Til «døden» skil oss
Om det skrøpelege ekteskapet, politikaranes harde kampar for å berge det, og ei bok som plasserer alt i eit historisk lys.


OG SÅ HAR DU HISTORIA om Frp som brukte skattebetalarane sine pengar for å berge ekteskapet til folka sine. Den statssubsidierte reisekassen for ektefellar var rein familiepolitikk, hevda Siv Jensen. Dessutan hadde dei alle jobba så hardt og fortente det.
Haven't we all, liksom?
Og så har du Bondevik-regjeringa som sette av 31 millionar kroner til gratis samlivskurs for alle. (Forslag til nytt slagord for Frp: «Heller cruise enn kurs»)
Og så har du den raud-grøne regjeringa som vil satse på andre ting enn kurs. Denne veka kjem revidert nasjonalbudsjett med samlivsfasiten for denne gongen, noko som har uroa familiepolitikarane i KrF så sterkt at dei har bedt Karita Bekkemellem «ta kjærligheten på alvor».
POLITIKARANE LIKAR IKKJE statistikkane. I fjor var det 22.400 par her til lands som lova kvarandre å halde ut i gode og vonde dagar. Same år fann 11.000 par at dei ikkje meinte det likevel og sa takk for seg. 12.800 par tok ut separasjon for ein tenkepause. Statistikkane har ført til tunge spekulasjonar om at vi lever i ei umoralens tid med spor av egoisme og dårleg motstandskraft.
I vår kom den amerikanske historikaren Stephanie Coontz si bok «I gode og onde dager — ekteskapets historie» ut på norsk og set det heile på plass.
Coontz innrømmer innleiingsvis at målet hennar var å tilbakevise at det nokon gong har eksistert ein gullalder for ekteskapet. Alt romarane klaga over høge skilsmissetal.
Etter kvart som ho byrja å forska på emnet gjekk det opp for henne at dagens ekteskap og organisering av singeltilvære manglar historiske forløparar. Ikkje når det gjeld skikk og bruk, men når det gjeld ekteskapets plass i samfunnet og tilhøvet mellom ektefellane. Mest over alt i verda er det store bekymringar for at ekteskapet er i krise. Folk si forståing av kva dette «ekteskapet» er, varierer likevel sterkt frå stad til stad.
DET PÅFØLGJANDE er difor meint å lage ekstra forvirring for dei styrande makter med ønske om å ta kjærleiken på alvor:
I USA uroar politikarane seg over alle borna som er fødde utanfor ekteskapet. I Tyskland og Japan er politikarane derimot opptekne av å auka talet på fødslar uavhengig av familieform. Medan USA oppmodar ungdommen til totalavhald, er japanske styresmakter bekymra over dårleg omsetjing ved dei timebaserte «kjærleikshotella».
FN innleia 2000-talet med kampanje for å heve giftemålsalderen i Afghanistan, India og Afrika, medan regjeringa i Singapore lanserte ein kampanje for å få folk til å gifte seg tidlegare. I Spania engstar ein seg over at femti prosent av alle jenter mellom 25 og 29 er single. Tsjekkarane er derimot glade for alle einslege, dei er med på å trekkje skilsmissestatistikken ned.
I Saudi-Arabia skuldar regjeringa kvinnene sine familiar for å ta for høg medgift og dermed svekke ekteskapet. I Italia får den aukande delen av mammadaltar (menn) som bur heime til langt over gifteferdig alder skulda for krisa. I Japan seier mange kvinner at dei unngår ekteskapet fordi det ikkje er likestiling mellom kjønna. I Noreg, kan ein leggje til, skuldar Fremskrittspartiets familiepolitiske talsmann Ulf Erik Knudsen skilsmissestatistikken og ungdomskriminalitet på at kvinner arbeider i staden for å vere heime.
HAN TAR FEIL, ifølgje Coontz.Mangel på likestilling mellom partane fører derimot til skilsmisse. Det vi har felles verda over erat ekteskapet blir meir og meir valfritt. Forholdet mellom menn og kvinner har endra seg drastisk og vil vere vanskeleg å reversere. Ikkje minst: Vi har byrja å gifta oss av den vinglete kjensla kjærleik. Det har også gjort det til ei politisk utfordring å argumentere mot kjønnsnøytral ekteskapslov - eller bigami. I Sverige rasar no den debatten.
Kjærleiksfokuset er heilt nytt og gjer det moderne ekteskapet til eit gigantisk historisk eksperiment. Paret skal vere ein administrativ heilskap på dagtid. Når natta kjem skal ein vere elskarar. Det er kanskje ikkje underleg det skjer seg.
Ekteskapet kan aldri igjen bli den viktigaste kjelda til forplikting og omsorg i den moderne verda, meiner Coontz.
Nokre håpar framleis.
SIST HELG GIFTA Karl Erik Harr (66) seg for fjerde gong. «Denne gangen går det bra! Jeg garanterer», rapporterte han til VG, Stein Erik Hagen og Mille Marie Treschow. Jahn Otto Johansen med kone, Vidar Lønn-Arnesen og Per Ung. Etterpå rusla det tilårskomne brurefølgjet dei 250 metrane bort til festlokale i nyslått gras og til bruretonar frå ein fiolin.
Det heile fekk ifølgje avisa «amorøsiteten til å blomstre i flere enn brudeparet».