Vår venn Kina

Vi var i fryseboksen. No framstår tilhøvet til Kina som det meste lyfterike vi har til ei stormakt.

FORELSKA: I 1997 reise nestleiar i SV Bård Vegar Solhjell rundt i Kina som ryggsekkturist, og vart forelska i landet. No som Noreg er ute av fryseboksen, etterlyser han ein gjennomarbeid Kina-strategi. Finn Våga / Stavanger Aftenblad

Bård Vegar Solhjell
Generalsekretær WWF Verdens naturfond

For ein forskjell fire år gjer. La oss gå tilbake til 2013.

På det tidspunktet var Noregs tilhøve til Kina djupt nede i fryseboksen, heilt utan politisk og diplomatisk kontakt. Tilhøvet til Russland var stabilt, og i langsam forbetring. USA var vår næraste allierte, med ein president dei fleste nordmenn identifiserte seg sterkt med. På fire år er alt snudd. No er det tilhøvet til Russland som er i fryseboksen, med sanksjonar og lite politisk kontakt. Kina-kontakten har fått ein ny start, medan alle spør seg kva som skjer i USA.

Stortingsrepresentant Bård Vegar Solhjell (SV). NTB scanpix

Kina framstår brått lyfterikt. Vi har nok hatt litt flaks med timinga, men utanriksministeren og hans dyktige embetsfolk har openbart også gjort eit godt arbeid. Det er bra, for Kina veks fram som verdas leiande økonomi, ei supermakt plassert midt i den viktigaste verdsdelen – Asia.

Det er openbart viktig for Noreg å bruke den nye opninga vi har fått mot Kina til å byggje eit langsiktig samarbeid, men også omfattande norsk kompetanse på heile regionen.

I 1997 reiste eg rundt i Kina som ryggsekkturist i tre månadar, og vart forelska i dette fantastiske landet. Den stolte historia. Den unike kulturen, så ulik vår eigen og samstundes storslått og avansert.

Les også

Bård Vegar Solhjell: Ny by med blodskrift?

Det var ingen spøk å reise åleine i Kina i 1997. Det var folk overalt, men få eller ingen snakka engelsk utanfor dei største byane. Når du ikkje kan lese teikna, og det var særeigne reglar og kulturkoder knytt til alt frå mat og samtale til å kjøpe billettar, kunne kvardagen bli tøff.

Mange var uvande med å treffe ein ”laosan” – ein utlending. Ein gong, på ein togstasjon, kom ein nysgjerrig mann opp til meg bakfrå og reiv eit hårstrå av leggen min! Hårete leggar ser du aldri i Kina, og med ei mindre intimsone og andre sperrer var det vel freistande. Eg vart skaka, men kinesarane rundt lo seg skakke. Til sist lo eg med.

Kina har i lange periodar vore verdas mest avanserte og utvikla sivilisasjon. Den spesielle sjølvkjensla landet og menneska i det har, bygd på at dei veit at Kina har vore og er ein leiande økonomi og kultur globalt.

Dei siste tiåra har Kina gått gjennom ekstreme endringar. Kolossal vekst, ei utruleg velstandsutvikling og sterk integrering i verdsøkonomien. Eit enkelt tal kan illustrere mykje av det; I 2014 eksporterte Kina meir på 6 timar enn landet gjorde i heile 1978, det året Deng Xiaoping kom til makta.

I løpet av det neste hundreåret vil Kina truleg overta rolla som verdas viktigaste land, og fleire andre asiatiske land vil rykke opp der fleire europeisk statar er i dag – i gruppa rett bak dei mektigaste. Asia kan vere det nye Europa, verdsdelen som set premissane og tek dei viktigaste stega framover. Donald Trumps måte å leie USA på kan effektivt sørgje for at det skjer ekstra raskt.

Noreg treng sårt ein systematisk og gjennomarbeid Kina-strategi. Den må gjennomsyre norsk politikk, alle departement, heile vårt politiske arbeid, ikkje berre UD og nokre bedrifter. Den bør inkludere næringsliv, kulturliv, forsking og utdanning. Den må prege rekruttering til UD og andre departement, norsk kulturell utlandsatsing, strategiske vurderingar i næringspolitikken og programma til forskingsrådet.

Strategien må orientere seg mot Kina på brei front, ikkje primært som ein marknad. Ein naturleg visjon er at Noreg er det landet i Europa som best forstår Kina og Asia, som har den største kunnskapsbasen og den største interessa for Kina i breidda av næringsliv, akademia, kulturliv og folk flest. Det er langt viktigare å byggje opp innsikt, enn å skaffe seg den første frihandelsavtalen.

Les også

Bård Vegar Solhjell: Donald sine verdiar er ikkje våre verdiar

Vi må tenkje langsiktig. Ein av dei mange tinga Noreg kan lære av Kina, er å tenkje langsiktig. Kinesisk politikk og administrasjon er orientert etter dei lange linjene, forbetringar generasjonar fram i tid. Noreg bør lage ein strategi som ikkje tek utgangspunkt i kortsiktige ønskje, men å bestemme oss for kvar vi vil vere fleire tiår fram.

Utdanningssystemet må vere kjernen i ei Kina-satsing. Eg meiner vi bør setje oss som mål at alle større vidaregåande skular innan 2025-2030 skal tilby minst eit asiatisk språk til elevane, ikkje berre dei store europeiske språka. Dei fleste stader vil det vere kinesisk (mandarin), men det gjer stor nytte om ein del nordmenn har ein basis i hindi, japansk, koreansk, bahasa Indonesia og arabisk. Det bør også gjerast forsøk med kinesisk som tidleg framandspråk, og dei asiatiske språka må styrkjast kraftig på Universiteta våre.

Vårt arbeid må rette seg mot heile Asia, sjølv om Kina vil bli det dominerande landet i verdsdelen i dette hundreåret. Ei rekke andre land veks fram som sentrale i verda – nesten alle med viktige (og ofte vanskelege) relasjonar til Kina. Japan er framleis verdas tredje størst økonomi, og Sør-Korea er blitt den 12. største gjennom ein rekordrask vekst. India vil truleg vere ein av dei største økonomiane i verda i 2050, og er ei regional stormakt – og på veg til å bli ein sentral internasjonal politisk aktør. Pakistan vil også vere viktig i framtida, og Noreg har dei beste føresetnadar for ekstra tett dialog med landet. Indonesia er verdas fjerde mest folkerike land, det mest folkerike muslimske landet, det leiande landet i sør-austasiatiske ASEAN (Association of Southeast Asian Nations) og truleg ein av dei 5-10 største økonomiane i verda i 2050.

Kina-strategien må også byggje på å styrke internasjonal lov og rett. Noreg bør ikkje tone ned menneskerettar eller la vere å møte personar vi elles ville møtt. For ei langt viktigare norsk nasjonal interesse enn å sitje ved bordet med Kina, er å skape ei verd med felles spelereglar. Ein folkerett og menneskerettar som gjeld alle, og som ingen kan truge seg forbi. Dersom ein ressurssterk og vellukka småstat som Noreg lar oss presse til å endre politikk og prinsipp, så undergrev vi den verdsordenen vi sjølv har sterk interesse av.

Kina spelar ein rolle i nesten alle viktige globale prosessar som Noreg vil påverke. Etter nokre vanskelege år, er tida no komen for å byggje opp ei langsiktig satsing på og samarbeid med dette hundreårets leiande globale makt, Kina.