Det finst ingen heltar

Litteraturfestivalen i Bergen vel å hylle ein mann som styrkte Erdoğan gjennom falske kuppskuldingar. Er det rett?

INGEN HELT: Ahmet Altan publiserte falske skuldingar som førte til at hundrevis vart sendt i fengsel. No er han sjølv fengsla av styresmaktene. – Altan fortener ikkje å sitje fengsla – men han fortener heller ikkje heltestatus, skriv Morten Myksvoll. Heiko Junge, NTB Scanpix (Arkiv)

«Eg får aldri sjå verda igjen», heiter boka til tyrkiske Ahmet Altan. Han sit fengsla, skulda for å ha deltatt i kuppforsøket i 2016. I realiteten er han ein opposisjonell figur. Ein forfattar, ein journalist.

Altan fortener ikkje å sitje i fengsel – men han fortener heller ikkje heltestatus.

Mange før han kunne brukt den same boktittelen, men då ville Altan vore ein av skurkane. Altan var nemleg involvert i det store kuppoppgjeret som starta i 2010. Hundrevis av yrkesmilitære vart fengsla, dømt til fleire tiår bak murane. Tre av dei fekk livstidsstraff.

Les også

Rydder scenen for fengslet forfatter

Boka til Altan har fått strålande kritikkar. Ser ein vekk frå bakgrunnen hans, er det lett å forstå kvifor. Altan skriv engasjerande, og det er umogeleg ikkje å bli rive med i forteljinga hans. Boka tar opp angivarkulturen som spreidde seg etter kuppkvelden i juli 2016, og korleis oppgjeret råka mange som ikkje var involvert i det heile.

Altan fortel om eit kull med kadettar som hadde blitt fengsla fordi éin soldat fekk eit behov for å angi nokon. Framtida var tatt frå dei.

Sjølv var Altan «eit lik, pressa inn i eit daudt liv». Utan framtid han òg. Han held fram:

«Som alle andre forfattarar ønskjer også eg både å gløyme og å hugse.»

Det er hans privilegium å gløyme. Men det er umogeleg å lese det han skriv utan å ta omsyn til fortida.

I Aftenbladet samanliknar Sven Egil Omdal han med Nelson Mandela. I Dagbladet skildrar Fredrik Wandrup han som ein «fritalande avisspaltist». Det er skildringar som er frikopla frå fortida.

Bergen internasjonale litteraturfestival henger seg på, og skildrar han berre som opposisjonell. På fredag arrangerer dei ein samtale om Altan og boka hans.

Les også

Morten Myksvoll: Kuppoppgjeret i Tyrkia er ute av kontroll

Altan var redaktør for den påståtte liberale avisa Taraf. Den amerikanske radiokanalen NPR omtala avisa som eit talerøyr for styresmaktene – altså Erdoğans regjering.

I januar 2010 trykte Taraf påstanden om at militæret ville bombe ein moské i Istanbul, samt at dei planla å styrte eit tyrkisk jagarfly og leggje skulda på Hellas. Situasjonen skulle bli så ustabil at hæren kunne gripe inn mot Erdoğan og hans regjering, slik militæret har gjort mot fleire regjeringar før.

Det var berre eitt problem: skuldingane var falske.

KUPP: Recep Tayyip Erdoğan i ei gravferd kort tid etter kuppforsøket i 2016. Han var statsminister på dette tidspunktet, men er no president i Tyrkia. Emrah Gurel, TT NYHETSBYRÅN (Arkiv)

Altan skuldar styresmaktene i Tyrkia for å ha dikta opp skuldingane mot han. Det kan han ha rett i. Han held likevel fast på historia han trykte i Taraf, trass i at den beviseleg ikkje er sann. Ekspertar har funne ut at sentrale bevis vart manipulerte for å sjå ut som dei var frå 2003.

Likevel inneheld dokumenta skrifttypar som ikkje vart laga før i 2006 – tre år seinare. Militæret skulle ifølgje skuldingane samarbeide med ein nasjonalistisk organisasjon som heller ikkje vart oppretta før i 2006. Det viktigaste beviset var eit brev skriven av general Doğan, som var den påståtte hjernen bak kupplanane.

Det brevet skildra òg hendingar som skjedde fleire år etter at dokumentet skal ha blitt skrive. Talet på slike døme er nærast endelause.

Alt dette er informasjon Altan og avisa hans kunne funne ut av dersom dei dreiv journalistikk om avsløringane. Det gjorde ikkje avisa.

Dei publiserte berre skuldingane, som eit talerøyr.

KUPPFORSØK: Ein mann ligg framfor ei stridsvogn natt til 16. juli 2016, då delar av det tyrkiske militæret forsøkte å ta makta i landet. Ismail Coskun, TT NYHETSBYRÅN (Arkiv)

Det etterfølgjande rettsoppgjeret bana vegen for ei massiv utreinsking av Erdoğan-kritiske røyster i statsapparatet. Erdoğans fremste frykt frå dag éin var at militæret skulle kaste han ut av regjeringskontora.

Det har dei òg forsøkt på. I løpet av eitt tiår opplevde Tyrkia to reelle kuppforsøk og to oppdikta. Altans skuldingar var eitt av dei falske, der formålet var å fjerne den eldre garden i militæret. Dei vart nemleg sett på som ein trugsel mot Erdoğan.

Dei falske skuldingane gjorde at Erdoğan kunne stramme grepet endå meir. Konsekvensane av desse to oppgjera var det som kulminerte i ei reell og blodig konflikt.

Mange av dei som rykte inn i viktige posisjonar etter dei to oppgjera var nemleg lojale til den tyrkiske imamen Fethullah Gülen – som er skulda for å stå bak kuppforsøket i 2016, der fleire hundre vart drepen.

Etter at forholdet mellom Erdoğans parti og Gülen-rørsla braut saman i 2013, endra tilhøva seg for dei som vart arresterte i 2010. I 2015 vart alle ofra for dei falske skuldingane frikjent. Dei er i dag ute av fengselet.

Det kan gi Altan håp om at tidene kan forandre seg – sånn at han kan få sjå verda igjen.