Solceller trugar kraftindustrien

Vil du få ned straumrekninga med solpanel på taket? I USA har energiselskapa gått til krig mot heimekraftverka.

Publisert: Publisert:
Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

SOLKRAFT: Kraftselskapa i USA er i ferd med å vinne kampen mot rimeleg tilgang til kraftnettet for folk med solceller på taket. Men sigeren kan bli kortvarig: Selskap som Tesla lagar allereie batteri som etter kvart kan gjere hus uavhengig av straumnettet, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Scanpix

I USA har dei etablerte kraftselskapa sett i gang ein stor lobby-kampanje. Målet er å få fjerna ordningar som gjer det lønsamt å installere solceller på privatbustader, melder New York Times. Grunnen er truleg at slike private kraftverk trugar inntektene til fossile energiprodusentar, anten dei leverer kolkraft, gass eller olje til oppvarming.

Når eg skriv «truleg», er det fordi lobbyistane ikkje brukar eigne inntekter som argument. I staden argumenterer dei med at solcelle-folket snyltar på nettet, og let alle andre betale rekninga. Det er jo rett. Heile poenget med systemet er å auke bruken av fornybar kraft. Då må bruken støttast til han kan bere seg sjølv.

Sidan solceller ikkje produserer noko særleg straum om natta, er solcelle-eigarane avhengige av kraft frå nettet. Om dagen produserer mange av dei meir straum enn dei treng, straum dei kan selje tilbake via straumnettet. Enkelte delstatar har ei såkalla nettoordning. Enkelt forklart betyr den at viss du sender ut like mykje straum til nettet om dagen som du kjøper om natta, så blir straumrekninga di null. Gratis straum!

Det er ikkje vanskeleg å forstå at straumleverandørane føler seg truga. Talet på solcellepanel på hustak i USA har, ifølgje eit anslag, auka med 900 prosent dei siste seks åra. I år har det stoppa opp, noko som mellom anna skuldast lobby-kampanjen, ifølgje New York Times. Fleire delstatar har allereie vedteke å fase ut nettoordninga.

Les også

Hans K. Mjelva: Oljeindustrien kan bli Silicon Valleys neste offer

Denne historia viser at overgangen til fornybar kraft er skjør. Den viser òg noko vi vil sjå stadig meir av i åra som kjem: at aktørar med sterke økonomiske interesser i dagens energisystem blir meir aggressive. Fornybar kraft trugar med å utkonkurrere både fossilbaserte kraftverk og atomkraftverk.

I Noreg kan ein òg selje overskotskraft frå solcellepanel til nettet, men vi har ikkje noko nettoordning. Du får betalt, men prisen er langt mindre enn det kraftselskapet krev for den straumen du må kjøpe. Legg vi til relativt små subsidiar, høge installasjonskostnader, mørketid, kulde og låg straumpris, er det førebels ikkje særleg lønsamt å fyre med solceller i Noreg.

Norske kraftselskap kjem difor ikkje til å gå til krig mot private solceller. Derimot har dei likt stadig dårlegare ordninga med grøne sertifikat, ei subsidieordning for fornybar kraft. Ordninga, som eg og du betalar ved eit påslag på straumrekninga, har ført til ein haug med nye vindmølleparkar i Noreg og Sverige.

Det er ei av årsakene til at straumprisen og inntektene til norske kraftselskap har falt. I april inngjekk Noreg og Sverige ein avtale som set tak for vidare utbygging, og stopp på subsidiane i 2021.

Fornybarrevolusjonen er framleis avhengig av politisk støtte, sjølv om prisen på vindmøller og solceller fell så raskt at dei snart er rimelegare enn alternativa. Fossilbransjen vil gjere motstand, som i USA. Framleis tek fossil energi imot langt meir subsidiar enn fornybar (nær fem gongar så mykje i 2014).

Alt tyder likevel på at dei vil tape, fordi klimaproblema trugar kloden, for å seie det litt enkelt. Stadig kjem det ny forsking som tyder på at klimakrisa kan bli verre enn vi har trudd (sjå til dømes her og her). Politisk støtte til fossilbransjen kan difor å bli stadig vanskelegare å oppdrive.

Les også

Skremmebilde om utenlandskabler

Vind- og solkraft kan førebels ikkje erstatte anna kraftproduksjon heilt, fordi dei ikkje produserer kraft når det er mørkt og stille. Anten må andre kraftkjelder til, når vindmøllene står, eller så må ein utvikle store og billige nok batteri. Eit miljøvenleg alternativ er norske vasskraftverk, som kan skruast på og av svært raskt.

Andre typar energilagring ligg eit stykkje fram i tid, sjølv om fornybarrevolusjonens kvite riddar, Elon Musk, nyleg lova å redde æra til vindmølleprodusentane i Sør-Australia. Tesla-Musk lovar å levere eit batteri som kan lagre 129.000 KWt i løpet av 100 dagar.

Musk har allereie byrja produksjonen av batteri for privatbustader. Snart vil dei ha ein pris og kapasitet som gjer at huseigarar med store solcelle-tak kan kutte straumkablane heilt, og bli sjølvforsynte. Det vil i alle fall ikkje kraftselskapa like.

Publisert: