Det er ikkje innført koronaferie

Ikkje reis på hytta.

Publisert Publisert

Koronakrisa er ikkje tida for hytteidyll. Foto: Trond J. Strøm (Arkiv)

  1. Leserne mener
iconDenne artikkelen er 21 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt livesenter for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til livesenteret

Fleire store hyttekommunar som Voss, Kvam og Hemsedal åtvarar no folk om å reise på hytta. Dei vil ikkje ha fleire personar inn i kommunen sin enn dei som bur der.

Ordføraranes bøn til hyttefolket, er eit ekko frå helsedirektør Bjørn Guldvog, som på ein pressekonferanse fredag oppmoda folk om å bli heime:

«Hensikten er å ikke spre smitte fra lokalsamfunn til lokalsamfunn», sa han då.

Denne krisa krev noko ekstra frå oss alle. Men dei den krev mest av, er folk som arbeider i helsesektoren.

Dei står i førstelinja og utset seg sjølv for smitte. Det minste me kan gjere, er å redusere risikoen for å spreie den smitta utover i landet.

Ein måte å gjere det på, er å gjere minst mogeleg. Og bli heime.

Noreg har ikkje stengt ned på moro skuld. Påskeferien har ikkje blitt flytta fram. Den må avlysast.

På ein pressekonferanse laurdag kveld gjentok statsminister Erna Solberg (H) rådet om å halde seg unna hytta. Om ein allereie har reist, bør ein reise heim.

Solberg sa at dei om nødvendig ville setje inn Sivilforsvaret for å oppsøkje hyttefolk og be dei reise heim.

Men det er kanskje ikkje nok.

Statlege styresmakter bør vurdere å pålegge folk å halde seg i heimkommunen sin.

Når smitta no spreiar seg internt i landet, utan kjent smitteveg, er pandemien over i ein ny fase.

Talmaterialet som styresmaktene og ulike medium samlar inn over koronasmitte, baserer seg på påviste tilfelle.

Men det er ikkje lenger mogeleg å teste alle som er i karantene. Det betyr at styresmaktene ikkje har kontroll på kor mange som er sjuke.

Difor kan ein eigentleg ikkje vere heilt sikker på om ein er frisk når ein set seg i bilen.

Det er ein grunn til at kinoen, teateret og barar er stengde. Nokon veit betre enn oss vanlege borgarar korleis dette viruset skal handterast.

Tiltaka er sett i verk fordi me ikkje berre skal stole på vår eigen vurdering. For det vil ikkje vere nok.

Og dei same folka ber oss om å ikkje reise på hytta.

Les også

Koronautbruddet direkte

Dei enkelte vurderingane om å reise kan vere gode, og mange reiste nok før rådet kom fredag kveld. Ingen kan eigentleg klandre folk for å gjere det, for då famla me eigentleg i blinde.

Men no er rådet krystallklart. Summen av utfarten kan føre smitten med seg til nye deler av landet. Då må hytteidyllen vike.

I Hallingdal var det registrert meir enn 55.000 personar fredag kveld.

Det bur cirka 21.000 menneske der.

Nesbyen kommune ligg òg i Hallingdal. Dei har to tilfelle av korona. Båe to bur på hytter. Det er ikkje rart lokalbefolkninga og helsevesenet vert uroa.

Som i førre tiltaksrunde, er nokre kommunar tidleg ute. Årdal kommune pålegg studentar som vil heim karantene, dersom dei har vore i smittesoner som Bergen, Oslo, Trondheim og Viken.

Men det er ingenting hyttekommunane kan gjere med dei som køyrer til hytta. Det bør styresmaktene ta tak i. For no er rådet krystallklart: Bli heime.

  • Vil du ha dei viktigaste nyheitene om koronautbrotet rett i innboksen? Meld deg på her.
Publisert