Nei, dette blei ikkje sjekkeappens høgtid likevel

Vi sit som tindrande ljos i kveld.

Publisert Publisert

Personen på dette illustrasjonsfotoet har tydelegvis fått 18 nye meldingar og treff. Det er ganske imponerande (og litt urealistisk). Foto: Gorm Kallestad, NTB Scanpix (arkiv)

Ordspelet «kjærlighet i koronaens tid» er allereie oppbrukt, og vi er berre to veker inn i krisa. Men denne stubben handlar faktisk om akkurat dette: Kjærleik. I koronaens tid.

Ein skulle kanskje tru at isolasjonen førte til ei blømingstid for å sjekke på nettet. Når ein ikkje lenger kan stå ved bardisken og spandere industripils på framande, er det vel perfekt å kunne sveipe til høgre på Tinder?

Koronautbrotet blir sjølvsagt feira av alle samfunnets single. Når folk endeleg må leve tett på partnaren sin over tid, vil dei finne ut meir om kven dei eigentleg bur med.

Du treng ikkje vere Sissel Gran for å forstå at det kan bli mange nysingle på marknaden denne sommaren.

Les også

Podkast: – Eg stolar ikkje på nokon akkurat no

Likevel kjenner mange av oss single på ei viss uro, for førebels går det trått. Kva er vitsen med å sveipe på sjekkeappen Tinder om du uansett ikkje kan møte nokon der ute?

Det er klart: Om vi får vite at dette skal vare i to veker til, skal vi alltids greie å trø vatnet. Det er jo nok å snakke om: Antibac. Hosterutine. Kor ein skal få plass til alle dei nyinnkjøpte dorullane. Og meir prat om antibac.

Men no veit vi ingenting. Tinder melder om at den gjennomsnittlege samtalen varer lengre enn før, skriv The Guardian. Samstundes er børsforventingane til selskapet bak Tinder på veg ned, melder Bloomberg. For kven vil møte framande no?

Les også

Jens Kihl: Monica og eg

For min eigen del kjenner eg at tindring har lite for seg så lenge livets fremste mål for tida er å ikkje møte andre folk.

Eit anna problem er at folk ikkje flyttar noko særleg på seg om dagen. Dermed dukkar det ikkje opp nye folk i mitt søkjeområde. Eg er rett og slett ferdig-tindra i Bergen, ser det ut til.

Ein ven av meg, som eg reknar som Tinder-proff, gjer det beste ut av det. Hen avtaler spaserturar med nye folk rett som det er. Om hen oppdagar at det ikkje er full klaff, har hen endeleg ei veldig god orsaking for å unngå nærkontakt:

Den statlege éinmetersregelen.

Publisert