Forsking for ein kvar pris

Kor mykje internasjonalt anerkjent forsking må skje i Sogndal for at det skal vera forsvarleg å utdanna lærarar der?

Ingebjørn Bleidvin
Gjestekommentator i BT

Ingen bør bli overraska når HVL om nokre år byrjar nedbygginga av Sogndal og Stord, skriv gjestekommentator Ingebjørn Bleidvin. Rune Sævig

Her er ein enkel bodskap til norske universitetsadministratorar:

Når du sit som rådmann, teknisk sjef eller sjukeheimsleiar i ein gjennomsnittleg norsk kommune, gir du blanke i kva obskure forskartidsskrift den lokale førsteamanuensen har publisert grafane sine i.

Du treng sjukepleiarar. Du treng lærarar. Du treng ingeniørar. Du treng ikkje siste nytt frå forskingsfronten. Du treng dei som fungerer og som gjer jobben sin på ein god og forsvarleg måte.

Å bidra til dette var faktisk ei gong hovudtanken bak dei norske høgskulane. Slik er det ikkje lenger.

Gjennom lang tids standhaftig jobbing med strategiplanar, suksesskriterium-definisjonar og utviklingsprosessar har eit knippe markeringskåte politikarar og styringslystne administratorar klart å definera om heile poenget med mesteparten av høgare utdanning i Norge.

Les også

Er Universitetet i Bergen heilt utan språkpolitikk?

Ein forfengeleg forkjærleik for forsking trugar med å koma i vegen for høgskulane og universiteta sitt samfunnsoppdrag.

I 1994 vart talet på høgskular redusert frå 98 til 26, av 90-talets fremste «eg veit best»-minister, Gudmund Hernes. Reforma var i stor grad ein flopp. Den gav korkje meir eller betre forsking eller undervising, berre fleire administrativt tilsette.

For eit par år sidan pressa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) gjennom ein ny runde samanslåingar. Samtidig har ei rekke høgskular no fått lov til å kalla seg universitet. Til saman har det snudd opp ned på prioriteringane i sektoren.

Les også

Sykepleierutdanningen bør utvides til fem år

Nord universitet (NU) har berre hatt universitetsstatus i to år, men er like fullt frenetisk i gang med å sentralisera og legga ned.

NU skal ta ned driftsutgiftene sine med 100 millionar årleg for å frigjera midlar til «strategiske satsingar». Samtidig har dei bygd eit nytt administrasjonsbygg i Bodø til nettopp 100 millionar.

Kva består desse «strategiske satsingane» i? Det handlar iallfall ikkje om fagformidling, studenttilfredsheit og rekruttering. I NU sitt strategidokument handlar det i stor grad om forsking. Til og med dei strategiske måla for utdanning handlar stort sett om å styrkja forskinga. Og suksess på dette feltet måler ein gjennom å telja «publiseringspoeng».

Les også

Vi vil skape universitetet Vestlandet nå trenger

Publiseringspoeng er ein form for stjerne i margen som forskarar får når dei publiserer i viktige, internasjonale forskingstidsskrift.

Dei små avdelingane til NU, som Mo i Rana og Stjørdal, ligg elendig an målt etter kostnad pr. publiseringspoeng. Derimot ligg dei mykje betre an enn alle dei store universiteta målt på kostnad pr. studiepoeng.

For oss som ikkje vandrar rundt med Nobelpris-logoen limt frampå brilleglasa tyder desse tala på éin ting: Småstadene gjer nett det dei skal, nemleg å utdanne fagfolk til å drifta velferdsstaten og bygga landet.

For strategiprosess-mafiaen tyder tala noko heilt anna:

Nord universitet er berre skrekkeksempelet så langt. Mest truleg kjem andre til å følgja etter.

Les også

Snart blir tur med funksjonshemmede en del av flere studenters timeplan

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har i dag studentar i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord. HVL har òg lyst til å bli universitet. Grunnen er noko uklar, men rektor Berit Rokne forklarar det slik:

«Du kjem inn i nokre fellesskap som du kanskje ikkje har vore inne i. Nokre stader kan omgivnadene tenkje at eit universitet har ein høgare kvalitet enn ein høgskule.»

Det handlar altså om image, ikkje kvalitet.

Ingen bør bli overraska når HVL om nokre år byrjar nedbygginga av Sogndal og Stord. Dette vil sjølvsagt vera på bakgrunn av ein grundig «strategirealiseringsprosess», eller noko liknande. Det vil koma så gradvis at ein knapt merkar det. Det vil vera ein «reallokering av administrative ressursar» her, og ein «fokus på strukturell styrking av fagmiljø» der.

Til slutt vil det heile vera logisk og uunngåeleg. Skal Vestlandsuniversitetet liksom ha fem campusar i same fylke? Stadene Førde/Sogndal og Stord/Haugesund er jo berre ein god time unna kvarandre?

Les også

Superstudenten Birk er fremtidens mann

Før var det eføy og elfenbeinstårn som pakka inn professorar og rektorar og gjorde dei verdsfjerne. No til dags er det strategiprosessar som gjer same nytten. Pratet om forskingsbasert undervisning verkar tidvis som ei lettvint orsaking for at norske akademikarar skal få ei litt stiligare profilside på LinkedIn.

Ironien i det heile er at det er lite forsking som tyder på at «forskingsbasert undervisning» automatisk gir betre undervisning eller meir nøgde studentar. Tvert om: ein del studier tyder på meir misnøye blant studentane dess meir forsking lærarane deira driv med.

Realiteten ute i norske bygder og byar er ei kritisk og stadig forverra rekrutteringskrise, både i privat og offentleg sektor. Høgskulane sine luftige draumar om å bli forskingsuniversitet av internasjonal klasse hjelper ikkje på dette. Dei hjelper ikkje på så mykje anna heller.

Trass ei røys nye universitet og tusenvis av nye tilsette innan akademia, går knapt tal publiseringspoeng pr. årsverk opp, og det er heller ikkje fleire norske forskarar som publiserer i anerkjente tidsskrift enn før. Faren er at forskinga ved dei nyoppnemnde universiteta endar opp som lite anna enn avansert NAV-tiltak.