Olja er den nye olja

Kva skal Frp leve av etter innvandring? Svaret er kanskje olje.

Jens Kihl
Kommentator

GOD STEMNING: Dette er den nye leiartrioen i Frp. Her er 1. nestleiar og eldreminister Sylvi Listhaug, 2. nestleiar og Os-ordførar Terje Søviknes og partileiar og finansminister Siv Jensen i salen fredag. SCANPIX

Fredag heldt Siv Jensen sin trettande landsmøtetale. Om det var éi sak landsmøtet verkeleg jubla for, så var det for oljearbeidarane.

Siv Jensen hadde ikkje ny politikk eller nye regjeringsgjennomslag å kome med. Det treng ho då heller ikkje i denne saka.

For Ap-vedtaket om å lukke havrommet ved Lofoten, Vesterålen og Senja for oljeleiting opnar eit etterlengta veljarrom for Frp.

Siv Jensen kunne hauste latter ved å minne om at Ap-leiar Jonas Gahr Støre nyleg har vore i Lofoten og sett på kva dei kan leve av der i staden: Mangemillionæren frå Oslo Vest fann seg noko trøffeltang å gomle på.

Les også

Her ønskes han velkomen tilbake i Frp-ledelsen

Oljepolitikk er ikkje ei av Framstegspartiets valkampsaker i år. Det er ikkje så rart: Det er heldigvis ikkje kommunar og fylke som deler ut løyve til oljeleiting.

Men alle landsmøte har sin eigen, indre logikk. Noko skjer når to-tre hundre delegatar sit inne i ein sal utan dagslys ei heil helg. Ein av dei tinga er at det ofte utkrystalliserer seg ei sak «alle» tek med i sitt innlegg for å hauste applaus.

På Gardermoen denne helga var det olje som blei den store applausvinnaren.

Les også

– Å bli kvotert kan være litt nedverdigende

Saka er eigentleg perfekt for Frp. På Vestlandet er mange skuffa over partiet på mange område. Nærpolitireforma blir av mange oppfatta som ein fiasko. Innvandringssaka ser ikkje ut til å appellere. Og så er det ei lita sak til, då:

«Jeg kan garantere at det blir bompengefritt over hele landet», sa dåverande samferdselspolitisk talsperson Bård Hoksrud til Nettavisen i 2013.

Vel, etter at desse orda fall har Noreg sett nokre eventyrlege bompengerekordar. I år skal vi betale 13 milliardar kroner. Det einaste partileiar Siv Jensen i helga hadde å kome med var eit vagt løfte om å kutte 200 millionar i bompengerekninga i år. I tillegg kom det ein forsterka bompengepolitikk.

I oljepolitikken har Frp truverde som eit konsekvent parti. Nyvalt Frp-nestleiar Terje Søviknes stiller på topp for Vestland Frp til hausten. Han vil bli hugsa som ein av tidenes mest entusiastiske olje- og energiministrar.

Les også

75 nye bomstasjoner med Frp i regjering. Bompenger har gått fra vinnersak til hodepine for Frp.

«Arbeidarpartiets landsmøte svikta oljearbeidarane og fall dei i ryggen», sa han frå talarstolen fredag.

Kritikarane vil kunne innvende at det Noreg verkeleg treng, er rask omstilling i petroleumsnæringa. Av omsyn til klimaet, sjølvsagt, men også fordi etterspørselen etter olje er fallande og fordi oljefelta ein dag vil vere tomme.

Men det bit ikkje på Frp-arane. Erna Solberg og Jonas Gahr Støre snakkar om at dei forstår dei klimastreikande elevane, rett nok utan å lytte til krava deira.

I Frp er tonen ein annan. Fpu-leiar Bjørn Kristian Svendsrud kalla elevstreiken «skulk». Christian Tybring-Gjedde oppmoda søndag fleire om å vere klimaskeptikarar og fekk ein plass i sentralstyret som takk.

Andre vil kanskje seie at Lofoten-vedtaket til Ap ikkje har stort å seie i praksis. Sokkelen utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja vil aldri bli opna for oljeleiting uansett. Dette veit Frp-arane òg.

Les også

Jens Kihl: Det aller sterkaste kortet

Men ord har noko å seie i politikken. Petroleumsnæringa har vore van til at Ap stort sett alltid har sagt ja når næringa har bede om noko. No får dei nei. Det gjer noko med forholdet mellom parti og næring.

Måndag samlar Fellesforbundets mektige Avdeling 5 sine folk til møte om framtidas olje- og gassnæring. Til møtet i Bergen kjem både Ap-leiar Jonas Gahr Støre og Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum.

Det spørst om oljeentusiasme er nok til å snu veljarstraumen i dette lokalvalet. Men posisjonen som oljeparti ligg ledig, og fram mot neste stortingsval skal det bli spanande å sjå om Frp greier å kapre denne plassen.

Frp har greidd å mobilisere hos LO-medlemer i privat sektor før, og kan greie det igjen.

Og det er jo på eit vis noko litt frigjerande med at det framleis finst eit parti i Noreg der det går an å rope «drill, baby, drill» frå talarstolen og få applaus.