Møller og bedrag

Store deler av kysten, fjordane og fjellområda våre ligg an til å bli ei industriell slagmark med kontinuerleg during frå 250 meter høge, blinkande lysorgel.

Ingebjørn Bleidvin
Gjestekommentator i BT

STORE PLANAR: – Vindindustrien sine planar får alle norske miljøkampar dei siste åra til å bleikna, skriv gjestekommentator Ingebjørn Bleidvin. Eirik Brekke

Når du går i fjella eller langs kysten av Norge er noko av det mest slåande kor lite me menneske har klart å endra naturen. Sjølv frå byfjella i Bergen, nokre få kilometer frå sentrum, er sivilisasjonen berre nokre små kassar langt der nede. Hevar du blikket, kan du sjå fjellheimen slik menneska her har gjort i uminnelege tider.

Ser du sørover frå byfjella kan du derimot sjå framsida mot horisonten. Vindturbinfeltet på Fitjar, rundt seks mil sørover, er synleg heilt opp hit. På vinterstid og kveldar ser du dei blinkande ljosa på toppen av turbinane.

Slike lysorgel vil det bli fleire av. Veldig, veldig, veldig mange fleire.

Les også

Ordførar: – Vi er blitt overkøyrt

Vindindustrien har vore flinke til å selja seg inn. Slanke, skånsamt plasserte vindturbinar skal bli eit nytt, norsk industrieventyr, samtidig som me reddar verda med grøn kraft. Ikkje noko av dette stemmer.

Vindindustrien sine planar får alle norske miljøkampar dei siste åra til å bleikna. «Monstermastene» i Hardanger blir som eit hagegjerde i samanlikning. Vindturbinane er opptil ti gonger større enn dei omstridde kraftmastene. Pulveriseringa av Engebøfjellet utanfor Førde for å vinna ut rutil blir som eit lite grustak.

Dei nyaste utbyggingsforslaga legg opp til industrifelt med fleire hundre turbinar som er opptil 250 meter høge. Sjølv dei største vassmagasina, sjølv dei største demningane, er ikkje i nærleiken av å dominera landskapet på denne måten. Mil på mil med breie vegar innover i fjellet er nødvendig for å kunna frakta dei enorme rotorblada. I friluftsområde er det heller ingen krav med omsyn til støy.

Les også

Debatt: – Det største planlagde naturinngrepet i Noreg sidan istida ikkje er vurdert å vere ei nasjonal sak.

Utbyggjarane snakkar om turvegar og å gjera fjellet tilgjengeleg. Dei lovar kanskje å dela ut nokre vekslepengar til det lokale idrettslaget. Få nemner det velkjende problemet med at det kan danna seg livsfarlege isklumpar på rotorblada, som så blir kasta langt av garde i stor fart når turbinen snurrar rundt. Både NVE og internasjonale sikkerheitsmyndigheiter tilrår ei sone rundt kvar enkelt turbin på rundt 200 meter. I praksis blir dermed desse naturområda utilgjengelege mykje av året.

Det nye kartet frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) over aktuelle område for vindturbinar burde gjera heile Norge utanfor Indre Austland rasande. Det blir opna opp for at praktisk tala alle fjell- og kystområde i Norge skal peprast med gigantmastene. I oppdragsbrevet frå Olje- og energidepartementet er ikkje ordet «natur» nemnt ein einaste gong. Ein gjennomgang av kartet viser at nesten alle norske nasjonalparkar kan enda opp med eit digert industriområde som næraste nabo. To unntak er Færder nasjonalpark og Ytre Hvaler nasjonalpark, begge ved utløpet av Oslofjorden.

NVE trøystar med at rundt halvparten av områda dei utgreiar skal lukast ut i prosessen. Samtidig seier dei at det òg skal vera mogeleg å få konsesjon utanfor dei utvalde områda, dersom det er gode prosjekt. Dermed er ein like langt.

Les også

Hans K. Mjelva: – Staten undergrev utbygginga av vindkraft i Noreg når dei køyrer over lokaldemokratiet

Utgreiinga er eigna for lite anna enn å setja dollarteikn i augo på økonomisk sveltefôra distriktsordførarar som ikkje har nok sjukeheimsplassar, og brøyta veg for dei tyske pensjonsfonda som vil inn i den trygt subsidierte norske vindmarknaden. Ifølgje NVE er «alle nye vindprosjekter i Norge utan unntak finansiert frå utlandet».

Hadde i det minste norsk, landbasert vindkraft gjort ein forskjell i klimarekneskapen kunne det ha vore ei lita trøyst. Slik er det diverre ikkje.

Les også

Bitter strid om vindkraft i Nordhordland

For å visa kor stussleg klimabidraget er, kan ein ta eit steg tilbake og sjå på dei store tala. NVE har berekna den teoretiske vindkraft-kapasiteten i Norge. Det vil seie kor mykje kraft ein kunne produsert om ein bygde ut absolutt alle stader der det er nok vind, utan omsyn til folk, miljø eller økonomi. Dei kom fram til 440 TWh. EU sitt totale energiforbruk er på rundt 18 000 TWh.

Den faktisk utbyggbare norske vindkrafta er ein fjert i ein storm. Den blir heller ikkje nødvendigvis brukt til å erstatta kolkraftverk i Tyskland. Eit grelt eksempel: Nesten all krafta frå ei foreslått nedbygging av Stølsheimen svarar til det som vil gå med til å laga kryptovaluta i fabrikkane på Dale. Eit av Norges flottaste turområde skal altså øydeleggjast for sikra tyske pensjonar gjennom meiningslaus valutaspekulasjon.

Les også

Morten Myksvoll: Kraftkrevjande spekulasjonsobjekt

Vasskrafta bygde landet, og bygde distrikta. Me gav frå oss fossar og demma ned stølsdalar. I byte fekk me kraft, som igjen gav oss verdsleiande industri, arbeidsplassar og velferd. Dette haustar Norge goda av framleis.

Smelteverka i Odda og Tyssedal er kanskje ikkje så kule. Dei kjem neppe på framsida av stortingsmeldingar om innovasjon og utvikling. Men hundre år etter oppstarten er dei høgteknologiske industribedrifter med fleire hundre tilsette. Dei produserer avansert metall av høg kvalitet, som ironisk nok er heilt sentrale for å bygga både vindturbinar og elbilar.

Ingenting liknande er i sikte når det gjeld vindkraft. Det meste dreier seg om å selja straum ut av landet. Vindkrafta er rein u-lands-politikk. Me sprengjer bort landet for å eksportera ei statssubsidiert, billeg råvare til Europa.