Kampen for Vestlandet

Medan småkongane på Vestlandet heignar om si tue, byggjer næringslivet landsdelen nedanfrå.

EKSPORTLAND: Noreg er avhengig av at Vestlandet lykkast. Det er Vestlandets sterkaste kort i kampen for framtida, òg den politiske kampen, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Vegar Valde

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

Nye næringar og nye interessante jobbar spring som oftast ut av det gamle. Det er Vestlandets store fordel. Over ein tredel av all norsk industri held til langs kysten frå Rogaland til Møre og Romsdal. Nær halvparten av all norsk eksport kjem herfrå.

Difor er Noreg avhengig av at Vestlandet lykkast. Det er Vestlandets sterkaste kort i kampen for framtida, òg den politiske kampen.

I ei ny perspektivmelding for Vestlandet, som vart presentert på Vestlandskonferansen i Grieghallen tysdag, blir denne kampen illustrert i eit interessant døme: Utdanning.

Konsulentane bak rapporten tek til orde for å endre utdanningssystemet i tysk retning, der utdanning blir kombinert med jobb og opplæring i bedrifter. Det finst allereie ein norsk modell for vidaregåande skular, Tekniske og allmenne fag (TAF), som har vore ein stor suksess.

Konsulentane meiner denne tankegangen må takast vidare inn i høgare utdanning. Det er førebels upløgd mark, med einskilde unntak, som legar, som vekslar mellom utdanning og praksis.

Ideen kan fungere i resten av landet òg, men næringsstrukturen gjer at det er ekstra viktig å få til på Vestlandet. Ikkje minst fordi det kan knyte ungdommen til næringslivet i vest, og dermed bremse hjerneflukta til hovudstadsområdet.

Då meldinga var tema i Grieghallen fekk ideen støtte frå digitaliseringsminister Nikolai Astrup (H) og Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Slike reformer vil likevel møte motstand, spesielt når det gjeld næringslivets innverknad på forsking og undervisning på Universiteta. Det kan ta for lang tid. Difor er det politikarar og næringsliv på Vestlandet som må kjempe dette gjennom.

For å få det til, må dei stå saman. Og det er poenget, også meir generelt: Vestlandet må stå saman, legge vekk småleg frykt og hovmod, tenkje heile regionen under eitt. Og til dømes prioritere vegar som er viktig for regionutvikling, næringstrafikk og pendlarar, som ein raskast mogeleg, helst ferjefri, E39.

To ting gjer at det no hastar: Auka kamp om arbeidskraft og klimaendringane.

Dei neste tiåra vil næringslivet på Vestlandet stå framfor ei svært krevjande omstilling. Klimaendringane vil utfordre oljeindustrien, som svært mange jobbar i vest er direkte eller indirekte avhengige av. Mange må med andre ord finne på noko anna.

Skal Vestlandet lykkast i denne omstillinga, og ingenting tilseier at ikkje det skal gå, treng ein alle flinke folk ein kan få. I dag flyttar det langt fleire unge, mellom 20 og 29 år, ut av landsdelen enn inn. I 2017 forsvann nesten 3000, medan Oslo hadde ei netto tilflytting på 6647.

Til no har mange bedrifter på Vestlandet, spesielt i distrikta, blitt redda av arbeidsinnvandring. Frå 2002 til 2017 hadde Vestlandet ei netto innvandring på nær 140.000 menneskje.

Men det er uvisst kor lenge dette kan halde fram. Mange land i Aust-Europa byrjar å få mangel på arbeidskraft, og lønningane veks kraftig. Spesielt gjeld det høgt kvalifisert arbeidskraft, inkludert fagarbeidarar.

Så det å sørgje for at ungdom i vest får seg ei god utdanning, og ein interessant nok jobb til at dei blir, er noko av det viktigaste å få til i tiåra framover.

Møtestader som Vestlandskonferansen er vel og bra. Skal Vestlandet bli ei kraft å rekne med i den nasjonale politikken, må det likevel sterkare lut til. Samarbeidet må formaliserast.

Konferansen viser at dette allereie skjer i næringslivet, i alt frå velferdsteknologi til havteknologi. Det er viktig, men i kampen om politiske prioriteringar hadde det definitivt vore ein styrke om dei fire fylka hadde slått seg saman til ein region.

For utan at politikarar og næringsliv står saman, vil Vestlandet tape mot hovudstadsregionen i kampen om pengar og folk. Det vil òg hovudstaden tape på. Nokon må berre seie det til dei.

For ordens skuld: Bergens Tidende er medarrangør av Vestlandskonferansen.