Ferierasisme

Eg ville ikkje reist på ferie til ei lita, gresk øy om eg visste det var flyktningleir der.

FOR SEINT: Selfiar med dei innfødde er blitt mangelvare. Innflyttarar og innvandrarar har invadert eksotiske turistmål. Foto: Shutterstock / NTB Scanpix / BT

  • Asbjørn Kristoffersen
Publisert:

I ferien ville eg ha fri frå innflyttarar og innvandrarar. Eg ville ha ekte innfødde, ekte tradisjonar, heimelaga, handlaga, eksotisk særpreg.

Slik det skulle ha vore.

Gresk øy. Kvitkalka hus, blågrøne vindaugskarmar, svartkledde, gamle kvinner på kaien.

Fjordbotn i Sogn. Epletre i hagen, båt i støa, budeier syng sognamaol som gjev attlyd i bratthenga.

Italiensk middelalderby, som gjekk i frø på 1500-talet. Fire italienarar på éin Vespa.

Det skulle vera typisk sunnfjordsk i Sunnfjord. Typisk gresk i Hellas. Typisk tysk i Tyskland. På ferie ville eg kjenna lusa på gangen.

No er det for seint. Alle indianarstammar i Amazonas’ indre har fått sine sosialantropologar. Halve verda er på nett. To milliardar er på Facebook. Mobiltelefon er los og lykte for vår fot. Turisme er verdas største og raskast veksande industri. Innflyttarar og innvandrarar over alt. Typisk Syden i Flåm. Ferierasisme er fåfengt.

Dei første tiåra etter krigen fekk ingen kjøpa hustomt om dei ikkje var i slekt med eller inngift med nokon som var i slekt med urinnbyggjarane heime på Misje. Den gongen ville Misje vore eit ideelt feriemål for meg, om eg hadde vakse opp i Blomsterdalen og visst det eg no veit. No er det innflyttarar og innvandrarar over alt, der òg.

På hytta i Berlin veit gamle frau Zahn i første etasje alt om alle i bakgarden. Ho deklamerer lange dikt og scener frå klassiske teaterstykke utanåt.

Mange tyskarar meiner det ikkje finst noko slikt som tysk kultur. Bortsett frå felles språk, kanskje, om enn i mange artar og avartar. Slik mange nordmenn meiner det ikkje finst nokon spesifikk norsk kultur, ikkje ein gong eit felles språk. Importert alt i hop, minus binders og brunost og Sylvi Listhaug for vårt vedkomande.

Tyskarar som meiner at det ikkje finst nokon tysk kultur, kan vera sikre på at det finst ein typisk tysk ukultur. Plenti typisk tysk ukultur. Numero uno. Nett som typiske nordmenn kan meina at Noreg er ein leiande ukulturnasjon i Nord-Europa.

Men frau Zahn kunne ikkje vera norsk. Frau Zahn er budeia mi på Vikafjell og indianarstammen min i Amazonas og typisk tyskkulturell.

Berre innvandrarar har kultur. Det sa Mona Sahlin, som ein gong var statsministerkandidat for sosialdemokratane i Sverige. Når innvandrarar blir svenskar og nordmenn og tyskarar, risikerer dei å sitja att berre med ukulturen, dei òg. Multikultur gjer oss stadig likare. Frau Zahn i Berlin og budeiene på Vikafjell og indianarstammar i Amazonas er ikkje-fornybare ressursar.

Utan innflyttarplaga og innvandrarplaga blir det berre turistplaga att. Turistar i kø etter ekte innfødde og ekte særpreg og heimespøta tradisjonar og kortreist mat. Turistar i kø over alt. Turistar som går i vegen for fastbuande og skaper støy og boss og utrivnad. Hyttefolk som trengjer fastbuande ut av hus og heim. Frau Zahn likar meg, men det store fleirtalet av fastbuande i Berlin mislikar sterkt slike som meg. Eg er ikkje tysk, eg er stril. Eg er ikkje innflyttar eller innvandrar. Eg betaler ikkje tysk skatt. Eg er uønskt.

Når tanta di har vore i Nord-Korea før du har tenkt tanken å reisa dit, når Bondekvinnelaget i Smålenene har sendt selfiar heim frå fellesutflukt i Tibet, der du aldri har vore, når du får kjøpt café au lait i ein liten by i Iran, spørst det om det er nokon vits i å reisa dit. Ein gong var det eit privilegium for store, kvite mann å vera turist. No kjem turistar frå alle verdshjørne til Europa. Kinesarar trakkar ned Bryggen, brasilianarar trakkar ned Trolltunga.

Når alle storbyar liknar på kvarandre, når det finst kaffistover og klubbar i nedlagde fabrikkar med mursteinveggar og jarnrister til å gå på og kjønnsnøytrale do med blått lys i alle storbyar, spørst det om du ikkje like gjerne kunne halde deg på Misje, og spart verda for litt av klimagassane dine.

Men så lenge eg har frau Zahn, kjem eg til å feriera i Berlin.