Prisane på mat går ikkje ned før Noreg opnar for import

Landbruksminister Sandra Borch (Sp) og næringsminster Jan Christian Vestre (Ap) har hamra laus på dagligvarekjedene dei siste vekene. Det er patetisk, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.

Skyhøg toll på matvarer vernar ikkje berre bøndene, men òg produsentane og daglegvarekjedene.

Publisert: Publisert:

Ein skulle tru vi var eit land av idiotar. Igjen og igjen tek vi den same diskusjonen om dyre norske matvarer.

Kvar gong med ein iver som om det var første gong det vart diskutert. Og det trass i ein total mangel på resultat.

Årsaka er enkel: nær alle som diskuterer, ønskjer at alt blir som før. Bøndene, produsentane, daglegvarekjedene og dei fleste partia.

Alle desse veit at skal prisen på norske matvarer ned mot EU-nivå, må grensene opnast for import av billig mat frå utlandet.

Og sjølv då vil det vere dyrare i Noreg, fordi lønningane er høgare og vi bur meir grisgrendt.

Les hele saken med abonnement