Hysterisk vindkraftmotstand

Når folk ikkje toler å sjå vindturbinar som er fleire kilometer unna, er motstanden blitt latterleg.

RESSURS: Noreg har nokre av Europas beste vindressursar. Dette er ein ressurs vi bør utnytte, både av omsynet til klimaet og verdiskaping, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Tor Høvik

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

Då eg las om folket i Florø som reagerte på at dei ville sjå vindturbinar med blinkande lys oppe på Guleslettene vindkraftverk, tenkte eg at det var då svært så kjenslevare folk var blitt.

Her bur du i ein by full av hus, gatelys og andre spor etter menneskeleg aktivitet, og så blir då så provosert av nokre vindturbinar du ikkje kan høyre, berre sjå? Eg forstod mange av dei andre argumenta mot prosjektet, men ikkje dette.

Motstanden mot vindturbinar, eller vindmøller om du vil, er i ferd med å gå ut av alle proporsjonar. Visst finst det gode argument mot vindkraftverk. Urørt natur har vi ikkje for mykje av i Sør-Noreg. Det er verdt å ta vare på. Både støy, vegar og andre inngrep tilseier at urørte friluftsområde bør vernast mot turbinane.

Men når enkelte meiner det òg betyr at denne naturen blir øydelagt om ein ser vindturbinar mange kilometer unna, fell eg av lasset. Folk som blir provosert av å sjå dei kvite turbinane på Fitjar frå byfjella i Bergen, til dømes.

Les også

NVE: – Disse områdene er egnet for vindkraftverk

Då NVE måndag la fram ein rammeplan for vindkraftutbygging, avfødde det eit ras av protestar. Nokre av dei mest ortodokse motstandarane held til i Hordaland.

Naturvernforbundet Hordaland meiner det ikkje bør byggjast vindturbinar i fylket i det heile, medan det er uvisst om noko område finn nåde for Bergen Turlag.

Liknande reaksjonar finn ein frå naturverninteresser elles i landet, i dei områda som er igjen etter at NVE har redusert 43 «analyseområde» til 13 mogelege utbyggingsområde.

Det er kanskje slik det må vere, at naturvernarane må slåst blindt for naturen, for å vege opp for utbyggjarar og andre som dreg den andre retninga. Og så hamnar det heile ein stad midt imellom.

For eg tek for gjeve at naturvernarar òg er opptatt av å sikre Noreg og Europa nok fornybar kraft til å erstatte fossil energi. Det er enorme mengder som trengst, og det trengst raskt.

Noreg har nokre av Europas beste vindressursar. Dette er ein ressurs vi bør utnytte, både av omsynet til klimaet og verdiskaping.

Naturvernaranes beste kort er at kostnadene til havvind fell svært raskt. Ifølgje ein fersk rapport frå BloombergNEF fall kostnadene for botnfast havvind med 24 prosent i fjor åleine.

Vindturbinar til havs er langt mindre kontroversielle, sjølv om enkelte felt vil kunne kome konflikt med fiskeriinteresser. På pressekonferansen måndag sa olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg at regjeringa arbeider med å opne eitt eller to vindkraftfelt til havs.

Det andre kortet til naturvernarane er at NVE allereie har gjeve konsesjon til rundt 100 vindkraftanlegg. Blir alle bygde ut vil det kunne gje 23 TWh med vindkraft, mot 3,9 TWh ved utgangen av 2018. På måndagens pressekonferanse gjorde NVE det klart at dei ikkje vil trekkje tilbake desse konsesjonane.

NVEs nye sjef Kjetil Lund seier sjølv i ein kronikk i Dagens Næringsliv, at dei mange konsesjonane er «isolert sett et argument for et roligere utbyggingstempo fremover».

Les også

Hans K. Mjelva: Det går ei leidning mellom deg og EU

Ifølgje ein ny rapport frå Statnett treng Noreg 30–50 TWh for å erstatte dagens fossile energibruk med elektrisitet. Skal utsleppa totalt sett gå i null, må ein i tillegg ha 40 TWh til å produsere hydrogen.

På sikt vil mykje av dette kunne kome frå vindturbinar til havs. Difor er det rett å vere forsiktig med å byggje ned viktige naturområde på land.

Men det er jo eitt av poenga med den nye rammeplanen, som no skal ut på høyring. Den markerer slutten på ein villvestperiode for vindkraftutbygging, der ein som på Fosen har kome på kant med grunnleggjande friluft- og næringsinteresser.

Utgreiinga frå NVE står fram som svært grundig, der omsyn til natur og verneinteresser er sett opp mot omsynet til verdiskaping og trongen for fornybar energi. Og grundigare blir det ved at planen no skal ut på høyring.

Regjeringa må så vege dei ulike omsyna mot kvarandre, og teikne det endelege kartet. Det vil og bør munne ut i fleire nye vindkraftanlegg.

Vind er ei fantastisk kjelde til fornybar energi vi skal vere glade for. Vindkraft er ei viktig del av løysinga på vår tids mest krevjande utfordring, klimakrisa.

Så får det heller vere at dei kvite, roterande blada på vindturbinane eggjar verdas Don Quijotar til strid. For min del er turbinane eit teikn på menneskeleg skaparkraft, fornuft og framtidshåp.

Nylig inviterte BT til debatt om vindkraft. Du kan høre hele debatten i BTs nye lydapp, BT Lytt. Hvis du ikke har appen på telefonen din ennå, kan du laste den ned i AppStore eller Google Play. Appen er gratis å laste ned.

Hør vindkraft-debatten her: iPhone | Google/Android