten NVE nyleg sende til Olje- og energidepartementet. Rapporten, som knapt har fått merksemd, er gjennomsyra av forslag som kan dempe den folkelege motstanden mot vindkraftverk.

Her er viktige forslag som skal hindre at det går som ved Guleslettene vindkraftverk ved Florø, der turbinane vart langt høgare og annleis plasserte enn det kommunen hadde godkjent.

Men det som truleg kan få mest å seie, er det NVE ikkje har noko med: skatte- og avgiftspolitikken. Vasskraftkommunane og andre har tidlegare teke til orde for å innføre liknande skattereglar for vindkraft som for vasskraft. Rapporten nemner både det og danske ordningar for kompensasjon til naboar.

I følgjebrevet til rapporten blir dette utdjupa av NVE-sjef Kjetil Lund, som har fortid frå både Finansdepartementet og Statsministerens kontor. Han seier at det særleg er «tunge argumenter for å innføre en naturavgift. Avgiften bør ha en håndterbar innretning, for eksempel i form av en arealavgift eller effektavgift».

Lund meiner dette bør vurderast innført når dagens subsidieordning, elsertifikat-ordninga, går ut i 2021.

Les også

Hans K. Mjelva Statens overkøyring av lokaldemokratiet

Dette grip inn i kjernen på konflikten lokalt. Eit av hovudargumenta mot vindkraftverk lokalt har vore at ein har fått lite eller ingenting att for å ofre natur og friluftsområde. Skatteinntekter kan, i tillegg til auka lokalt eigarskap (som Lund òg tek til orde for), gjere mange meir venleg innstilte.

Dermed kan den breie alliansen bli splitta. Viss du får store fleirtal lokalt for vindkraftverka, vil turforeiningane og naturvernarar slite tungt med å stoppe utbyggingane. For det finst jo òg eit «grønt» forsvar for vindturbinar: Skal Noreg klare å erstatte fossil energi med elektrisitet, slik våre folkevalde har ambisjonar om, treng Noreg meir straum.

Med nokre av verdas beste område for vindkraft, kan òg eksport av kraft bli ei viktig inntektskjelde for landet. Men for at nokon utanom eigarane skal synest det er stas, må inntektene frå denne eksporten i stor grad gå til folket. Som skatteinntekter og, som for vasskrafta, via statleg og kommunalt eigarskap i kraftverka.

Auka kraftproduksjon kan òg bidra til å halde kraftprisane nede, slik at overgangen til det fossilfrie samfunnet blir lettare og ein kan skape nye næringar, som datasenter og den planlagde batterifabrikken i Mo i Rana.

Det siste er òg viktig for lokal støtte for vindkraftutbygging. Skal kommunane bruke naturen på vindkraftverk framfor turisme og lokkemat for tilflyttarar, må vindkraftverka òg bidra til lokale arbeidsplassar. Varige arbeidsplassar, ikkje berre dei som trengst i anleggsperioden.

Les også

Hans K. Mjelva: Hysterisk vindkraftmotstand

NVE-rapporten blir no mat for den nye Olje- og energiministeren, Tina Bru (H). I motsetning til sin forgjengar, Sylvi Listhaug (Frp), har ho ikkje slutta seg til vindkraftmotstandarane.

Likevel veit ho nok at ny vindkraft på land er ei politisk daud sak i Noreg akkurat no. Ingen, aller minst klimasaka, er tent med at staten byrjar å køyre over lokaldemokratiet. Men vil ho og regjeringa ha meir vindkraft på land, bør dei ta innspela frå NVE på alvor.

Det hastar. Med saksbehandlingsløpet NVE foreslår i rapporten, tek det sju år frå søknad til byggestart for vindkraftverk. Det er svært lang tid med tanke på kor raskt skiftet til fornybar energi bør gå.

Publisert