Raudgrøne klimakompromiss vil krevje massiv pengebruk

  • Hans K. Mjelva
    Hans K. Mjelva
    Kommentator i BT
Senterpartiet seier nei til ei brei CO₂-avgift. Då blir det vanskeleg og dyrt å nå klimamåla dei og resten av den raudgrøne blokka har plikta seg til, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.

Det er ikkje lett å sjå korleis ei ny raudgrøn regjering skal nå klimamåla utan å tappe Oljefondet.

Publisert Publisert
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Ein snublestein er større enn andre for at Jonas Gahr Støre skal få til si draumeregjering med Ap, SV og Senterpartiet: Klimatiltak og oljepolitikk.

Ser ein nøye på kva dei ulike partia vil, veks det fram problem som berre ser ut til å kunne løysast på ein måte: ved å bruke pengar. Mykje pengar.

For rett nok fekk Ap, SV og Senterpartiet fleirtal saman. Men frykta for å provosere veljarane med ubehagelege klimatiltak, spesielt i Senterpartiet, vil neppe forsvinne. Det kunne i så fall bli oppfatta som løftebrot.

Og det er her pengane kjem inn.

Pengane trengst fordi dei raudgrøne òg har avlagt eit anna løfte, og vedtatt det i lovs form: dei skal redusere norske klimautslepp med 50–55 prosent innan 2030 (SV vil ha 70 prosent kutt).

Det betyr at kutta må aukast kraftig, i høve til Erna Solbergs åtte år med makta.

Og det kan ikkje utsetjast. Noreg har inngått ein avtale med EU som krev årlege kutt for transport, bygg, landbruk og andre sektorar som ikkje er underlagt kvotesystemet i EU.

Problema med å nå klimamåla forsvinn ikkje viss Ap Sp dannar regjering utan SV, eller viss Ap regjerer åleine. Tvert om: då må Ap ta børa med upopulære tiltak på eiga hand. Det vil vere ei nærast umogeleg oppgåve, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.

Den viktigaste årsaka til at klimapolitikken kan bli dyr, er at Senterpartiet i all hovudsak seier nei til det viktigaste verkemiddelet i regjeringas klimaplan: ei generell CO₂-avgift som skal aukast til 2000 kroner pr. tonn innan 2030.

Dei einaste som må betale, slik partileiar Trygve Slagsvold Vedum har ordlagt seg i valkampen, er oljeindustrien. Ikkje bilistane, bøndene, tungtransporten og småindustrien.

Sjølv Arbeidarpartiet har lagt inn eit unntak, men berre for bilistar i distrikta. SV vil dele ut att pengane som ein «grøn folkebonus», til dei med inntekt under 500.000 kroner.

At det kostar å forureine er den mest effektive og ubyråkratiske måten å få ned utslepp på. Kva Sp vil gjere i staden for å nå klimamålet, er høgst uklart.

Men så godt som alle programvedtak og medieutspel handlar om meir statleg pengebruk, til alt frå hurtigladarar til havvind.

Sjølv for botnfast havvind i det utlyste feltet Sørlege Nordsjø II, der utbyggarane er viljuge til å betale staten for å få bygge, legg Senterpartiet opp til at skattebetalarane i staden må subsidiere drifta, fordi dei nektar å godta kablar til andre land enn Noreg.

Sp-nestleiar Ola Borten Moe er den mest kompromisslause oljeforkjemparen i partiet. No møter han motstand i eige parti.

For å sleppe å ta kutt i Noreg ønskjer Senterpartiet òg å kjøpe klimakvotar i EU. Ap og SV har sagt nei til det. Men slike kvotekjøp er avgrensa til fem prosent av det totale utsleppsbudsjettet, så det vil ikkje rekke langt.

I tillegg spørst det kor smart slike kvotekjøp er. Det Noreg då i praksis gjer er å betale omstillinga av næringar i EU, medan våre eigne blir verande i utslepps-modus.

Senterpartiets løysingar slik dei står fram no, er ikkje på nokon måte nok til å halvere utsleppa innan utgangen av tiåret. Å erstatte prising av utslepp med statlege gulrøter blir rett og slett ekstremt dyrt, fordi det er ineffektivt.

