Vegar vi ikkje treng

Ny teknologi kan gje omkamp om nye vegprosjekt. Å droppe ny E16 frå Arna til Trengereid er berre ein forsmak.

INGEN SMELL: Ny teknologi kan gjere at kollisjonsfrykt ikkje lenger kan brukast som argument for nye vegar og tunnelar, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Fred Ivar Utsi Klemetsen

Kvifor skal vi bygge jarnbane når bilar, ekspressbussar og etter kvart fly ikkje slepp ut klimagassar?

Kvifor skal vi bygge bruer når ferjer blir sjølvkøyrande, elektriske og så billige at vi kan ha langt fleire avgangar?

Kvifor skal vi bygge nye vegar, når folk i framtida i større grad vil dele på dei same bilane?

Dette er ikkje spørsmål frå kven som helst. Dei stammar frå eit ekspertutval som regjeringa sjølv har oppnemnd.

Nyleg kom dei med ein rapport som i tida framover vil bli brukt rått politisk. Det som passar vil bli brukt for det det er verdt, det som ikkje passar vil bli bortforklart.

Det siste vil vere synd. For regjeringas ekspertutval for «teknologi og fremtidens transportstruktur» har mykje klokt for seg.

Ikkje minst hovudpoenget: Teknologien endrar seg no så raskt at utbyggingsplanar som ligg langt fram i tid blir langt meir usikre.

Les også

Vurderer å kutte ut veien mellom Arna og Trengereid

Utvalet meiner heile Nasjonal Transportplan, sjølve bibelen for vegutbygging dei neste ti åra, må stresstestast. Alle delprosjekt i heile planen må sjekkast, for å sjå om dei er fornuftige sjølv når teknologien endrar seg.

Spesielt gjeld det prosjekt som ligg langt fram i tid, og av dei igjen spesielt dei som har negativ samfunnsøkonomisk lønsemd.

I staden for å låse seg fast til løysingar som konkrete vegar, bruer eller jarnbanestrekningar, bør politikarane byrje med å sjå kva ein ønskjer å oppnå.

Hovudpoenget er at folk skal ha fridom til å flytte seg, og det på ein måte som utnyttar vegar og baner mest mogeleg effektivt. Med ny teknologi kan ein oppnå det utan å bygge like mykje som før, og dermed spare pengar.

Eit døme er at bilar er venta å bli langt tryggare etter kvart som dei blir meir eller mindre sjølvkøyrande. Viss ikkje bilar lenger kan kollidere, fordi automatikken hindrar det, kan ikkje tryggleik lenger brukast som argument for å bygge breie vegar, midtskilje eller fleirfelts motorvegar.

Les også

Vegdirektøren tror på fergefritt Bergen – Stavanger om ti år

Utviklinga rapporten peikar på kan få store konsekvensar for ulike vegplanar, òg på Vestlandet. Avisa BA brukte rapporten til å slå eit slag mot Hordfast, og VG skreiv på leiarplass at utvalet i rapporten seier nei til ferjefri E39.

Det siste er feil. Heile poenget til utvalet er at ein må sjå på dei ulike delane av slike store prosjekt. Delane som er samfunnsøkonomisk lønsame og kort fram i tid, er betre stilt enn dei som ikkje er lønsame og er lengre fram i tid.

Rogfast er såleis trygg, den lange brua over Bjørnafjorden (Hordfast) er litt mindre trygg. Men den er førebels rekna som samfunnsøkonomisk lønsam. Utfordringa med mange autonome ferjer her, er at strekninga er så lang at fleire ferjer vil gjere lite for å få ned reisetida.

Lengre nord slit prosjektet meir. Brua over Romsdalsfjorden (Møreaksen) har til dømes ein netto negativ lønsemd for samfunnet på 19 milliardar kroner.

Utvalet stiller òg spørsmål ved utbygging av jarnbane og veg parallelt. Mest kritisk er dei til dei ytre delane av InterCity-banene på Austlandet.

Men den logikken kan òg råke planane om utbygging av jarnbane og veg mellom Bergen og Voss (Arna-Stanghelle). Delar av vegutbygginga (Trengereid-Stanghelle) kan rettferdiggjerast av omsyn til rasfaren. Det kan ikkje den siste biten mellom Trengereid og Arna, som Vegvesenet no vurderar å kutte på grunn av ein budsjettsprekk.

Rapporten er viktig. Kampen om pengane til veg og bane vil hardne til i åra framover. Dei siste 15 åra har budsjetta auka kraftig. Det vil neppe halde fram.

Utgifter til pensjonar, omsorg, forsvar og anna vil auke meir eller mindre automatisk framover, medan oljeinntektene vil bli mindre. Det vil òg merkast i Samferdsledepartementet.

Viss teknologi kan gjere at vi kan få meir mobil fridom for mindre pengar, er det berre å seie takk og amen.

Så får det heller vere at nokre gamle draumar om nye vegar og jarnbanespor blir knust.