Ei jantelov i lufta

Skal vi skjemme oss ut av klimakrisa?

ILLUSTRASJON: MARVIN HALLERAKER

«Syv grunner til å besøke Firenze.» «New York for lesehester.» «På Transylvanias tak.» Det er lunsjtid på jobben, og reisesidene til VG er perfekt som distraksjon. Kor skal sommarferien gå i år?

VG-saka «Disse stedene bør du ha på bucketlisten» handlar om plassar som ein visstnok bør ha opplevd før ein døyr. For kven er eigentleg det moderne mennesket om hen ikkje har sett verdas største grotte i Vietnam, kirsebærtrebløminga i Japan eller pingvinane i Antarktis?

Men før eg får lagt sommarferieplanen ferdig, er det ei kjensle som slår inn med eit rykk: Den gode, gamle skamma. Om eg flaksar av garde er det uflaks for kloden.

Les også

Bergen kuttet klimagassutslippene

For tida materialiserer skamkjensla seg ved at det er som om klimaaktivisten Greta Thunberg veit kva eg driv med. Og sekstenåringen er ikkje blid. To strenge auge og ein munn forma som ein strek. Eg tek poenget, Greta.

Generasjonar av nordmenn har nok hatt det på same måte med slanking. Når du går langs godteridisken og ein Grete Roede-aktig figur står og ser ned i handlekorga di. Slukøyra raskar du heller med deg noko stangselleri og eit eple, og håpar at ho blir nøgd.

Denne kjensla har fått eit namn, og sjølvsagt er det svenskane som har gjeve det til oss: Flyskam blei kåra til eit av årets nyord i Sverige i fjor.

Les også

BT20: Noreg har kjøpt ein av dei heftigaste krigsmaskinene i verda. Men korleis skal vi betale for det?

Spørsmålet er: fungerer det?

BT har tidlegare skrive om dei som dagpendlar med fly mellom Bergen og Oslo. Eg tippar at dei aller fleste av desse har kome fram til at det er naudsynt å leve på denne måten. Det er ikkje moro å fly.

Om det derimot er han nittenåringen som droppar å sjå seg om i verda fordi han tenkjer på klimaet, kan det hende at skamkjensla har råka feil person. Problemet er ikkje fyrst og fremst den eine flyturen, men alle dei mange som eigentleg ikkje trengst.

Og diverre er mange av oss vanedyr. Vi vil helst at ting går bra. Det er nok ein av grunnane til at så mange av oss klikkar på saker om at nokon meiner klimaendringane er mindre dramatiske enn forskarane har trudd.

Les også

Fornærma av falafel

På flyplassane blir vi stadig møtt med banner som fortel at vi er på ein «karbonnøytral lufthamn». Det er med på å gje oss godt samvit, sjølv om vi veit at det store problemet aldri var flyplassen, men sjølve flyturen.

Som så ofte før er problemet med også denne debatten at dei viktigaste premissleverandørane sit i Oslo. Det er ingenting gale med landets hovudstad. Absolutt ikkje.

Likevel er det ganske mykje lettare å argumentere for eit flyfritt samfunn om ein bur der den viktigaste arbeidsmarknaden er og der studie- og kulturtilbodet er størst.

Les også

Planeten trenger en superpolitiker

Då er det lett å vere prinsipiell og seie at det beste er å ta nattbussen den eine gongen i livet ein skal til Førde. Om du derimot bur i Sunnfjord, er sjansen stor for at du har har eit ærend i Oslo både no og då. Kan ein krevje at førdianarane skal bruke nesten ti timar på bussen kvar gong dei skal til hovudstaden?

Det er heller ikkje kortbanenettet som står for dei verkeleg store klimagassutsleppa i norsk flytransport. Det er ikkje her skamma bør starte, i alle fall ikkje så lenge vi har gode alternativ.

Dessutan er det ikkje rart vi blir vanedyr. Eg tek ganske mykje nattog mellom Oslo og Bergen. I dag, laurdag, har eg vonleg skrangla inn på jernbanestasjonen her i Bergen. Om natta har vore som vanleg, har eg sove fire-fem timar og vakna oftare enn kva godt er.

Les også

Klimaløysing i Øygarden

I Bergen blir eg jaga ut av toget ein gong mellom sju og halv åtte. Det er visstnok fordi perrongen trengst til andre tog. Du kan jo sjølv stikke nedom ein laurdag i sjudraget på morgonen og speide etter trengselen. Eg trur vi kunne fått sove ein halvtime meir utan at det hadde blitt kaos i togtrafikken.

Billeg er det heller ikkje. For tida ligg ein nattogbillett med sovekupé på rundt 1500 kroner. For den prisen kjem du både att og fram til Oslo med fly, om du berre planlegg litt.

Les også

Mens vi venter på klimakampen

Eg har likevel trua på flyskam. Det er kanskje ikkje nok til å redde klimaet. Men kvar einaste flytur som blir veksla ut med buss, tog eller at folk held seg heime er av det gode.

Og kanskje har flyskamma ei litt trivelegare syster, nemleg den stolte kjensla av å vere ein del av løysinga. Der har vi nordmenn flaks, all den tid vi bur i eit heilt eksepsjonelt fint turland.

Folk som bur utanfor Oslo-området skal ikkje måtte føle skam over eit naudsynt ærend til hovudstaden. Men vi kan godt tenkje over om det finst alternativ til den langhelga i London eller påskeferien i Barcelona.

Det går an å vurdere om fly- og reisereklame burde vore merkt med ei åtvaring. Flybruken må ned, og reklame handlar jo nettopp om å få oss til å reise meir enn vi kanskje hadde tenkt.

Les også

Magnhild (31) vurderer å forbli barnløs: – Bør jeg ha dårlig miljøsamvittighet hvis jeg velger å få et barn?

Eitt konkret (og kanskje mindre drastisk) tiltak er at vi i media kan lage færre saker der vi lokkar med reiser jorda rundt. Vi er jo med på å skape dei draumane du som lesar får. Den danske avisa Politiken er ei av dei som vil lage mindre reiselivsjournalistikk frå eksotiske plassar.

Vi bør framleis kunne reise på langtur no og då, men det er blodraude tal i klimarekneskapen til mange av oss. Opplev gjerne USA ein gong, men kjenn på skamma om det blir årlege veninne-turar til Miami og San Francisco.

Det gjeld særleg dei av oss med god råd og høgt forbruk. Det er ikkje åleinemora som endeleg kan gje ungane ein sydentur som skal kjenne at ho sviktar framtidas generasjonar.

Det går fint an å byte ut kirsebærbløminga i Japan med eplehagane i Hardanger. Om du er lesehest, kan du reise til bokbyen i Fjærland i staden for til New York. Og dei pingvinane i Antarktis?

Vel, eg trur rett og slett vi må setje ned foten der. Det er livsfarleg om ein tur i retning Sørpolen skal bli det nye store for middelklassen verda rundt.

Alternativt kan du sjå «majestetiske Pingrid Aleksandra og nebbete og sære Erna», som Akvariet i Bergen lokkar med.

Skamma tek oss ikkje ut av klimakrisa på eiga hand. Men hittil har vi nordmenn skapt verdas beste samfunn ved å ha moralisme som nasjonalt fellesgods.

Det er ingen grunn til å ikkje halde fast ved det.