Skal Noreg nå klimamåla på denne måten, kan Arbeidarpartiet vinke farvel til handlingsregelen. Ikkje minst fordi dette jo kjem på toppen av alle dei andre lovnadene dei tre partia har kome med på andre felt.

Det inkluderer Aps store, om enn uklare, ambisjonar om statleg støtte til omstilling og nyskaping i industrien.

Spørsmålet er difor kor steile Senterpartiet eigentleg er. Eg vonar at dei tek til vitet. Normalt er Sp eit pragmatisk og løysingsorientert parti. Med nokre kjepphestar sjølvsagt. Pengar til landbruk og distrikt kjem ein neppe unna.

Enkelte lesarar reagerer kanskje på at Senterpartiet får så mykje tyn. For ja, det finst andre snublesteinar for den nye regjeringa.

Den største er programvedtaket til SV om stans i all leiting etter olje og gass på norsk sokkel. Det er eit krav ingen av dei to andre partia vil gå med på.

Eit kompromiss som har vore diskutert internt i partia er å seie nei til nye område, men tillate leiting rundt eksisterande felt, dei såkalla TFO-områda.

SV og leiar Audun Lysbakken vil ha ei ny avgift på 25 kroner fatet for norsk oljenæring. Det er ikkje utenkjeleg at Sp vil støtte ei avgift, om enn noko mindre. Det ville i det minste kunne betale for nokon av dei andre klimatiltaka.

Oljenæringa er på veg dit sjølv, så det er ikkje der den største motstanden vil kome.

Men fordi mesteparten av leitinga i dag er i desse «modne områda», må truleg SV-leiinga ha ei innstramming her for å kunne forsvare ei regjeringsplattform.

Kjelder i partiet seier eit kompromiss er mogeleg, til dømes ved at TFO-områda blir mindre.

Det vil òg vere mogeleg å kjøpslå om ei produksjonsavgift. Forslaget til SV er at oljeselskapa skal betale 25 kroner fatet til staten, i tillegg til CO₂-avgifta.

Slik Vedum har ordlagt seg om oljenæringas betalingsevne, kan det vere noko dei kan få Sp med på.

Spørsmålet er om Ap, som normalt er svært lydhøyr for oljelobbyen avdeling Fellesforbundet, vil gå med på noko slikt.

Men ei produksjonsavgift ville i det minste kunne betale for noko av dei andre klimatiltaka.

Viss SV endar opp utanfor regjering, som kollega Jens Kihl skreiv tysdag, vil klima og olje truleg vere hovudårsaka. Men ei mindretalsregjering med Sp blir ikkje akkurat sett på som noko draumescenario i Ap.

Jonas Gahr Støre & Co. vil difor strekke seg langt for å få med både Sp og SV i regjering. Det vil gje ein betre klimapolitikk enn ei Ap- eller Ap-Sp-regjering, og eit meir stabilt styre.

Dessutan forsvinn jo ikkje problema med å nå klimamåla ved å plassere SV eller både SV og Sp på gangen. Tvert om: då må Ap ta børa med upopulære tiltak åleine. Det vil vere ei nærast umogeleg oppgåve.

Det finst ingen enkel veg til å nå klimamåla. Viss rike Noreg ikkje tek sin del av ansvaret for å kutte utsleppa, vil det gjere landet til internasjonal paria. Det vil sjølvsagt òg vere totalt uansvarleg.

Publisert
  1. Stortingsvalget 2021
  2. Klima
  3. Klimapolitikk
  4. Politikk
  5. Omstilling

Les mer om dette temaet

  1. – Diesel-Vedum latar som at Sp er meir klima­fiendtleg enn Frp. Det er ikkje sant.

  2. – Jeg tror vi skal se langt etter stans i oljeletingen. Men det er kanskje håp for andre tiltak.

  3. Sp-topper ut mot nestleder Ola Borten Moe: – Har et annet fokus

  4. Den nye oljepolitikken: – Utvikla, ikkje avvikla

  5. Slik kan det rødgrønne Norge bli

BT anbefaler

Politiet jakter en person de mener skal ha forsøkt å voldta ung kvinne

Skal ha gått av på samme busstopp før hendelsen.

LES SAKEN