Før oss ut av regjering, og frels oss frå kompromiss

Trugsmåla om å kaste Listhaug kjem som manna frå himmelen for den delen av Frp som helst vil ut av regjering.

Publisert Publisert

ÅLEINE: Noko av det mest sentrale i Frp-doktrina er åleinegong, skriv Morten Myksvoll. Det skal vere «Frp mot røkla», helst så ofte som mogeleg. Foto: Gorm Kallestad, NTB Scanpix

  1. Leserne mener

I Høgre og Arbeidarpartiet er det å gå i regjering heile eksistensgrunnlaget. Dei stiller til val for å vinne, og for å styre landet. Slik er det ikkje i Framstegspartiet.

Terskelen for å gå i regjering var høg. Det var mange som var skeptiske til å ta regjeringsmakt. Viss det vert oppfatta på grasrota at Frp lar seg herse med for å bli i regjering, kan presset for å gå ut bli stort.

Les også

Derfor kan mistillitsforslaget mot Listhaug felle hele regjeringen

Frp har lukkast i regjering. Det første forsøket deira på attval gjekk ganske bra, med berre ein liten tilbakegang. Partiet har fått ein del gjennomslag, og får mykje merksemd ut av statsrådane sine. Partiet har lukkast i å markere seg som enkeltparti, trass i regjeringssamarbeidet.

Andre parti har klaga på at det er for stor forskjell mellom regjerings-Frp og stortings-Frp, og at partiet dobbeltkommuniserer. Ser ein saka frå Frps perspektiv, har dette vore ei suksessoppskrift.

Ingen andre parti kunne tenkt tanken om å gå ut av regjering i denne situasjonen. Men Frp er i ein evig dragkamp mellom dei som vil regjere og dei som vil raljere.

Les også

Frps stortingsgruppe innkaller til krisemøte mandag

Det Framstegspartiet eg var medlem av i tolv år, var langt meir fleirdimensjonalt enn det partiet likar å gje inntrykk av i media. No kan det av og til verke som om det er eit parti som utelukkande handlar om innvandring.

Slik er det ikkje. Frp har partiinterne skiljeliner, og ei grov inndeling er som følgjer: Frp har pragmatiske, prinsipielle og populistiske fløyer.

Dei pragmatiske har tatt Frp inn i regjering. Siv Jensen og Ketil Solvik-Olsen leiar an i blokka av partimedlemmer som ønskjer å få politikk vedtatt, sjølv om det inneber kompromiss og kamelsluking.

Dei prinsipielle har historisk sett vore knytt til ungdomspartiet FpU. I mi tid gjekk FpU inn for fri innvandring, trass i moderpartiets strenge line. Det var eit ungdomsparti prega av grunnsetningane i Frps prinsipp: Mindre stat, lågare skatt, meir fridom.

I dag, og frå utsida, er det vanskeleg å få auge på denne blokka. Det verkar som om ungdomspartiet no er i den neste kategorien.

Les også

BTs leder: Rollemodellen Sylvi Listhaug

Der finn me populistane. Dei har ikkje ønskt makt, men oppslutning. Det er her ein finn dei som er mest opptatt av at Frp-politikarar må snakke «rett frå levra» og kalle ein spade for ein spade.

Populistane er meir bokstavtru i si lesing av partiprogrammet enn det dei prinsipielle er. Fram til 2015 hadde Per Sandberg kontrollert denne fløya i nesten ti år.

Det er her Sylvi Listhaug regjerer no.

BLOMAR: Sylvi Listhaug (Frp) er svært populær, og kontoret vert fylt opp med blomar frå støttespelarane hennar. Foto: Heiko Junge, NTB Scanpix

Sylvi Listhaug omdefinerer populistkategorien. Ho har alltid har vore i maktposisjon, men klarer samtidig å opptre som ein opposisjonell. Hennar jag etter å markere avstand til Arbeidarpartiet i 2016, stod i vegen for regjeringa sitt ønskje om eit breitt forlik.

Viss Frp skal halde fram med å vere eit regjeringsparti, er meir maktsøkjande populistar vegen å gå. Men det kan tære endå meir på samarbeidsklimaet, slik at resultatet fort kan bli at partiet vert ståande åleine igjen.

Listhaug personifiserer noko av det mest sentrale i Frp-doktrina. Det skal vere «Frp mot røkla», helst så ofte som mogeleg.

For eit politisk parti er det ei naturlov at ein må skilje seg frå dei andre. Men i Frp har det vore dei som meiner at partiet har trått feil viss ein får med seg andre parti på forslaga sine.

Det er klart at det er vanskeleg å halde eit slikt parti i regjering.

Publisert