Gult er ikkje kult

Publisert: Publisert:
Asbjørn Kristoffersen

Foto: Gorm Kallestad, NTB Scanpix (illustrasjonsfoto)

Fregattar. Russ. Lakselus. «Ways of Seeing» til Festspillene. Men kva gjer vi? Halve folket tek halvanna vekes ekstraferie. Den andre halvparten går på halv åtte inn i eggedosisen.

Berre EU kan berga oss. Utan eit samordna påskeoppgjer i Europa, helst i alle, meir eller mindre kvite land, jorda rundt, blir vi ikkje kvitt det produktivitetstapet som følgjer med billeg marsipan og dyr eggelikør.

Noreg er ekstra ille ute. Dei fleste siviliserte land har i det minste kvitta seg med skjærtorsdag og andre påskedag. Alle forsøk på å robustisera eggedosisnasjonalismen her til lands, har falle på gråsteinsgrunn. Overtrua har bite seg fast i første søndag etter første fullmåne etter vårjamdøgn. Jamvel forherda heidningar (med etnisk, norsk familiebakgrunn) held skjærtorsdag heilag, for å få full effekt av avspaseringa. Folk flest ofrar ikkje ein tanke på fregattar i påska.

Så lenge det også finst eit slags påskefeiring der nede i landa, nyttar det lite å kvitta seg med lammelår og porselenskyllingar langt opp i halsen kvar einaste vår. Vi kunne erstatta påska med ein offentleg, multikulturell vårfest på ein fast dato kvart år. Eller vi kunne fått tildelt eit visst tal fridagar etter eige behov, utan bilkøar og Tænders Gnidsel.

Men folk flest trakkar i hælane på kvarandre. Folk flest feirar påske fordi alle andre feirar påske. Ikkje ein gong Stalin greidde å farga påska raud. Det er litt av det same med påske som med jul og alminnelege sundagar. Folk flest let seg styra av nostalgi og føleri og kulturimperialisme og smågodt til halv pris. Sanne liberalarar og multikulturalistar kjemper i kuling og nordavind frå alle kantar. Berre EU har paragrafar nok til å stoppa norsk harryhandel i Sverige ein alminneleg skjærtorsdag.

Publisert: