Donald sine verdiar er ikkje våre verdiar

Kva gjer Noreg om Donald Trump vert president i USA?

PRESIDENT? Donald er ingen spøk. Han er tvert imot det største politiske alvor som har gått på to bein så lenge eg har levd, skriv gjestekommentator Bård Vegar Solhjell. REUTERS

Bård Vegar Solhjell
Generalsekretær WWF Verdens naturfond

Det kan vere at vi vaknar opp den 8. november med Donald som president i USA – vår nære allierte i Nato, verdas mektigaste land.

Det ikkje gå slik. Skal tru dei rundt rekna 42.760 USA-ekspertane vi ser ut til å ha her til lands, blir Hillary Clinton vald. Kompetent, stabil og historisk – som første kvinne nokon gong.

Men det kan altså bli Donald (eg vel – som Clinton gjer – å tiltale han med fornamnet sitt, då eg har lese at han ikkje kan fordra det). Skjer det, vil vi få testa oss.

Vi vil få testa om det finst ein slags kjerne i oss, ein kjerne av menneskeverd, menneskerettar og liberale prinsipp som vi ikkje vil diskutere – eller om vi eigentleg er som republikanarane i USA.

Stortingsrepresentant Bård Vegar Solhjell (SV). NTB scanpix

For det republikanske partiet, Donald sitt parti, strauk på testen. Ingen hatar han som dei. Han bryt med verdiane deira, stal nominasjonen frå dei og er i ferd med å øydeleggje partiet deira. Han er respektlaus og ustyrleg. Dei fleste leiande republikanaren ønskjer han dit pepparen gror, til dømes til Mexico, eller helst enno lengre unna. Like fullt har den eine etter andre bite seg i tunga og gjeve han si støtte. Av frykt for å tape sitt eige kongressval, eller å bli skuva ut i kulda, eller å vere sjanselaus i kampen om å bli presidentkandidat i 2020 har dei stilt seg bak han ein etter ein.

Kan ein forstå det? Det går an å forstå motivasjonen og tankesettet. Men ikkje konklusjonen. For vi snakkar om ein autoritær populist utan respekt for det liberale demokratiet med klårt narsissistiske og løgnaktige drag.

Donald er ingen spøk. Han er tvert imot det største politiske alvor som har gått på to bein så lenge eg har levd.

Han er ein fare for USA slik vi kjenner det. Han er ein fare for land som deler idégrunnlag og allianse med USA. På grunn av politikken sin, på grunn av sitt manglande demokratiske sinnelag og på grunn av personlegdomen sin.

Les også

Mathias Fischer: «Ingen erfaring. Bare ego, løgner og populisme. Donald Trump er tidenes minst kvalifiserte presidentkandidat.»

Han er ein populist med nasjonalistiske drag, utan synleg respekt for det liberale demokratiet og rettsstatens grenser. Han har truga med å deportere amerikanske borgarar, født i USA, frå landet. Å nekte muslimar å kome til riket. Han har prisa tidlegare tiders internering av borgarar. Og vil byggje ein mur mot nabolandet Mexico.

Han støttar tortur, og forsvarer å ta livet av ikkje-stridande i krig. Han byggjer ikkje på innvandringsmotstand, men på rasismen som finst mot alle som ikkje er kvite, og eit fiendebilete av omverda.

Han er autoritær med sterk vilje til å bruke makt for å få det som han vil. Han har truga med å trekke tilbake lisensen til CNN, med å knuse avisredaksjonar han mislikar. Han har i fult alvor snakka om å stengje av delar av internett. Knapt ei veke går utan at han set spørjeteikn ved viktige rettstryggleiksgarantiar. Samstundes er han respektlaus og hatefull mot alle typar motstandarar. Ei kvinne med tøffe spørsmål har mensen, politiske motstandarar blir skjelt ut og mobba.

Han er grenselaust sjølvsentrert og løgnaktig i sin omgang med verda, og totalt uføreseieleg som person. Han har endra meining totalt i ei serie spørsmål. Mange av uttalane kjem plutseleg. Han re-tvitrar brått eit Mussolini-sitat, ein pågåande journalist med ei funksjonshemming blir stunt-parodiert under ein tale. Han kallar motstandaren sin «a nasty woman» medan ho snakkar. Samstundes kan han nekte for fortidas dokumenterbare feil, som om dei aldri hadde hendt han.

Det er ikkje særnorsk å diskutere dette, det vert heftig og dagleg diskutert i USA. Ei rekke statsvitarar og kommentatorar omtalar han som autoritær. Det går føre seg ein seriøs debatt om Donald er fascist.

MOTKANDIDAT: Hillary Clinton fra Det demokratiske partiet. NTB Scanpix

Les også

– Rasister vil føle seg tryggere med Trump som president. De vil tenke at de kan gjøre som de vil i gatene

Og kva gjer vi om han blir vald? For sjølv om USA skulle få ein løgnaktig og autoritær populist som president, er det likevel eit avgjerande land for norsk tryggleik og forsvar, og eit nærståande land på ei rekke andre felt. Interessene, verdiane og historia som bind oss til USA er sterke.

Dei aller, aller fleste som arbeider med utanriks- og forsvarspolitikk – stort sett sterke motstandarar av Donald sin politikk – vil (med god grunn) ha i ryggmergen at det nære tilhøvet bør halde fram.

Vi er litt som republikanarane: avhengige av den som vert president, for å sikre vår eigen posisjon. Det enklaste vil då vere å late som ingenting. Markere at dette likar vi ikkje heilt, og så vende tilbake til det normale. Som statsminister Erna Solberg (H) samanfatta det i vår: «Vi skal ikke være overvettes bekymret, for jeg tror at rollen vil gjøre noe».

Men overvettes bekymra er nett det vi bør vere. For der rolla og spelereglane kan setje grenser for ein moderat politikar, har autoritære populistar for vane å endre spelereglane og rolla. Og der rasjonelle politikarar du er djupt usamd med kan dreie verda i gal retning, kan irrasjonelle politikarar du er djupt usamde med dreie verda i livsfarleg retning.

Om fundamentet for norsk atlantisme er verdifellesskapet over havet tilbake til 1945, kva gjer vi når verdiane hos den allierte ikkje lenger er våre? Om det er i vår interesse å vere tett på det stabile og sterke USA, er det i vår interesse å vere tett på det ustabile og utrygge USA?

Det må ikkje bli normalen at Donald Trump er greitt. Aldri. Eg går over til å bruke etternamnet att, for å markere alvoret.

Skulle han vinne onsdag, må den første seriøse debatten på 70 år om korleis tilhøvet til USA skal utvikle seg, starte. Eg har ikkje svaret – men eg veit at det ikkje kan bli «Business as usual».